Emballasje til PC-ar og skjermar

Grupper: 
  • PC-ar og skjermar
Kategori: 
  • Miljøvenleg distribusjon

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Føremålet er å redusere mengda emballasje, og å oppnå at ein større del av emballasjen materialgjenvinnast.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal gjennom kontraktperioden arbeide for å oppnå følgjande:

  • Redusere bruk av plast og auke delen av fornybar og resirkulert materiale.
  • Syte for at emballasje lett skal kunne separerast for hand i enkeltmateriale som kan resirkulerast (til dømes papp, papir, plast og tekstil). 

Dokumentasjon av kravet: 

Tiltak vil vere gjenstand for kontraktoppfølging.

Informasjon om kravet: 

Emballasje er eit kjent miljøproblem, det har kort levetid, og genererer store mengder avfall. Difi opplever at det per dags dato er utfordrande å etablere absolutte krav til mengde fornybart og resirkulert materiale, men at emballasje er noko leverandørar jobbar kontinuerleg med og bør utfordrast på.

Difi har utarbeidd ein plastrettleiar som kan brukast av oppdragsgjevarar for å redusere plast i anskaffingar – og bruke plast smartare (sjå lenkjer nedanfor).

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 23. sep 2019, Sist endra: 25. sep 2019