Emballasje i direkte kontakt med mat

Grupper: 
  • Måltidstenester
Kategori: 
  • Emballasje

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Hovudføremålet med dette kravet er å auke delen emballasje som går til materialgjenvinning ved at det blir stilt krav om slik framstilling og utforming av emballasjen at han er eigna for materialgjenvinning. 

 

 

Utforming av krav: 

Emballasjen som blir brukt for å beskytte produkta i denne avtalen, skal kunne materialgjenvinnast og heile tida oppfylle krava i avfallsforskrifta § 7-4, «Grunnleggende krav til emballasjens sammensetting mv.».

Leverandøren skal heile tida sikre at brukaren har nødvendig og korrekt informasjon for kjeldesortering av emballasjen til produkta som blir leverte på denne avtalen. Anten ved at emballasjen er tydeleg og korrekt merkt med korleis han skal kjeldesorterast og/eller ved å lage lett tilgjengeleg informasjon om korleis emballasjen blir kjeldesortert, som ein gjev til nøkkelpersonar ved dei enkelte leveringspunkta.

Leverandør skal kontrollere at kontraktsvilkåret blir halde i heile kontraktsperioden, til dømes ved stikkprøvekontroll. Slik kontroll vil vere ein del av den generelle oppfølginga av kontrakten.

Dokumentasjon av kravet: 

Dersom det for nokre produkt ikkje er mogleg å nytte emballasje som kan materialgjenvinnast, skal det opplysast om kvifor det ikkje er mogleg. Det er då føresett at emballasjen er eigna for energigjenvinning.

 

 

Informasjon om kravet: 

Å stille miljøkrav til emballasje vil være en avveiing mellom emballasjens eige fotavtrykk og fotavtrykket til produkta som emballasjen skal beskytte. Særleg plastemballasje utgjør eit stort miljøproblem om den havner på avveie. Emballasje er viktig for å beskytte matprodukta og halde på kvalitet . Emballasje har og ein særlig rolle for å sikre mattrygghet og forebyggje matsvinn.

Emballasjemarkedet er i stadig utvikling og materialene som kan gjenvinnes øker i omfang. Det er derfor ikkje alltid like formålsenleg å stille særlege krav til emballasjens materialer eller bestanddeler, men heller krever at emballasjen skal «være egna for ombruk og kunne materialgjenvinnes».

Ikke all emballasje er materialgjenvinnbar. Det skyldes at laminater brukast for å sikre produktenes kvalitet og holdbarhet. Energien fra emballasjen er likevel gjenvinnbar.

 

 

Kriterierelasjoner og konflikter: 

Leveringsemballasje (transport ,pakkekasser, fruktkurver. m.m)

Relatert kriterium

Håndtering av emballasje og emballasjeavfall

Relatert kriterium

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 22. mar 2019, Sist endra: 31. Mai 2019