Deksel for meir robuste nettbrett

Grupper: 
  • Nettbrett
Kategori: 
  • Forlenge levetid

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Føremålet er å oppnå auka levetid på nettbrett. Ved å beskytte nettbrett med deksel, vil det tole kvardagsleg slitasje og uhell. Det kan gje utstyret reduserte kostnader knytte til reparasjon og lengre levetid.

Utforming av krav: 

Det skal vere tilbod om deksel til alle tilbodne nettbrettmodellar. Det å kjøpe nettbrett utan deksel skal krevje eit aktivt fråval.

Der oppdragsgjevar ønskjer det, skal kombinasjonen av deksel og nettbrett utgjere ei eiga/eigne varelinje(r) med eige bestillingsnummer

Informasjon om kravet: 

Nettbrett utsetjast gjerne for røff bruk, dei blir slengde rundt i vesker og bagar, og kan lett utsetjast for fall og støyt, og skjermen vil trenge vern. Det er difor viktig å stille krav til eit deksel som gjer det mogleg å ta betre vare på anskaffa nettbrett.

Målet med kravet er også å hindre at bestillarar som er mindre kjende med mål og krav i anskaffinga umedvitne unngår å anskaffe deksel, som kan bidra til å avgrense levetida til nettbrettet. 

 

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Føremålet er å oppnå auka levetid på nettbrett. Ved å verne nettbrett med deksel som er testa for å vere robust, vil det betre tole røff bruk, til dømes med tanke på grunnskoleelevar. Det vil kunne gje utstyret reduserte kostnader knytte til reparasjon, og lengre levetid.

Utforming av krav: 

Til nettbrett som skal tole røff behandling, til dømes ved bruk av elevar i grunnskolen, skal det vere tilbod om deksel som er designa for eller testa i samsvar med US MIL-STD-810G eller tilsvarande testprosedyre. Det å kjøpe nettbrett utan deksel skal krevje eit aktivt fråval.

Der oppdragsgjevar ønskjer det, skal kombinasjonen av deksel og nettbrett utgjere ei eiga/ egne varelinje(r) med eige bestillingsnummer

Dokumentasjon av kravet: 

Dokumentasjonen skal kunne gjevast opp på førespurnad, til dømes i kontraktoppfølgingsmøte.

Informasjon om kravet: 

Ved anskaffing av nettbrett til grunnskole rår vi til å ta i bruk det avanserte kravet, som stiller krav til robustleik.

Nettbrett utsetjast gjerne for røff bruk, dei blir slengde rundt i vesker og bagar, og kan lett utsetjast for fall og støyt, og skjermen vil trenge vern. Det er difor viktig å stille krav til eit deksel som gjer det mogleg å ta betre vare på anskaffa nettbrett.

Målet med kravet er også å hindre at bestillarar som er mindre kjende med mål og krav i anskaffinga umedvitne unngår å anskaffe deksel, som kan bidra til å avgrense levetida til nettbrettet. 

Det er to sentrale fordelar med å etterspørje deksel som er designa for eller testa i samsvar med robustleiksstandardar:

  1. Nettbretta vil tole meir – og levetida vil kunne auke
  2. Om ein planlegg vidaresal av utstyr, vil ein kunne få ein høgare restverdi – utstyret har høgare verdi i sitt «andre liv» samanlikna med anna utstyr. 

Det synar å vere langt færre nettbrett som oppfyller robusthetstestar enn berbare PCer. Nett derfor kan det være et godt alternativ å etterspørje robusthetstesta deksel til nettbretta, som vil gjere nettbretta meir robuste. 

 

 

 

 

Publisert: 19. sep 2019, Sist endra: 27. sep 2019