Berekraftig soya i kraftfôr

Grupper: 
  • Mat- og drikkeprodukt
Kategori: 
  • Tropisk avskoging

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er at eventuell soya i kraftfôret dyra har ete, har vore produsert under berekraftige forhold og ikkje bidrege til avskoging. Dette byggjer opp under klimamålet Noreg har om å redusere utslipp av klimagasser fra avskoging og skogdegradering i utviklingsland, i samsvar med bærekraftig utvikling. 

 

Utforming av krav: 

Egg, kjøt- og meieriprodukt: Dersom det er brukt soya i kraftfôret til dyra, skal denne ha vore berekraftig og ikkje bidrege til avskoging og skogdegradering av tropisk skog og torvmyr.

Dette inneber at råvarene er produserte under forhold som sikrar:

  • at ein tek vare på naturskog og torvmyr
  • at soyaen kan sporast tilbake til den enkelte mølla eller garden
  • rettferdige arbeidsvilkår, i samsvar med nasjonal og internasjonal lovgjeving, som ILO sine kjernekonvensjonar

Dokumentasjon av kravet: 

Kravet kan dokumenterast ved at soyaen er sertifisert i samsvar med Pro Terra, RTRS (Round Table of Responsible Soy) eller annan relevant dokumentasjon. Dersom soyaen i fôret kjem frå eit land utan tropisk skog og han derfor ikkje har bidrege til tropisk avskoging, kan det leggjast fram dokumentasjon om opphavsland.  Canada, USA og Polen er døme på slike land.

Leverandøren skal på førespurnad leggje fram dokumentasjon på at kravet er oppfylt.

Informasjon om kravet: 

Soyamjøl er ei viktig proteinkjelde i fôr, og blir brukt i fleire typar dyrefôr. Det er relevant å nytte kontraktsvilkåret dersom anskaffinga di inkluderer produkt som fjørfekjøt, svinekjøt, oksekjøt, egg, meieriprodukt, med meir.

Dersom leverandør vel å vise til annan dokumentasjon enn Proterra og/eller RTRS, skal alle punkta på lista ovanfor vere grunnlag for vurdering av om dokumentasjonen er å rekne som «annan relevant dokumentasjon». Dei nemnde merkeordningane for soya omhandlar også vern av urfolk og lokalsamfunn sine område og rettar, inkludert retten til fritt, føregåande og informert samtykke.

For produkt av norsk opphav er tilvising til The Norwegian Commitments on Suistainable Soy and Forests å rekne som godkjend dokumentasjon.

Publisert: 08. mar 2019, Sist endra: 31. Mai 2019