Avfallshandtering på anleggsplass

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Avfallshandtering

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Produksjon av byggjemateriale utgjer ein stor del av energi- og klimafotavtrykket i anleggsprosjekt, i tillegg til at materiale er ressursar. 

Ved å planleggje materialbruk og velje prefabrikkering kan ein redusere unødvendig avfall frå overskotsmateriale og svinn i form av brekkasje, øydelagde/skadde materiale, etc.

Riktig sortering og behandling av avfall på anleggsplass bidreg til at meir av avfallet går til materialgjenvinning

Utforming av krav: 

Leverandøren skal estimere avfallsmengder i prosjektet, skildre tiltak for å redusere avfallsmengdene i prosjektet med 5 %, og levere ei oversikt over kva som går til materialgjenvinning. Materiale som inneheld miljøgifter, skal ikkje gjenvinnast.

Anleggsområda skal til kvar tid vere ryddige og oversynlege. Avfall skal handterast forsvarleg og leverast godkjent mottak.

På anleggsplassen skal leverandøren syte for:

  • Merking av avfallscontainerar (på fleire språk)
  • Informasjonsoppslag om avfallssortering
  • Registrering av farleg avfall.
  • Låst og forsvarleg lagring av helse og miljøfarleg avfall
  • Sorteringsgrad: vektprosent 60

Dokumentasjon av kravet: 

Sluttrapport med avfallsplan skal dokumentere handtering av alt avfall som har oppstått på prosjektet, sorteringsgrad, redusert avfallsmengd og oversikt over kva som går til materialgjenvinning.

Informasjon om kravet: 

Det beste for miljøet er at det ikkje blir brukt unødvendige ressursar. God planlegging er derfor viktig for å kaste mindre.

For å redusere avfall frå anleggsplass viser avfallspyramiden (figur 1) rekkjefølgja på kva for tiltak som bør setjast i verk. Dei mest effektive tiltaka er øvst, og som er prioriteringane i EUs rammedirektiv for avfall.

Bilderesultat for avfallspyramiden

Figur 1: Avfallspyramiden viser prioriteringane for å redusere avfall. Les frå topp til botn.

Det er viktig at avfallsentreprenør er kontrahert før prosjektet starta, slik at løysingar er på plass frå første dag. At entreprenøren har ein plan for logistikken omkring kjeldesortering og transport av avfall i dei ulike fasane av prosjektet, er viktig for å lykkast med målsetnaden om høg grad av kjeldesortering. Byggherre bør også etterspørje dette i månadsrapportane og gje tilbakemeldingar ved avvik for å sikre at det blir halde eit kontinuerleg fokus på dette.

Det er god økonomi i å redusere mengd avfall og sortere det som måtte oppstå av avfall så langt det er praktisk mogleg.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Produksjon av byggjemateriale utgjer ein stor del av energi- og klimafotavtrykket i anleggsprosjekt, i tillegg til at materiale er ressursar. 

Ved å planleggje materialbruk og velje prefabrikkering kan ein redusere unødvendig avfall frå overskotsmateriale og svinn i form av brekkasje, øydelagde/skadde materiale, etc.

Riktig sortering og behandling av avfall på anleggsplass bidreg til at meir av avfallet går til materialgjenvinning

Utforming av krav: 

Leverandøren skal estimere avfallsmengder i prosjektet, skildre tiltak for å redusere avfallsmengdene i prosjektet med 10 %, og levere ei oversikt over kva som går til materialgjenvinning. Materiale som inneheld miljøgifter, skal ikkje gjenvinnast.

Anleggsområda skal til kvar tid vere ryddige og oversynlege. Avfall skal handterast forsvarleg og leverast godkjent mottak.

På anleggsplassen skal leverandøren syte for:

  • Merking av avfallscontainerar (på fleire språk)
  • Informasjonsoppslag om avfallssortering
  • Registrering av farleg avfall.
  • Låst og forsvarleg lagring av helse og miljøfarleg avfall
  • Sorteringsgrad: vektprosent 80

Dokumentasjon av kravet: 

Oversikt over levert avfallsmengd og type avfall med kvittering frå avfallsmottak skal dokumenterast i månadsrapport til byggherre. 

Sluttrapport med avfallsplan skal dokumentere handtering av alt avfall som har oppstått på prosjektet, sorteringsgrad, redusert avfallsmengd og med oversikt over kva som går til materialgjenvinning.

Informasjon om kravet: 

Det beste for miljøet er at det ikkje blir brukt unødvendige ressursar. God planlegging er derfor viktig for å kaste mindre.

For å redusere avfall frå anleggsplass viser avfallspyramiden (figur 1) rekkjefølgja på kva for tiltak som bør setjast i verk. Dei mest effektive tiltaka er øvst, og som er prioriteringane i EUs rammedirektiv for avfall.

Bilderesultat for avfallspyramiden

Figur 1: Avfallspyramiden viser prioriteringane for å redusere avfall. Les frå topp til botn.

Det er viktig at avfallsentreprenør er kontrahert før prosjektet starta, slik at løysingar er på plass frå første dag. At entreprenøren har ein plan for logistikken omkring kjeldesortering og transport av avfall i dei ulike fasane av prosjektet, er viktig for å lykkast med målsetnaden om høg grad av kjeldesortering. Byggherre bør også etterspørje dette i månadsrapportane og gje tilbakemeldingar ved avvik for å sikre at det blir halde eit kontinuerleg fokus på dette.

Det er god økonomi i å redusere mengd avfall og sortere det som måtte oppstå av avfall så langt det er praktisk mogleg.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 24. nov 2020, Sist endra: 26. nov 2020