Batterikapasitet på nettbrett

Grupper: 
  • Nettbrett
Kategori: 
  • Forlenge levetid

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å sikre god batterikapasitet og eit robust batteri med lang forventa levetid.

Utforming av krav: 

Alle einingar skal leverast med maksimalt tilgjengeleg batterikapasitet som ikkje påverkar maskina sin formfaktor.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal stadfeste av kravet er oppfylt og beskrive batteria sin kapasitet og minimum varigheit ved fullada batteri.

Informasjon om kravet: 

Kravet til batterikapasitet er ei ytingsskildring som skal skildre at oppdragsgjevar får det beste tilgjengelege batteriet nettbrettet. For at oppdragsgjevar skal kjenne til kva som er varigheit på batteriet frå fullada til utlada skal dette skildrast av leverandør.

Brukaråtferd påverkar batterilevetid, og leverandør bør oppmodast til å dele informasjon om korleis oppdragsgjevar kan bidra til lengst mogleg levetid på IT-utstyret sitt (som temperatur, bruk av dvalemodus etc., som bør spreiast internt i organisasjonen til oppdragsgjevar).

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å sikre høg batterikapasitet og eit robust batteri med lang dokumentert levetid.

Utforming av krav: 

1) Alle einingar skal leverast med maksimalt tilgjengeleg batterikapasitet som ikkje påverkar maskina sin formfaktor.

og

2) Hovudbatteri skal tole minst 300 ladesyklusar med minst 60 % attverande kapasitet (SoC). Minimum mengde ladesyklusar med minst 60 % attverande kapasitet på hovudbatteriet må skrivast på sertifikatet.

Dokumentasjon av kravet: 

1) Leverandøren skal stadfeste at kravet er oppfylt og beskrive batteria sin kapasitet og minimum varigheit ved fullada batteri.

og

2) Levere gyldig sertifikat på TCO Certified generasjon 8 eller tilsvarande Type I miljømerkeordning som viser at kravet er oppfylt eller levere testrapport(ar) på batteriet i samsvar med IEC 61960 frå ISO 17025 akkreditert laboratorium

Informasjon om kravet: 

Kravet til batterikapasitet er ei ytingsskildring som skal skildre at oppdragsgjevar får det beste tilgjengelege batteriet nettbrettet. For at oppdragsgjevar skal kjenne til kva som er varigheit på batteriet frå fullada til utlada skal dette skildrast av leverandør.

Meininga med krav 2 er å sikre at batteriet er robust og at kapasiteten ikkje taper seg ved bruk, meir enn det er meint. Kravet inngår i TCO Certified generasjon 8 (punkt 6.5 Battery longevity). Målet er at min. 30 prosent av IT-utstyr på den internasjonale marknaden skal klare krava i sertifiseringa når ein ny generasjon vert lansert, så det fins fleire produsentar som oppfyll krava, og at man oppnår konkurranse i anskaffinga. 

TCO Certifieds product finder (se «Relaterte lenker») viser kor mange produktar som er sertifisert av TCO Certified innen produktkategoriar som PC-ar, skjermer og nettbrett, men IT-utstyr treng ikkje å vere sertifisert av TCO Certified for å tilfredsstille kravet.

Ladestatus (SoC) gjev informasjon om attverande batterilading (0-100 %). Kapasiteten til eit nytt batteri skal vere 100 %. Ein batterisyklus er fullført når batteriet er fullstendig utlada frå 100 % til 0 % og deretter lada tilbake til 100 %. Talet på batteriladesyklusar påverkar levetida til batteriet, og robuste batteri vil tole fleire ladesyklusar før kapasiteten reduserast.

Brukaråtferd påverkar batterilevetid, og leverandør bør oppmodast til å dele informasjon om korleis oppdragsgjevar kan bidra til lengst mogleg levetid på IT-utstyret sitt (som temperatur, bruk av dvalemodus etc., som bør spreiast internt i organisasjonen til oppdragsgjevar).

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 18. sep 2019, Sist endra: 02. okt 2019