Alternative transportformar

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Transport

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

For mange bygg gir transport til og frå bygget i driftsfasen meir klimagassutslepp enn utsleppa frå materialbruk frå oppføringa og energi i drift til saman. Det er viktig å greie ut om transportbehovet til og frå bygget uavhengig av kor bygget ligg.

Miljøomsyn er ein hovuddrivar for ny teknologi. Elektrifisering av køyretøy og syklar er det mest nærliggjande dømet, sjølvkøyrande køyretøy er eit anna. På lengre sikt vil kanskje dronar kunne spele ei rolle.

Argument

Siktemålet med kriteriet er å leggje til rette for miljøvenleg, sikker og rasjonell transport til og frå bygget. Transportteknologi og transportvanar er i utvikling, og krava i dette kriteriet hjelper først og fremst byggherren med å ta høgd for framtidig utvikling.

Ein mobilitetsplan vil gi innsikt i kva transportbehov bygget vil skape, korleis det skal løysast på kort og lengre sikt, og kva bygningsmessige tiltak og prioriteringar det inneber.

Omfanget til mobilitetsplanen må spegle storleiken, eigenskapane og plasseringa til bygget. Det overordna målet er at ein i utgreiinga tar høgde for å stimulere til miljøvenleg transport, og at ein er framtidsretta når det gjeld ny teknologi og nye transportformer.

Transport til og frå bygg må løysast med ei ny samansetjing av transportmiddel. Drivkrafta er først og fremst å redusere klimagassutslepp, men òg å medverke til betring av lokal luftkvalitet. Vidare er ressursbruk knytt til areal og vegar viktig.

Preferansane til publikum er i stor utvikling. Eit døme: I dei seinare åra har parkeringskapasitet / trafikkapasitet ved barneskular mange stader blitt overskriden fordi foreldre vel å køyre barna sine. Nokre stader har det ført til ønskje om å utvide P-kapasiteten, mellom anna for å vareta tryggleiken. Andre stader har ein valt det motsette, nemleg å «forby» foreldreparkering i nærleiken av skulane, og med det stimulere barn til å gå/sykle. Motivet er reduserte utslepp, betre helse og bygging av relasjonar mellom elevane.

Reduksjon av transportbehov:

I nokre tilfelle kan du når du planlegg nye bygg medverke til å redusere transportbehovet. Det kan t.d. skje ved hjelp av utvida lagerkapasitet (kantinevarer), kommunikasjonsløysingar som legg til rette for heimekontor, tilpassing av nærings- og servicebygg nær utvikling av nye buområde, osb.

Transportmiddel og -løysingar:

Så langt har kapasiteten for parkering av privatbilar vore eit viktig tema når ein planlegg bygg. Ofte tar ein utgangspunkt i ein kommunal P-faktor i planlegginga. Parkering av bilar vil framleis vere viktig, men parkeringskapasiteten heng saman med politiske prioriteringar. P-plassar for syklar og køyretøy utan utslepp med infrastruktur for lading/fylling kan vere gode alternativ til tradisjonelle p-plassar.

Transportfunksjonar:

For å redusere utsleppa frå transport, bør du allereie i planleggingsfasen stimulere til miljøvenleg transport, og prioritere dei ulike transportløysingane etter illustrasjonen under.

 
 

Utforming av krav: 

Dersom det finst ein mobilitetsplan frå forprosjekt eller detaljprosjekt skal tiltaka derfrå implementerast og byggjast.

Dersom det ikkje finst ein mobilitetsplan frå forprosjekt eller detaljprosjekt (lagd i prosjekteringa) anbefaler Difi at minst desse tiltaka implementerast og byggjast:

  1. Det skal etablerast ladepunkt for el-bil for minst 10 % av den samla bilparkeringskapasiteten for bygget, eventuelle fyllemoglegheiter for andre køyretøy utan utslepp.

  2. Det skal etablerast elektriske ladestasjonar for el-syklar for minst 10 % av den samla sykkelparkeringskapasiteten for bygget.

  3. Det skal etablerast tilstrekkeleg plass/kapasitet for eigna forvaring av syklar, el-syklar, sykkeltraller o.l.

  4. Leggje til rette for ladeinfrastruktur (elektriske føringar, enten i form av røyr eller kanalar frå sikringsskap/fordelingstavler) til samtlege parkeringsplassar i eller knytt til bygningen, for framtidig auke i talet på ladeplassar.

 

Det skal dokumenterast ved ei stadfesting frå leverandøren som viser at bygget er lagt til rette med tilstrekkeleg mengd ladepunkt, ev. fyllemoglegheiter, kapasitet for sykkelforvaring og tilrettelegging for ladeinfrastruktur i samsvar med krava.

Dokumentasjon av kravet: 

Det skal dokumenterast kva tiltak som er utført.

Informasjon om kravet: 

Når prosjektet har nådd detaljprosjektering er det færre moglegheiter for å leggje til tiltak som vil få stor effekt for transport til og frå bygget. Dei viktigaste tiltaka utover å implementere tiltak frå tidlegare fasar vil femne om å leggje til rette for lademoglegheiter, ev. fyllemoglegheiter for køyretøy utan utslepp, og sikre moglegheitene for sykkel og gonge.

Kriterierelasjoner og konflikter: 

Miljøoppfølgingsplan (MOP)

Relatert kriterium

For å sikre at tiltaka frå mobilitetsplanen blir gjennomført kan desse inngå i ein oppfølgingsplan.

Miljøleiing

Relatert kriterium

Eit system for miljøleiing sikrar oppfølging av mobilitetsplanen.

Miljøkompetanse hjå tilbydd personell

Relatert kriterium

For å sikre at mobilitetsplanen blir fylgt opp kan du ha miljøkompetanse hjå leverandøren som eit kontraktskrav

Publisert: 08. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019