Berekraftig trevirke i møblar

Grupper: 
  • Nye møbler
Kategori: 
  • Fremme lukkede kretsløp

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å sikre at trevirke som inngår i møbla kjem frå berekraftige kjelder som kan dokumenterast. Bruk av slikt trevirke bidreg til å ta vare på biologisk mangfald og redusere klimagassutslepp frå avskoging, samt hindre menneskerettsbrot i lokalsamfunn som lever i nær tilknyting til sårbare skogområde.

Utforming av krav: 

For møblar der trevirke utgjer meir enn 10 vektprosent skal 100 % vere frå dokumenterbart berekraftig trevirke.*

[Oppdragsgjevar: Set inn kva slag del av sortimentet det gjeld for]

*Merk at dette kravet ikkje kan brukast i kombinasjon med tildelingskriteriet knytt til berekraftig trevirke i del 3.13, fordi tildelingskriteriet alltid må ha eit høgare miljøprestasjonsmål enn minstekravet når desse brukast i kombinasjon. Bruk av tildelingskriterium bør difor berre nyttast der marknadsdialog viser at du bør setje eit lågare prosentvis krav til dokumenterbart berekraftig trevirke.

Dokumentasjon av kravet: 

Alle tilbyde produkt som inneheld trevirke skal ha produktdokumentasjon som inkluderer informasjon om materalsamansetjing, under dette vektprosent trevirke.

Dei tilbyde produkta som inneheld meir enn 10 vektprosent trevirke skal vere FSC- eller PEFC-sertifiserte, minimum på same nivå som FSC mix. Annan verifisert dokumentasjon frå verifisert tredjepart, som gjev ei tilfredsstillande utgreiing for korleis kravet er oppfylt i tilsvarande grad som merka ovanfor, vil også kunne aksepterast. For nærmare definisjon av omgrepa «berekraftig trevirke» og «annan passande verifisert dokumentasjon frå tredjepart» viser vi til rettleiinga frå Dansk Naturstyrelse: Sikring af bæredygtigt træ i offentlige aftaler om vareindkøb, tjenesteydelser og bygge- og anlægsarbejder.

Informasjon om kravet: 

Oppdragsgjevar bør vurdere om kravet skal gjelde for heile sortimentet til leverandøren eller berre spesielt relevante produkt; til dømes volumprodukt som vi reknar med vil utgjere ein stor del av anskaffinga. Dette vil lette dokumentasjons- og evalueringsbyrda.

Publisert: 26. nov 2020, Sist endra: 29. nov 2020