Bygg for endringsdugleik og ombruk

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Materialar

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Byggjesektoren står for ein vesentleg del av ressursbruken og klimafotavtrykket i Noreg. I tillegg vert det produsert store mengder byggavfall ved byggjeaktivitet, som er ressurskrevjande å handtere.

Argument

Eit av dei mest effektfulle verkemidla for å redusere klimafotavtrykket til byggjesektoren er å redusere produksjonen av nye byggjematerialar, og byggje bygningar med lengre levetid som kan oppfylle ulike funksjonar i framtida. I tillegg bør det vere enkelt å nytte om att byggjematerialar når dei blir bytte ut eller bygget blir rehabilitert eller rive. Det ligg eit stort potensial i å redusere klimagassutslepp frå byggjematerialar ved å auke ombruk, og ein sirkulær byggjebransje er ein vesentleg del av ein sirkulær økonomi. Endringsdyktige bygg og ombruk av byggjematerialar reduserer klimagassutslepp frå produksjon av nye materialar og mengda avfall.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal greie ut om korleis det er mogleg å leggje til rette for eit endringsdyktig bygg og ombruk av materialar etter at brukstida for bygget og materialane er over. Relevante tiltak skal implementerast i prosjekteringa. Dei følgjande elementa skal som eit minstekrav vere til stades i utgreiinga jf. tabell:

  1. Endringsdyktige bygg

  2. Riktig levetid på komponentar

  3. Fleksible sambindingar

  4. Merking av materialar og komponentar for ombruk

  5. Kjelder for helse- og miljøskadelege stoff som reduserer framtidig ombruk

Utgreiinga skal utførast i forprosjektet og detaljerast vidare i detaljprosjektet. For kvart tema i tabell 4.30.1 som skal utgreiast skal det gå fram moglege tiltak og korleis ein kan gjennomføre og implementere desse i bygget. Relevante tiltak skal implementerast i prosjekteringa. Dersom forslaga til tiltak har stor påverknad på kostnadar eller framdrift skal det nemnast i utgreiinga.

Tabellen 4.30.1: Punkta ein skal dekkje i utgreiinga, og kva det inneber.
Tema som skal utgreiast Skildring av tema Grunngiving
a. Endringsdyktig bygg

Oppnå høg generalitet ved å lage fleksible romløysingar, nytte moduldesign og standarddimensjonar på komponentar og bygningsdelar.

Form komponentar med låg kompleksitet, og planlegg for bruk av vanlege verktøy.

Fleksibel bruk gjer det mindre sannsynleg at ein må rive bygget tidlegare enn naudsynt.

Aukar sjansane for ombruk av heile bygget pga. arkitektonisk fleksibilitet.

Fremjar sjølvbygging og lokal ombruk, som vidare reduserer behovet for transport.

b. Rett levetid på komponentar

Form bygningsdelar og komponentar med riktig levetid tilpassa funksjon og forventa brukstid. Nytt haldbare materialar som kan nyttast om att etter brukstida i bygget.

Form komponentar og bygningsdelar med tilpassa toleransar for å bli demontert og remontert fleire gonger.

Gjer at ein kan nytte fleire element om att.

Gjer det enklare å demontere og remontere.

Aukar sjansane for riktig vedlikehald og ombruk.

Gjer at ein ikkje treng rive og skifte ut oftare enn nødvendig.

c. Fleksible sambindingar

Bruk reversible sambindingar mellom komponentar og mellom bygningsdelar.

Døme

  • Bruke dyttestrimlar framfor fugeskum til å tette mellom vindauge og vegg

  • Feste komponentar saman mekanisk (skruar og boltar) framfor kjemisk (sveising og lim)

Murverk: Nytte svake sementbaserte mørtlar framfor sterke sementbaserte mørtlar.

Gjer det enklare å demontere og bruke om att materialar etter riving av heile eller delar av bygget.

d. Merk materialar og komponentar for ombruk

Merk materialar og komponenttypar, og koordiner det med informasjon om byggjesystemet.

Merk festepunkt og sørg for at desse er synlege og tilgjengelege.

Gjer det enklare å planleggje riveprosessen, og lettar demontering og sortering.

e. Kjelder for helse- og miljøskadelege stoff som reduserer framtidig ombruk Gjer ei vurdering av, og minimer bruk av, byggjematerialar som kan innehalde helse- og miljøskadelege stoff, sjølv om mengda stoff er innanfor tillatne grenseverdiar. Nokre typar stoff som er innanfor grenseverdiane vi har i dag kan føre til at byggjematerialane ikkje kan nyttast om att ved framtidig riving/rehabilitering. Vel produkt med offisiell miljømerking Type 1. Dette gjer det mindre sannsynleg at materialane kan klassifiserast som farleg avfall i framtida. Grenseverdiane blir stadig endra, og det er vanskeleg å føresjå kva som gjeld når bygget blir rive.

Avansert

  6. Homogene materialar

  7. Fornuftig lagdeling

f. Homogene materialar

Reduser talet på ulike materialar, komponentar og forbindingsmiddel til et minimum. Form ut materialkomponentar der alle delane er laga av det same materialet.

Unngå overflatebehandlingar der det ikkje er naudsynt for å redusere slitasje eller nedbryting av materialane.

Gjer det enklare å demontere og sortere.

Gjer det mogleg med kvalitetskontroll.

Gjer ombruk meir attraktivt og reduserer forureininga ved attvinning
g. Fornuftig lagdeling Form ut dei konstruktive laga som uavhengige system, og ordne laga i samsvar med den forventa levetida for komponentane.

Gjer det enklare å demontere.

Reduserer skade på materialar, spesielt når berre enkeltkomponentar skal skiftast ut.

Relaterte lenkjer: 

Støttande dokument/referansar

Prosjektering for ombruk og gjenvinning, Sivilark. Bente Nuth Leland 2008:

Det mest miljøvennlige avfallstiltaket som kan gjennomføres på lengre sikt, er å hindre at avfall oppstår. Evner man å utnytte en ressurs flere ganger i løpet av dens levetid, har man redusert avfallet til et minimum. Dette vil være spesielt viktig der man forbruker lagerressurser og energiintensive ressurser.

Denne veilederen tar for seg tilrettelegging for fremtidig ombruk og gjenvinning i planleggings- og prosjekteringsprosessen og i mindre grad kostnads- og miljøaspekter ved råvarefremstilling, materialproduksjon og transport.

Samling av case-studier, Circularity in the built environment: Case studies, a compilation of case studies from the CE100:

Samling av case-studier fra ulike byggprosjekt. Case-studiene viser eksempler på sirkulær økonomi i prosjektene, og hvordan erfaringer fra tidligere prosjekt kan brukes videre.

Publisert: 07. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019