Batterikapasitet på berbare PC-ar
- PC-ar og skjermar
- Forlenge levetid
Basis
- Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)
Hovudføremål:
Hovudføremålet er å sikre god batterikapasitet og eit robust batteri med lang forventa levetid.
Utforming av krav:
Alle einingar skal leverast med maksimalt tilgjengeleg batterikapasitet som ikkje påverkar maskina sin formfaktor.
Dokumentasjon av kravet:
Leverandøren skal stadfeste av kravet er oppfylt og beskrive batteria sin kapasitet og minimum varigheit ved fullada batteri.
Informasjon om kravet:
Kravet til batterikapasitet er ei ytingsskildring som skal skildre at oppdragsgjevar får det beste tilgjengelege batteriet i PC-en. For at oppdragsgjevar skal kjenne til kva som er varigheit på batteriet frå fullada til utlada skal dette skildrast av leverandør.
Brukaråtferd påverkar batterilevetid, og leverandør bør oppmodast til å dele informasjon om korleis oppdragsgjevar kan bidra til lengst mogleg levetid på IT-utstyret sitt (som temperatur, bruk av dvalemodus etc., som bør spreiast internt i organisasjonen til oppdragsgjevar).
Avansert
- Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)
Hovudføremål:
Hovudføremålet er å sikre høg batterikapasitet og eit robust batteri med lang dokumentert levetid.
Utforming av krav:
1) Alle einingar skal leverast med maksimalt tilgjengeleg batterikapasitet som ikkje påverkar maskina si formfaktor.
og
2) Hovudbatteri skal tole minst 300 ladesyklusar med minst 60 % attverande kapasitet (SoC). Minimum mengde ladesyklusar med minst 60 % attverande kapasitet på hovudbatteriet må skrivast på sertifikatet.
Dokumentasjon av kravet:
1) Leverandøren skal stadfeste at kravet er oppfylt og beskrive batteria sin kapasitet og minimum varigheit ved fullada batteri.
og
2) Levere gyldig sertifikat på TCO Certified generasjon 8 eller tilsvarande Type I miljømerkeordning som viser at kravet er oppfylt eller levere testrapport(ar) på batteriet i samsvar med IEC 61960 frå ISO 17025 akkreditert laboratorium.
Informasjon om kravet:
Kravet til batterikapasitet er ei ytingsskildring som skal skildre at oppdragsgjevar får det beste tilgjengelege batteriet i PC-en. For at oppdragsgjevar skal kjenne til kva som er varigheit på batteriet frå fullada til utlada skal dette skildrast av leverandør.
Meininga med krav 2 er å sikre at batteriet er robust og at kapasiteten ikkje taper seg ved bruk, meir enn det er meint. Kravet inngår i TCO Certified generasjon 8 (punkt 6.5 Battery longevity). Målet er at min. 30 prosent av IT-utstyr på den internasjonale marknaden skal klare krava i sertifiseringa når ein ny generasjon vert lansert, så det fins fleire produsentar som oppfyll krava, og at man oppnår konkurranse i anskaffinga.
TCO Certifieds product finder (se «Relaterte lenker») viser kor mange produktar som er sertifisert av TCO Certified innen produktkategoriar som PC-ar, skjermer og nettbrett, men IT-utstyr treng ikkje å vere sertifisert av TCO Certified for å tilfredsstille kravet.
Ladestatus (SoC) gjev informasjon om attverande batterilading (0-100 %). Kapasiteten til eit nytt batteri skal vere 100 %. Ein batterisyklus er fullført når batteriet er fullstendig utlada frå 100 % til 0 % og deretter lada tilbake til 100 %. Talet på batteriladesyklusar påverkar levetida til batteriet, og robuste batteri vil tole fleire ladesyklusar før kapasiteten reduserast.