Bevaring av naturmangfald

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Økologi og overvatn

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Utbygging er i dag den største trusselen mot naturmangfaldet vårt. To tredjedelar av dyre- og fiskeartane som fanst i verda 1970 vil vere borte i 2020, og 70-80 % av grøntstrukturen i byane og tettstadane våre er nedbygd sidan 1950-talet.

Framande artar driv ofte attende lokalt artsmangfald og er difor ein stor trussel mot norsk natur. Artar som vert vurdert til å utgjere høg eller særs høg økologisk risiko mot norsk naturmangfald er registrerte i norsk Fremmedartslista. Artane vert difor ofte kalla framande artar.

Argument

Utbyggingar kan bidra til å auke naturmangfaldet og det økologiske verdet i området ved ulike tiltak.

Blågrøne strukturar er vatn og vegetasjon. Utvikling av fleirfunksjonelle blågrøne strukturar med open handsaming av overvatn er eit viktig klimatilpassingstiltak i byar og tettstader som òg legg til rette for ei utvikling av stadeigen natur.

Fleirfunksjonelle blågrøne strukturar kan òg medverke til å auke attraktiviteten til området gjennom gode møteplassar, auka mobilitet, temperaturregulering, reinare luft, fremja folkehelse – betre leveområde for menneske òg.

Ved å stille krav til bruk av kvalifisert økolog for å registrere, vurdere og om mogleg fjerne svartelista artar, hindrar ein uønskt spreiing av framande artar og tryggjer på denne måten òg eit verdfullt naturmangfald.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal undersøkje om framande artar eksisterer på området, og dokumentere dette i ein rapport som minst skal innehalde:

  • Kartfesta registrering (SOSI) av dei einskilde artane
  • Tabell med namn og ei kort skildring av artane
  • Stadfesting på at artane blir registrerte i artskart
  • Plan over kva artar det er aktuelt å motverke og forslag til korleis ein skal fjerne dei
  • Artane skal registrerast i https://www.artsdatabanken.no/Pages/236414

Rapporten frå leverandøren skal vere ferdig i god tid før dei endelege utomhusplanane er klare, slik at utbyggjaren kan ta omsyn til tilrådingane i rapporten.

Leverandøren skal dokumentere fjerning av framande artar:

  • Gjennom fotografi

  • Ei skildring av frakt og destruering, t.d. ved kvittering frå godkjent deponi

Informasjon om kravet: 

For framande artar er kravet særleg aktuelt ved utbyggingar nær verdifulle naturtypar og sårbar natur, og mindre aktuelt i tette urbane strøk. Synfaringar bør difor gjerast så nært opp til utbyggingstidspunktet som mogleg. For å fange opp flest mogleg artar, bør det gjerast minst to synfaringar i tidsrommet mai-september.

Eit søk etter verdifulle naturtypar i nærområdet i Miljødirektoratet si kartteneste naturbase kan vise kva artar som er naturlege for staden.

Økologisk verdi er alltid aktuelt. Tidlegare utbygde tomter i tett by har ofte størst potensial for auka økologisk verdi, men det er òg viktig å setje i verk tiltak i meir spreiddbygde strøk. Døme på tiltak er oppretting av nye økologisk verdifulle habitat på takareala ved å nytte vegetasjon som er karakteristisk for Oslofjordområdet med stor artsrikdom. I tillegg kan ein lage mindre felt med daud ved, og opne felt med sand og stein som vert eigna leveområde for insekt.

Tabellen under viser ei bruttoliste over tiltak som kan vere aktuelle i ein utbyggingssamanheng:
TiltakEigna områdeUtgreiing
Minst 50 % av arealet på tomta skal ha vegetasjonalleI dei fleste tilfelle vil grøne tak – som òg er viktig for lokal handsaming av overvatn – medverke til at ein fyller kravet.
I hovudsak bør ein nytte artar som høyrer naturleg heime der. Ingen av artane må vere registrerte i norsk fremmedartslista, og artane bør vere økologisk risikovurderte.alle

Naturleg heimehøyrande artar understøtter lokalt verdifullt naturmangfald.

T.d. er somme sommarfuglartar knytte til ein spesiell plante.

Utvikling av fleirsjikta naturalleVekstar blir ofte delte inn i fire sjikt i naturen (botn, felt, busk og tre). Fleirsjikta natur medverkar til auka naturmangfald.
Grøne taktak

Grønt tak utgjer ein stor del av potensialet for å utvikle artsmangfald og styrkje økologiske samanhengar.

Ofte føretrekkjer ein tak med varierande djupn på vekstmediet, både for å utvikle naturmangfald og økologiske samanhengar, og for å tilpasse det til taket si tåleevne (lastar).

Utover sedum, reknar ein eng- og strandvegetasjon som eigna for grøne tak.

Døme på krav: minst 30 % av taket skal ha naturleg heimehøyrande eng- eller strandvegetasjon.

Bekkeopningar / restaureringar Bekkeopning eller restaurering er eit godt høve til å utvikle eit rikt naturmangfald.
Regnbed, grøfter Overvasstiltak i form av regnbed og grøfter opnar for å utvikle stadeigen våtmarkvegetasjon.
Opne parti med sand og små steinaralleOpne parti med sand og mindre steinar legg til rette for sandlevande insekt, t.d. bier.
VedalleDaud ved, helst av lauvtrevirke, kan skape gode leveområde for insekt.
InsekthotellalleInsekthotell kan skape ein heim for blant anna solitære bier.
FuglekassarTak, veggar og treStøttar opp om fuglelivet
FlaggermuskassarTak, veggar og treKan medverke til å hjelpe trua artar

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Utbygging er i dag den største trusselen mot naturmangfaldet vårt. To tredjedelar av dyre- og fiskeartane som fanst i verda 1970 vil vere borte i 2020, og 70-80 % av grøntstrukturen i byane og tettstadane våre er nedbygd sidan 1950-talet.

Framande artar driv ofte attende lokalt artsmangfald og er difor ein stor trussel mot norsk natur. Artar som vert vurdert til å utgjere høg eller særs høg økologisk risiko mot norsk naturmangfald er registrerte i norsk fremmedartslista. Artane vert difor ofte kalla framande artar.

Argument

Utbyggingar kan bidra til å auke naturmangfaldet og det økologiske verdet i området ved ulike tiltak.

Blågrøne strukturar er vatn og vegetasjon. Utvikling av fleirfunksjonelle blågrøne strukturar med open handsaming av overvatn er eit viktig klimatilpassingstiltak i byar og tettstader som òg legg til rette for ei utvikling av stadeigen natur.

Fleirfunksjonelle blågrøne strukturar kan òg medverke til å auke attraktiviteten til området gjennom gode møteplassar, auka mobilitet, temperaturregulering, reinare luft, fremja folkehelse – betre leveområde for menneske òg.

Ved å stille krav til bruk av kvalifisert økolog for å registrere, vurdere og om mogleg fjerne framande artar, hindrar ein uønskt spreiing av framande artar og tryggjer på denne måten òg eit verdfullt naturmangfald.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal undersøkje om framande artar eksisterer på området, og dokumentere dette i ein rapport som minst skal innehalde:

  • Kartfesta registrering (SOSI) av dei einskilde artane
  • Tabell med namn og ei kort skildring av artane
  • Stadfesting på at artane blir registrerte i artskart
  • Plan over kva artar det er aktuelt å motverke og forslag til korleis ein skal fjerne dei
  • Artane skal registrerast i https://www.artsdatabanken.no/Pages/236414

Rapporten frå leverandøren skal vere ferdig i god tid før dei endelege utomhusplanane er klare, slik at utbyggjaren kan ta omsyn til tilrådingane i rapporten.

 

Ein økolog skal undersøkje kva tiltak som er aktuelle for å auke den økologiske verdien til tomta.

Rapporten skal dokumentere at det er gjennomført synfaring før byggjearbeidet, inkl. førebuande arbeid, på tomta, og skal minst innehalde:

  • Skildring av den noverande situasjonen
    • Ortofoto med områdeavgrensing
    • Kartfesta bilete frå synfaring
    • Skildring av synfaringa (tid, dato, vertilhøve)
    • Skildring av funn i ein tabell som viser registrerte artar.
  • Dokumentasjon for auka økologisk verd
    • Planteliste og tiltak skal utarbeidast i samråd med – og godkjennast av – økolog.
  • Oppfølging
    • Eigna forvaltingsplan for landskap og leveområde på tomta for minst dei første 5 åra etter at prosjektet er fullført
  • Aktuelle vedlegg
    • Stadfesting på kvalifisert økolog
    • Utomhusplan / landskapsplan
    • Planteliste

Rapporten frå økologen skal vere ferdig i god tid før dei endelege utomhusplanane er klare, slik at utbyggjaren kan ta omsyn til tilrådingane i rapporten.

Det skal dokumenterast ved hjelp av ei kort utgreiing for relevant erfaring at økologen er kvalifisert gjennom:

Minst 3 års erfaring innan økologi dei siste fem åra. Erfaringa skal tydeleg vise ei praktisk forståing av faktorar som påverkar miljøet i samband med utbygging og bygd miljø. Det femner om å gi råd og rettleiing i vern og betring av miljøet og i risikoreduserande tiltak.

Leverandøren skal gjennomføre tiltak i samsvar med tilrådingar frå den økologiske rapporten.

Informasjon om kravet: 

For framande artar er kravet særleg aktuelt ved utbyggingar nær verdifulle naturtypar og sårbar natur, og mindre aktuelt i tette urbane strøk. Synfaringar bør difor gjerast så nært opp til utbyggingstidspunktet som mogleg. For å fange opp flest mogleg artar, bør det gjerast minst to synfaringar i tidsrommet mai-september.

Eit søk etter verdifulle naturtypar i nærområdet i Miljødirektoratet si kartteneste naturbase kan vise kva artar som er naturlege for staden.

Økologisk verdi er alltid aktuelt. Tidlegare utbygde tomter i tett by har ofte størst potensial for auka økologisk verdi, men det er òg viktig å setje i verk tiltak i meir spreiddbygde strøk. Døme på tiltak er oppretting av nye økologisk verdifulle habitat på takareala ved å nytte vegetasjon som er karakteristisk for Oslofjordområdet med stor artsrikdom. I tillegg kan ein lage mindre felt med daud ved, og opne felt med sand og stein som vert eigna leveområde for insekt.

Tabellen under viser ei bruttoliste over tiltak som kan vere aktuelle i ein utbyggingssamanheng:
TiltakEigna områdeUtgreiing
Minst 50 % av arealet på tomta skal ha vegetasjonalleI dei fleste tilfelle vil grøne tak – som òg er viktig for lokal handsaming av overvatn – medverke til at ein fyller kravet.
I hovudsak bør ein nytte artar som høyrer naturleg heime der. Ingen av artane må vere registrerte i norsk fremmedartslista, og artane bør vere økologisk risikovurderte.alle

Naturleg heimehøyrande artar understøtter lokalt verdifullt naturmangfald.

T.d. er somme sommarfuglartar knytte til ein spesiell plante.

Utvikling av fleirsjikta naturalleVekstar blir ofte delte inn i fire sjikt i naturen (botn, felt, busk og tre). Fleirsjikta natur medverkar til auka naturmangfald.
Grøne taktak

Grønt tak utgjer ein stor del av potensialet for å utvikle artsmangfald og styrkje økologiske samanhengar.

Ofte føretrekkjer ein tak med varierande djupn på vekstmediet, både for å utvikle naturmangfald og økologiske samanhengar, og for å tilpasse det til taket si tåleevne (lastar).

Utover sedum, reknar ein eng- og strandvegetasjon som eigna for grøne tak.

Døme på krav: minst 30 % av taket skal ha naturleg heimehøyrande eng- eller strandvegetasjon.

Bekkeopningar / restaureringar Bekkeopning eller restaurering er eit godt høve til å utvikle eit rikt naturmangfald.
Regnbed, grøfter Overvasstiltak i form av regnbed og grøfter opnar for å utvikle stadeigen våtmarkvegetasjon.
Opne parti med sand og små steinaralleOpne parti med sand og mindre steinar legg til rette for sandlevande insekt, t.d. bier.
VedalleDaud ved, helst av lauvtrevirke, kan skape gode leveområde for insekt.
InsekthotellalleInsekthotell kan skape ein heim for blant anna solitære bier.
FuglekassarTak, veggar og treStøttar opp om fuglelivet
FlaggermuskassarTak, veggar og treKan medverke til å hjelpe trua artar

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 08. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019