Dagslys, lyskvalitet og utsyn

Grupper: 
  • Leige av eigedom
Kategori: 
  • Inneklima

Minimum

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Føremålet med kriteriet er å oppnå tilstrekkeleg med dagslys og utsyn på arbeidsplassen. Dagslys har stor innverknad på helse og trivsel, og er avgjerande for effektivitet og tryggleik i arbeidsoperasjonar.

Utforming av krav: 

Alle areal med faste arbeidsplassar skal ha dagslys og utsyn, og skal tilfredsstille krav i «Forskrift om utforming og innretning av arbeidsplassar og arbeidslokale (Arbeidsplassforskrifta)».

For å sikre utsyn i arbeidsrom skal vindaugearealet minimum vere ≥ 20 % av det totale innvendige veggarealet, når avstand frå arbeidsplassen til vindauge maksimalt er 7 m. Når avstanden aukast, må arealet aukast.

For avstand på 8-11 m     > 25%

For avstand på 11-14 m   > 30%

For avstand over 14 m     > 35%

Dokumentasjon av kravet: 

Spesifiserast i leveranseskildring med teikningar alternativt med foto og synfaring.

Informasjon om kravet: 

Alle areal med faste arbeidsplassar skal ha dagslys og utsyn. For nye bygg er det i rettleiing til teknisk forskrift gjevne rettleiingar og føringar for løysingar som tilfredsstiller krav. Kravet kan per i dag dokumenterast ved at middeldagslysfaktor i arbeidsareala er minst DF = 2%. Middeldagslysfaktor bør som hovudregel brukast til vurderingar i nye og totalrehabiliterte bygg, der det er mogleg å påverke utforminga av vindauge i bygget.

Kravet til minimum middeldagslysfaktor kan alternativt dokumenterast med utrekning av dagslysautonomien til rommet. Dagslysautonomien skildrar kor stor del av året som rommet vil ha tilstrekkeleg lys frå dagslys gjennom fasade/vindauge. Dagslysautonomi er difor generelt eit betre måltal enn DF til å måle dagslyskvalitet i eit rom. Per i dag er dagslysautonomi ikkje vanleg for dokumentasjon av dagslyskvalitetar, men om ein ønskjer å ta i bruk alternative solskjermingsteknologiar, til dømes Microshade, må ein bruke dagslysautonomi for å dokumentere kvaliteten.

For eksisterande bygg er dette ikkje mogleg og difor er det framlegg om eit alternativt krav for «Minimumsnivå» i denne rettleiaren. Kravet for «Minimumsnivå» er basert på eit krav til dagslys som vurderast å tilfredsstille «Arbeidsplassforskrifta» sine krav til dagslys og utsyn (forskrifta har ikkje eit talfesta mål).

Det er ein klar samanheng mellom lystransmittansen til vindauget (LT-verdi), og eigenskapane til vindauget i høve til soltransmisjon (g-verdi). Lågare LT-verdi, gjev lågare g-verdi, og omvendt. I rom med kjølekrav er det høveleg å velje eit vindauge med låg g-verdi. Samstundes bør det sikrast gode dagslystilhøve. Det krev høg LT-verdi (LT>0,7), og valet er difor eit kompromiss mellom eit ønske om låg g-verdi og eit ønske om høg LT-verdi og høgt dagslysinnslepp. Det er vanskeleg å gje nokre generelle reglar for tilrådde LT- og g-verdiar, men i rom med høgare del vindauge (vindaugeareal > 20% av BRA) kan det truleg veljast vindauge med lågare LT-verdi, og med det lågare g-verdi, men i rom med mindre vindaugeareal må det veljast høg LT-verdi.

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Føremålet med kriteriet er å oppnå tilstrekkeleg med dagslys og utsyn på arbeidsplassen. Dagslys har stor innverknad på helse og trivsel, og er avgjerande for effektivitet og tryggleik i arbeidsoperasjonar.

Utforming av krav: 

Alle areal med faste arbeidsplassar skal tilfredsstille krav i teknisk forskrift, § 13-7 og 8.

Lysanlegga skal følgje retningslinjene i publikasjonane til Norsk Lyskultur og dimensjonerast etter Norsk Lyskultur si siste utgåve av lux-tabellen.

Dokumentasjon av kravet: 

Krav til dagslys er oppfylt om enten a, eller b er oppfylt.

a) Gjennomsnittleg dagslysfaktor i rommet er minimum 2 %.

b) I rom der ikkje heile arealet er tiltenkt som opphaldssone, held det at opphaldssona(ene) har ein utrekna gjennomsnittleg dagslysfaktor på minimum 2 %. 

Samsvar dokumenterast med utrekningar av mest kritiske rom i høve til dagslystilhøve. Utrekningar gjerast med simuleringsverktøy validerte etter CIE 171:2006 og føresetnader gjevne i NS-EN 12464-1:2011 kapittel 4.4.

Informasjon om kravet: 

Alle areal med faste arbeidsplassar skal ha dagslys og utsyn. For nye bygg er det i rettleiing til teknisk forskrift gjevne rettleiingar og føringar for løysingar som tilfredsstiller krav. Kravet kan per i dag dokumenterast ved at middeldagslysfaktor i arbeidsareala er minst DF = 2%. Middeldagslysfaktor bør som hovudregel brukast til vurderingar i nye og totalrehabiliterte bygg, der det er mogleg å påverke utforminga av vindauge i bygget.

Kravet til minimum middeldagslysfaktor kan alternativt dokumenterast med utrekning av dagslysautonomien til rommet. Dagslysautonomien skildrar kor stor del av året som rommet vil ha tilstrekkeleg lys frå dagslys gjennom fasade/vindauge. Dagslysautonomi er difor generelt eit betre måltal enn DF til å måle dagslyskvalitet i eit rom. Per i dag er dagslysautonomi ikkje vanleg for dokumentasjon av dagslyskvalitetar, men om ein ønskjer å ta i bruk alternative solskjermingsteknologiar, til dømes Microshade, må ein bruke dagslysautonomi for å dokumentere kvaliteten.

For eksisterande bygg er dette ikkje mogleg og difor er det framlegg om eit alternativt krav for «Minimumsnivå» i denne rettleiaren. Kravet for «Minimumsnivå» er basert på eit krav til dagslys som vurderast å tilfredsstille «Arbeidsplassforskrifta» sine krav til dagslys og utsyn (forskrifta har ikkje eit talfesta mål).

Det er ein klar samanheng mellom lystransmittansen til vindauget (LT-verdi), og eigenskapane til vindauget i høve til soltransmisjon (g-verdi). Lågare LT-verdi, gjev lågare g-verdi, og omvendt. I rom med kjølekrav er det høveleg å velje eit vindauge med låg g-verdi. Samstundes bør det sikrast gode dagslystilhøve. Det krev høg LT-verdi (LT>0,7), og valet er difor eit kompromiss mellom eit ønske om låg g-verdi og eit ønske om høg LT-verdi og høgt dagslysinnslepp. Det er vanskeleg å gje nokre generelle reglar for tilrådde LT- og g-verdiar, men i rom med høgare del vindauge (vindaugeareal > 20% av BRA) kan det truleg veljast vindauge med lågare LT-verdi, og med det lågare g-verdi, men i rom med mindre vindaugeareal må det veljast høg LT-verdi.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Føremålet med kriteriet er å oppnå tilstrekkeleg med dagslys og utsyn på arbeidsplassen. Dagslys har stor innverknad på helse og trivsel, og er avgjerande for effektivitet og tryggleik i arbeidsoperasjonar.

Utforming av krav: 

Alle areal med faste arbeidsplassar skal tilfredsstille krav i teknisk forskrift, § 13-7 og 8.

Lysanlegga skal følgje retningslinjene i publikasjonane til Norsk Lyskultur og dimensjonerast etter Norsk Lyskultur si siste utgåve av lux-tabellen.

Bygget skal tilfredsstille krav til 2 poeng i BREEAM-NOR 2016, Hea 1 - inneluftkvalitet.

Dokumentasjon av kravet: 

Dokument som svarar til samsvarsnotat i BREEAM-NOR 2016 Hea 1 - visuell komfort, pkt. 1-2 og 5-8.

Spydspiss

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Føremålet med kriteriet er å oppnå tilstrekkeleg med dagslys og utsyn på arbeidsplassen. Dagslys har stor innverknad på helse og trivsel, og er avgjerande for effektivitet og tryggleik i arbeidsoperasjonar.

Utforming av krav: 

Alle areal med faste arbeidsplassar skal tilfredsstille krav i teknisk forskrift, § 13-7 og 8.

Lysanlegga skal følgje retningslinjene i publikasjonane til Norsk Lyskultur og dimensjonerast etter Norsk Lyskultur si siste utgåve av lux-tabellen.

Skal tilfredsstille krav til 4 poeng i BREEAM-NOR 2016, Hea 1 - visuell komfort.

Dokumentasjon av kravet: 

Dokument som svarar til samsvarsnotat i BREEAM-NOR 2016 Hea 1 - visuell komfort, pkt. 1-2 og 5-8.

Informasjon om kravet: 

Alle areal med faste arbeidsplassar skal ha dagslys og utsyn. For nye bygg er det i rettleiing til teknisk forskrift gjevne rettleiingar og føringar for løysingar som tilfredsstiller krav. Kravet kan per i dag dokumenterast ved at middeldagslysfaktor i arbeidsareala er minst DF = 2%. Middeldagslysfaktor bør som hovudregel brukast til vurderingar i nye og totalrehabiliterte bygg, der det er mogleg å påverke utforminga av vindauge i bygget.

Kravet til minimum middeldagslysfaktor kan alternativt dokumenterast med utrekning av dagslysautonomien til rommet. Dagslysautonomien skildrar kor stor del av året som rommet vil ha tilstrekkeleg lys frå dagslys gjennom fasade/vindauge. Dagslysautonomi er difor generelt eit betre måltal enn DF til å måle dagslyskvalitet i eit rom. Per i dag er dagslysautonomi ikkje vanleg for dokumentasjon av dagslyskvalitetar, men om ein ønskjer å ta i bruk alternative solskjermingsteknologiar, til dømes Microshade, må ein bruke dagslysautonomi for å dokumentere kvaliteten.

For eksisterande bygg er dette ikkje mogleg og difor er det framlegg om eit alternativt krav for «Minimumsnivå» i denne rettleiaren. Kravet for «Minimumsnivå» er basert på eit krav til dagslys som vurderast å tilfredsstille «Arbeidsplassforskrifta» sine krav til dagslys og utsyn (forskrifta har ikkje eit talfesta mål).

Det er ein klar samanheng mellom lystransmittansen til vindauget (LT-verdi), og eigenskapane til vindauget i høve til soltransmisjon (g-verdi). Lågare LT-verdi, gjev lågare g-verdi, og omvendt. I rom med kjølekrav er det høveleg å velje eit vindauge med låg g-verdi. Samstundes bør det sikrast gode dagslystilhøve. Det krev høg LT-verdi (LT>0,7), og valet er difor eit kompromiss mellom eit ønske om låg g-verdi og eit ønske om høg LT-verdi og høgt dagslysinnslepp. Det er vanskeleg å gje nokre generelle reglar for tilrådde LT- og g-verdiar, men i rom med høgare del vindauge (vindaugeareal > 20% av BRA) kan det truleg veljast vindauge med lågare LT-verdi, og med det lågare g-verdi, men i rom med mindre vindaugeareal må det veljast høg LT-verdi.

Publisert: 13. des 2018, Sist endra: 31. Mai 2019