Dagslys

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Inneklima

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Kompakte bygningskroppar med tjukke veggar som ofte blir føretrekte for å få energieffektive bygg gjer det vanskelegare å oppnå tilstrekkeleg dagslys. Dagslys har stor innverknad på helse og trivsel, og er avgjerande for effektivitet og tryggleik i arbeidsoperasjonar. Krav til dagslys er regulert i bygningsregelverket, og er ofte ikkje godt nok gjennomført, spesielt med tjukkare veggar på grunn av den auka mengda isolasjon. Samtidig er det viktig at det som blir bygd er brukande med god opplevd kvalitet for brukarane.

Argument

Kriterium for dagslys skal på nivå 1 sikre at krav om dagslys blir varetatt i utføring og på nivå 2 opne for å stille strengare krav til dagslys enn regelverket krev.

Utforming av krav: 

Krav til gjennomsnittleg dagslysfaktor i regelverket TEK17 er minst 2,0 %. Det skal dokumenterast med utrekningar i kvar prosjektfase, dvs. ved konseptval, konseptutgreiing og detaljprosjektering som definert i «Neste steg».

Samsvar skal dokumenterast med utrekningar for dagslysforhold. Utrekningar skal utførast med simuleringsverktøy validert etter CIE 171:2006 og føresetnader gitt i NS-EN 12464-1:2011 kapittel 4.4.

For rom i ei bueining kan kravet om dagslys alternativt dokumenterast med metoden nemnt i rettleiing til TEK17 § 13-7 2. ledd, preaksepterte ytelser avsnitt 1b.

Romprogram med kommentarar som viser kva rom prosjektet har definert som rom for varig opphald og kva rom som ikkje er definert som rom for varig opphald, basert på definisjon i rettleiing til TEK17 §13-7, leverast etter forprosjektet.

 

Unntak som er nemnde i rettleiinga til føresegna vert kommenterte i tabellen under.

Døme på tabell som kan nyttast i kontraktsgjennomføringa som viser romprogram med dagslyskrav.
Romkategori eller romnummer Rommet skal oppfylle krav om dagslysfaktor 2,1 % Rommet skal oppfylle forskriftskrav om dagslys. Rommet faller ikke under definisjon av rom for varig opphold (skriv begrunnelse om nødvendig) Det foreligger andre grunner enn opphold til at rommet unntas dagslyskrav
         
         
         
Informasjon om kravet: 

Kravet i TEK seier at dokumentasjonen skal vere på plass før overtaking. Ved å dokumentere dagslys i prosjekteringa, vert sannsynet for godt dagslys større.

 

Du finn TEK17 §13-7, med rettleiing her

 

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Kompakte bygningskroppar med tjukke veggar som ofte blir føretrekte for å få energieffektive bygg gjer det vanskelegare å oppnå tilstrekkeleg dagslys. Dagslys har stor innverknad på helse og trivsel, og er avgjerande for effektivitet og tryggleik i arbeidsoperasjonar. Krav til dagslys er regulert i bygningsregelverket, og er ofte ikkje godt nok gjennomført, spesielt med tjukkare veggar på grunn av den auka mengda isolasjon. Samtidig er det viktig at det som blir bygd er brukande med god opplevd kvalitet for brukarane.

Argument

Kriterium for dagslys skal på nivå 1 sikre at krav om dagslys blir varetatt i utføring og på nivå 2 opne for å stille strengare krav til dagslys enn regelverket krev.

Utforming av krav: 

Gjennomsnittleg dagslysfaktor i rom for varig opphald er minst 2,1 % og skal dokumenterast med utrekningar i kvar prosjektfase, dvs. ved konseptval, utgreiing av konsept og detaljprosjektering som definert i «Neste steg».

Samsvar skal dokumenterast med utrekningar for dagslysforhold. Utrekningane skal utførast med simuleringsverktøy validert etter CIE 171:2006 og føresetnadar gitt i NS-EN 12464-1:2011 kapittel 4.4.

For rom i bustad kan dagslyskravet alternativt dokumenterast med metode gitt i rettleiing til TEK17 § 13-7 2. ledd, preaksepterte ytingar avsnitt 1b.

Romprogram med kommentarar som syner kva rom prosjektet har definert som rom for varig opphald og kva rom som ikkje er definert som rom for varig opphald, basert på definisjon i rettleiing til TEK 17 §13-7.

 

Unntak som er nemnd i rettleiing til forskrift kommenterast i tabellen under.

Døme på tabell som kan nyttast i kontraktsgjennomføringa som viser romprogram med dagslyskrav.
Romkategori eller romnummer Rommet skal oppfylle krav om dagslysfaktor 2,1 % Rommet skal oppfylle forskriftskrav om dagslys. Rommet faller ikke under definisjon av rom for varig opphold (skriv begrunnelse om nødvendig) Det foreligger andre grunner enn opphold til at rommet unntas dagslyskrav
         
         
         

 

Informasjon om kravet: 

Kravet i TEK seier at dokumentasjonen skal vere på plass før overtaking. Ved å dokumentere dagslys i prosjekteringa, vert sannsynet for godt dagslys større.

 

Du finn TEK17 §13-7, med rettleiing her

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 06. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019