Energieffektiv ventilasjon

Grupper: 
  • Leige av eigedom
Kategori: 
  • Energibruk og kostnader

Minimum

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

En stor del av energibruken i bygg er knyttet til ventilasjon og kjøling. Ventilasjon med varmegjenvinning og regulering etter tilstedeværelse er med på å skape et godt innemiljø og redusere energiutgiftene.

Utforming av krav: 

I brukstiden skal ventilasjon, varme og kjøling løpende tilpasses det aktuelle behovet, så energibruken kan reduseres mest mulig. Krav er:

  • temperaturstyring av varmepådrag på sonenivå
  • AV/PÅ styring av ventilasjon på bygningsnivå

    Dokumentasjon av kravet: 

    Teikningar og tekniske spesifikasjonar skal spesifiserast for leveransen.

    Informasjon om kravet: 

    I moderne bygg er ein stor del av energibruken knytt til ventilasjon og kjøling, og det bør difor stillast krav til energieffektiviteten på desse systema.

    Påkjenninga i bygget varierer over året, varierer over dagen, varierer frå ein del av bygget til ein annan og varierer for ulike funksjonar og leigetakarar.

    I mange bygg varierer nærvær i areala mykje over dagen, og ofte er lokala ikkje i bruk med 100 % påkjenning.

    Dei tekniske installasjonane er likevel ofte (alltid) dimensjonerte og optimerte for 100 % påkjenning (kanskje 120 %). Konsekvensen er at systema ofte er overdimensjonerte (i høve til reell påkjenning). Dette fører ofte med seg ein unødvendig høg energibruk som ei følgje av at systema ikkje er energieffektive på dellast (mellom 10 % og 100 % påkjenning).

    For å optimere energibruken i reell drift, skal dei tekniske systema så langt det er mogleg kunne tilpassast ulike driftssituasjonar, og det bør stillast krav til denne tilpassinga. Ein kan nå tilpassinga med aktive tekniske system, men ho kan også nåast ved bruk av bufra designstrategiar der bygget i seg sjølv er ein buffer. Eit døme på ein bufrande strategi er å designe med eksponert termisk masse, og sjølvregulerande system for oppvarming og kjøling.

    Avansert ambisjonsnivå og spydspissnivå kan krevje relativt komplekse tekniske system og reguleringsutstyr. Dette kan vere i konflikt med å nå reell låg driftskostnad, då kompliserte tekniske system er kostnadskrevjande å vedlikehalde. Kompliserte system har også auka risiko for feil, som gjev dårleg inneklima og misnøgde brukarar.

    Basis

    Krav- og kriterietyper: 
    • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

    Hovudføremål: 

    Ein stor del av energibruken i bygg er knytt til ventilasjon og kjøling. Ventilasjon med varmegjenvinning og regulering etter nærvær er med på å skape eit godt innemiljø og redusere energiutgiftene.

    Utforming av krav: 

    Varmegjenvinning på balansert ventilasjon skal vere > 80 %.

    SFP for balansert ventilasjon skal vere < 2,0 kW/m3.

    I brukstida skal ventilasjon, varme og kjøling kontinuerleg tilpassast det aktuelle behovet, så energibruken kan reduserast så langt det er mogleg. Krav er:

    AV/PÅ-styring av ventilasjon til alle leigeareal.

    Avansert

    Krav- og kriterietyper: 
    • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

    Hovudføremål: 

    Ein stor del av energibruken i bygg er knytt til ventilasjon og kjøling. Ventilasjon med varmegjenvinning og regulering etter nærvær er med på å skape eit godt innemiljø og redusere energiutgiftene.

    Utforming av krav: 

    Varmegjenvinning på balansert ventilasjon skal vere > 85 %.

    SFP for balansert ventilasjon skal vere < 1,5 kW/m3.

    I brukstida skal ventilasjon, varme og kjøling kontinuerleg tilpassast det aktuelle behovet, så energibruken kan reduserast så langt det er mogleg. Krav er:

    • AV/PÅ-styring av ventilasjon til alle leigeareal.
    • Ventilasjon, kjøling og oppvarming skal heile tida tilpassast behova i sona.

    Regulering skal modulere kapasitet i følgjande intervall:

    • Cellekontor 20 – 100 % av dimensjonerande kapasitet
    • Landskap 20 – 100 % av dimensjonerande kapasitet
    • Møterom 20 – 100 % av dimensjonerande kapasitet

      Dokumentasjon av kravet: 

      Teikningar og tekniske spesifikasjonar skal spesifiserast for leveransen.

      Informasjon om kravet: 

      I moderne bygg er ein stor del av energibruken knytt til ventilasjon og kjøling, og det bør difor stillast krav til energieffektiviteten på desse systema.

      Påkjenninga i bygget varierer over året, varierer over dagen, varierer frå ein del av bygget til ein annan og varierer for ulike funksjonar og leigetakarar.

      I mange bygg varierer nærvær i areala mykje over dagen, og ofte er lokala ikkje i bruk med 100 % påkjenning.

      Dei tekniske installasjonane er likevel ofte (alltid) dimensjonerte og optimerte for 100 % påkjenning (kanskje 120 %). Konsekvensen er at systema ofte er overdimensjonerte (i høve til reell påkjenning). Dette fører ofte med seg ein unødvendig høg energibruk som ei følgje av at systema ikkje er energieffektive på dellast (mellom 10 % og 100 % påkjenning).

      For å optimere energibruken i reell drift, skal dei tekniske systema så langt det er mogleg kunne tilpassast ulike driftssituasjonar, og det bør stillast krav til denne tilpassinga. Ein kan nå tilpassinga med aktive tekniske system, men ho kan også nåast ved bruk av bufra designstrategiar der bygget i seg sjølv er ein buffer. Eit døme på ein bufrande strategi er å designe med eksponert termisk masse, og sjølvregulerande system for oppvarming og kjøling.

      Avansert ambisjonsnivå og spydspissnivå kan krevje relativt komplekse tekniske system og reguleringsutstyr. Dette kan vere i konflikt med å nå reell låg driftskostnad, då kompliserte tekniske system er kostnadskrevjande å vedlikehalde. Kompliserte system har også auka risiko for feil, som gjev dårleg inneklima og misnøgde brukarar.

      Spydspiss

      Krav- og kriterietyper: 
      • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

      Hovudføremål: 

      Ein stor del av energibruken i bygg er knytt til ventilasjon og kjøling. Ventilasjon med varmegjenvinning og regulering etter nærvær er med på å skape eit godt innemiljø og redusere energiutgiftene.

      Utforming av krav: 

      Varmegjenvinning på balansert ventilasjon skal vere > 85 %.

      SFP for balansert ventilasjon < 1,0 kW/m3.

      I brukstida skal ventilasjon, varme og kjøling kontinuerleg tilpassast det aktuelle behovet, så energibruken kan reduserast så langt det er mogleg. Krav er:

      • AV/PÅ-styring av ventilasjon til alle leigeareal.
      • Ventilasjon, kjøling og oppvarming skal heile tida tilpassast behova i sona.

      Regulering skal modulere kapasitet i følgjande intervall:

      • Cellekontor 10 – 100 % av dimensjonerande kapasitet
      • Landskap 10 – 100 % av dimensjonerande kapasitet
      • Møterom 10 – 100 % av dimensjonerande kapasitet

        Dokumentasjon av kravet: 

        Teikningar og tekniske spesifikasjonar skal spesifiserast for leveransen.

        Informasjon om kravet: 

        I moderne bygg er ein stor del av energibruken knytt til ventilasjon og kjøling, og det bør difor stillast krav til energieffektiviteten på desse systema.

        Påkjenninga i bygget varierer over året, varierer over dagen, varierer frå ein del av bygget til ein annan og varierer for ulike funksjonar og leigetakarar.

        I mange bygg varierer nærvær i areala mykje over dagen, og ofte er lokala ikkje i bruk med 100 % påkjenning.

        Dei tekniske installasjonane er likevel ofte (alltid) dimensjonerte og optimerte for 100 % påkjenning (kanskje 120 %). Konsekvensen er at systema ofte er overdimensjonerte (i høve til reell påkjenning). Dette fører ofte med seg ein unødvendig høg energibruk som ei følgje av at systema ikkje er energieffektive på dellast (mellom 10 % og 100 % påkjenning).

        For å optimere energibruken i reell drift, skal dei tekniske systema så langt det er mogleg kunne tilpassast ulike driftssituasjonar, og det bør stillast krav til denne tilpassinga. Ein kan nå tilpassinga med aktive tekniske system, men ho kan også nåast ved bruk av bufra designstrategiar der bygget i seg sjølv er ein buffer. Eit døme på ein bufrande strategi er å designe med eksponert termisk masse, og sjølvregulerande system for oppvarming og kjøling.

        Avansert ambisjonsnivå og spydspissnivå kan krevje relativt komplekse tekniske system og reguleringsutstyr. Dette kan vere i konflikt med å nå reell låg driftskostnad, då kompliserte tekniske system er kostnadskrevjande å vedlikehalde. Kompliserte system har også auka risiko for feil, som gjev dårleg inneklima og misnøgde brukarar.

        Publisert: 14. des 2018, Sist endra: 31. Mai 2019