Arealeffektivitet og energi

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Leiing

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Ressursbruk i bygningar vert ofte målt per kvadratmeter. Det gagnar ikkje arealeffektive løysingar i bygg. Bygningar med stort areal per brukar kan synast meir energieffektive enn bygningar med lite areal per brukar, ut i frå spesifikk energibruk per kvadratmeter.

Du kan påskjøne kloke miljøval ved å stille krav til ressursbruk per brukar.

Argument

Å nytte areal effektivt sparer ressursar. Difor er det naudsynt å rette merksemd mot talet på brukarar og ikkje berre areal når du skal måle miljøkvaliteten i bygningar opp mot kvarandre.

Tanken bak kravet er å rette merksemd mot utrekninga av indikatorar i nye prosjekt, og bidra til at fleire i det offentlege utarbeider nøkkeltal og miljøindikatorar for eksisterande bygningar i den same kategorien (benchmarking).

Utforming av krav: 

Prosjektet skal dokumentere dei følgjande indikatorane for energi fordelt på brukarar, for normerte og reelle utrekningar:

  • Utrekna netto og levert energibehov per kvadratmeter oppvarma BRA.
  • Utrekna netto og levert energibehov per brukar.

Energiutrekning skal gjerast etter TS/SN 3031:2016 med reelle verdiar, som er spesifikke verdiar som gjeld for den konkrete bygningen (ref Veiledning TEK17, §14-2).

Det skal gjerast ei enkel utrekning som viser korleis ein kjem fram til talet på brukarar. Sjå rettleiing for definisjonen på brukar for bygningskategori.

Finst det ikkje opplysingar om brukarar, skal ein estimere dette av prosjektet basert på tilgjengelege data og kvalifiserte vurderingar. Alle overslag og utrekningar skal gå fram av dokumentasjonen som er levert inn.

 

Døme på indikatorsett per bygningskategori:
Bygningskategori NS 3031

Indikator 1 basert på areal [kWh/m2] eller [CO2-ekv/m2]

Indikator 2 basert på brukarar, kWh eller utslipp per
Kontorbygg x årsverk
Barnehage x barnehageplass
Skolebygg x elev
Sykehjem x bebuardøgn
Idrettsbygg x brukar
Kulturbygg x brukar

Dokumentasjon av kravet: 

Referansenivå for emnet. Vedtak gitt i lover og forskrifter.

Krava til utrekning av indikatorar gjeld oppvarma areal i samsvar med reglar for utrekning i regelverksrettleiing til TEK om målereglar.

Informasjon om kravet: 

Kravet er laga for å få nøkkeltal og miljøindikatorar for eksisterande bygningar i den same kategorien, og for å finne likskapar og skilnadar mellom ulike verksemder eller bygg.

Døme på indikatorar som kan hentast frå SSB og Kostra for kommunar:
Bygningskategori Indikatorar SSB Kommentar
Generelt

Tal på innbyggarar i kommunen

Tal på årsverk i kommunen

 
Administrasjons-bygg Tal på årsverk innan kommuneadministrasjon  
Barnehagar

Tal på barnehagar (kommunale)

Tal på barnehagebarn i kom. barnehagar

Tal på årsverk i kommunale barnehagar

Kan nyttast mot energibruk i kommunale barnehagar. Dei fleste kommunar har òg private barnehagar. Data trengst for båe delar. Fordelinga mellom private og kommunale barnehagar varierer frå kommune til kommune.


Skular

Tal på grunnskular

Tal på skulebarn i kommunale skular, vekta

Tal på årsverk i kommunale skular

Private skular er ikkje inkluderte.
Bu- og servicesenter

Kommunale årsverk i pleie og omsorg

Kommunale årsverk innan helse- og sosialtenester

Bebuarar i bustad med heildøgns bemanning og bebuarar i institusjon

 
Idrettsbygg   Treng tal på brukarar. Mange kommunale hallar fører brukarstatistikk gjennom tilsynsvakter. Òg brukarar av symjehallar og billettsal.
Kulturbygg Tal på årsverk innan kultur Treng tal på brukarar. Til dømes tal for billettsal til kino, teater m.m.

 

Døme

Ein ny skule skal byggjast i kommunen. Elevar er brukarane.

For å rekne ut indikator bruker ein talet på elevar som utbyggjaren har oppgitt.

Du kan velje å inkludere talet på tilsette i talet på brukarar, så lenge du gjer det gjennomgåande.

Når du skal rekne ut nøkkeltal, hentar du desse dataa frå kommunen:

  • Gjennomsnittleg energibruk/utslepp for alle tilsvarande skular i kommunen.
  • Totalt tal på skuleelevar for dei same skulane. Desse kan òg hentast frå SSB/Kostra.

 

Data frå eksisterande bygningar skal berre samanliknast med utrekningar for levert energi etter NS 3031.

Ein treng ikkje inkludere private skular og elevar ved desse.

Det er naturleg å basere nøkkeltala på alle kommunale barneskular og ungdomsskular. Vidaregåande skular som er eigd av fylkeskommunen inngår i nøkkeltala for fylkeskommunen.

Dersom du ønskjer det kan du hente inn data frå meir enn éin kommune for å lage samanliknbare nøkkeltal. Det er aktuelt i til dømes små kommunar med få bygningar i kvar kategori. Det som er vesentleg er at du viser til kjelder og at det vert gjort transparent. Nøkkeltal skal framstillast som både reelle og graddagskorrigerte verdiar.

 

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Ressursbruk i bygningar vert ofte målt per kvadratmeter. Det gagnar ikkje arealeffektive løysingar i bygg. Bygningar med stort areal per brukar kan synast meir energieffektive enn bygningar med lite areal per brukar, ut i frå spesifikk energibruk per kvadratmeter.

Ved å stille krav til ressursbruk per brukar verdt det meir lønsamt å gjere kloke miljøval. 

Argument

Å nytte areal effektivt sparer ressursar. Difor er det naudsynt å rette merksemd mot talet på brukarar og ikkje berre areal når du skal måle miljøkvaliteten i bygningar opp mot kvarandre.

Tanken bak kravet er å rette merksemd mot utrekninga av indikatorar i nye prosjekt, og bidra til at fleire i det offentlege utarbeider nøkkeltal og miljøindikatorar for eksisterande bygningar i den same kategorien (benchmarking).

 

Utforming av krav: 

Prosjektet skal dokumentere dei følgjande indikatorane for energi fordelt på brukarar, for normerte og reelle utrekningar:

  • Utrekna netto og levert energibehov per kvadratmeter oppvarma BRA.
  • Utrekna netto og levert energibehov per brukar.

Energiutrekning skal gjerast etter TS/SN 3031:2016 med reelle verdiar, som er spesifikke verdiar som gjeld for den konkrete bygningen (ref Veiledning TEK17, §14-2)..

Det skal gjerast ei enkel utrekning som viser korleis ein kjem fram til talet på brukarar. Sjå rettleiing for definisjonen på brukar for bygningskategori.

Finst det ikkje opplysingar om brukarar, skal ein estimere dette av prosjektet basert på tilgjengelege data og kvalifiserte vurderingar. Alle overslag og utrekningar skal gå fram av dokumentasjonen som er levert inn.

 

Døme på indikatorsett per bygningskategori:
Bygningskategori NS 3031

Indikator 1 basert på areal [kWh/m2] eller [CO2-ekv/m2]

Indikator 2 basert på brukarar, kWh eller utslepp per
Kontorbygg x årsverk
Barnehage x barnehageplass
Skolebygg x elev
Sykehjem x bebuardøgn
Idrettsbygg x brukar
Kulturbygg x brukar

 

Indikatorar for reelle energiutrekningar skal samanliknast med relevante nøkkeltal basert på bygningstype innan samanliknbar verksemd, til dømes kommune, fylkeskommune, stat. Viss du ikkje har eksisterande nøkkeltal skal det skaffast.

Eit samanliknbart nøkkeltal skal dokumenterast ved å nytte dei tilgjengelege kjeldene og ved å dokumentere utrekninga av nøkkeltalet. Sjå rettleiinga. Nøkkeltal kan dokumenterast som både reelle og graddagskorrigerte verdiar.

 

Dokumentasjon av kravet: 

Referansenivå for emnet. Vedtak gitt i lover og forskrifter.

Krava til utrekning av indikatorar gjeld oppvarma areal i samsvar med reglar for utrekning i regelverksrettleiing til TEK om målereglar.

Informasjon om kravet: 

Kravet er laga for å få nøkkeltal og miljøindikatorar for eksisterande bygningar i den same kategorien, for å finne likskapar og skilnadar mellom ulike verksemder eller bygg.

 

Døme på indikatorar som kan hentast frå SSB og Kostra for kommunar:
Bygningskategori Indikatorar SSB Kommentar
Generelt

Tal på innbyggarar i kommunen

Tal på årsverk i kommunen

 
Administrasjons-bygg Tal på årsverk innan kommuneadministrasjon  
Barnehagar

Tal på barnehagar (kommunale)

Tal på barnehagebarn i kom. barnehagar

Tal på årsverk i kommunale barnehagar

Kan nyttast mot energibruk i kommunale barnehagar. Dei fleste kommunar har òg private barnehagar. Data trengst for båe delar. Fordelinga mellom private og kommunale barnehagar varierer frå kommune til kommune..


Skular

Tal på grunnskular

Tal på skulebarn i kommunale skular, vekta

Tal på årsverk i kommunale skular

Private skular er ikkje inkluderte.
Bu- og servicesenter

Kommunale årsverk i pleie og omsorg

Kommunale årsverk innan helse- og sosialtenester

Bebuarar i bustad med døgnbemanning og bebuarar i institusjon

 
Idrettsbygg   Treng tal på brukarar. Mange kommunale hallar fører brukarstatistikk gjennom tilsynsvakter. Òg brukarar av symjehallar og billettsal.
Kulturbygg Antall årsverk innen kultur Treng tal på brukarar. Til dømes tal for billettsal til kino, teater m.m.

Døme

Ein ny skule skal byggjast i kommunen. Elevar er brukarane.

For å rekne ut indikator bruker ein talet på elevar som utbyggjaren har oppgitt.

Du kan velje å inkludere talet på tilsette i talet på brukarar, så lenge du gjer det gjennomgåande.

Når du skal rekne ut nøkkeltal, hentar du desse dataa frå kommunen:

  • Gjennomsnittleg energibruk/utslepp for alle tilsvarande skular i kommunen.
  • Totalt tal på skuleelevar for dei same skulane. Desse kan òg hentast frå SSB/Kostra.

 

Data frå eksisterande bygningar skal berre samanliknast med utrekningar for levert energi etter NS 3031.

Ein treng ikkje inkludere private skular og elevar ved desse.

Det er naturleg å basere nøkkeltala på alle kommunale barneskular og ungdomsskular. Vidaregåande skular som er eigd av fylkeskommunen inngår i nøkkeltala for fylkeskommunen.

Dersom du ønskjer det kan du hente inn data frå meir enn éin kommune for å lage samanliknbare nøkkeltal. Det er aktuelt i til dømes små kommunar med få bygningar i kvar kategori. Det som er vesentleg er at du viser til kjelder og at det vert gjort transparent. Nøkkeltal skal framstillast som både reelle og graddagskorrigerte verdiar.

Relaterte lenkjer: 

Støttande dokument/referansar:

Publisert: 29. jan 2018, Sist endra: 31. Mai 2019