Bruk av lærlingar ved anskaffing av PC-ar og skjermar i tjenestekontrakter

Grupper: 
  • PC-ar og skjermar
Kategori: 
  • Lærlingar

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å bidra til eit tilstrekkeleg tal læreplassar for elevar i yrkesfagleg utdanning og eit tilstrekkeleg tal kvalifiserte arbeidarar med fag- eller sveinebrev.

Utforming av krav: 

Difi har utarbeidd standardisert kontraktklausul for krav om lærlingar i offentlege kontraktar som ligg på Difi sine nettsider og som kan brukast.

Dokumentasjon av kravet: 

Sjå standardisert kontraktklausul for krav om lærlingar i offentlege kontraktar som ligg på Difi sine nettsider.

Informasjon om kravet: 

I tråd med Forskrift om plikt til å stille krav om bruk av lærlinger i offentlige kontrakter, har offentlege oppdragsgjevarar plikt til å krevje bruk av lærlingar i tenestekontraktar til ein rekna verdi på minst 1,3 mill. kroner ekskl. mva. for statlege verksemder og 2,0 mill. kroner ekskl. mva. for andre offentlege oppdragsgjevarar og der lengda på kontrakten er over tre månader.

Kontraktvilkåret er relevant der anskaffinga klassifiserast som ein tenestekontrakt eller der tenesteelementet utgjer hovuddelen av kontrakten. Det skal vere særleg behov for læreplassar innan bransjen. Sjå meir informasjon på Difis side om særleg behov for læreplassar.

Ein lærling er ein person som har inngått lærekontrakt med sikte på fagprøve eller sveineprøve i eit fag som har læretid etter forskrifter gjevne med heimel i opplæringslova § 3-4. Lærekandidat, praksisbrevkandidat eller kandidat til fagbrev på jobb er sidestilt med lærling etter Anskaffingsloven § 7 og forskrift om plikt til å stille krav om bruk av lærlingar i offentlege kontraktar.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 24. sep 2019, Sist endra: 25. sep 2019