Energieffektivitet og -effekt

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Energi

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Energibruken påverkar i stor grad økonomien i heile levetida til bygget.

Energiforbruket i bygg står for 40 % av energiforbruket nasjonalt, i hovudsak elektrisitet. Det vert bygd stadig fleire bygningar som treng energi. Styrka forsyningstryggleik er viktig å nå ved fleksibel og effektiv effekt- og energibruk.

Kostnadane til utbygging av kraftnettet for å ta vare på forsyningstryggleiken i energisystemet er store, og det er eit mål å få ned effektbehovet.

Argument

Høgare investeringskostnadar for å senke energibehovet og -effektuttaket kan medverke til god totaløkonomi på grunn av lågare driftskostnadar. Ved å utforme bygget optimalt kan ein senke energibehovet og slik frigjere middel til andre formål i heile levetida til bygget. Noko av det viktigaste for å redusere behovet for energi i eit bygg er difor å byggje energieffektivt og -fleksibelt.

Eit redusert effektbehov medverkar til å avlaste lokale og sentrale energisentralar, og infrastruktur for energi. Prisen for effekt vert bestemt av det maksimale effektuttaket. Tiltak for å redusere effektuttak kan dermed redusere energikostnadane. Ved å nytte energifleksible løysingar, reduserer ein òg si eiga sårbarheit for å vere avhengig av ei energikjelde, for eksempel ved at du kan bruke energi du lagrar sjølv.

Utforming av krav: 

Bygget skal byggjast som passivhus etter passivhusstandard NS3700/NS3701. Rapport frå energiutrekning i samsvar med NS 3700/NS 3701 skal leverast før overlevering:

  • Dokumentasjonen på valte komponentar og løysingar for den ferdigstilte bygningen skal innehalde det følgjande:

    • Stadfesting av at inndata som er nytta for energiutrekninga er representativt for den ferdigstilte bygningen

    • Rapport frå lekkasjeprøving for den ferdigstilte bygningen etter NS-EN ISO 9972

    • Vedlagt termograferingsrapport etter NS-EN 13187 dersom bygningen er termografert

  • Den som vurderer om bygningen innfrir kriteria for passivhus gitt i standarden skal utferde ein attest saman med rapporten. Attesten skal minst innehalde:

    • Krav til varmetapstal (NS 3701 pkt. 4.1).

    • Krav til kjølebehov (NS 3701 pkt 4.3).

    • Krav til oppvarmingsbehov (NS 3701 pkt. 4.2).

    • Krav til energiforsyning (NS 3701 pkt. 4.5).

    • Minstekrav til bygningsdelar, komponentar, system og lekkasjetal (NS 3701 pkt. 5).Minstekrav til bygningsdeler, komponenter, systemer og lekkasjetall (NS 3701 pkt. 5).

Informasjon om kravet: 

NS 3700/NS 3701 stiller krav til bustadar og yrkesbygningar slik at dei vert definert som passivhus og lågenergibygningar i norsk klima. Standarden byggjer på utrekningar av energibehov etter NS3031 med standardiserte inndata.

Standarden femner om definisjonar, krav til varmetapstal, maksimalt oppvarmingsbehov og kjølebehov, energibehov til belysning i tillegg til minstekrav til enkelte bygningskomponentar. Standarden gir òg krav til lekkasjetal, prøvingsprosedyrar, målemetodar og rapportering av energiytinga ved fullføring for yrkesbygningar.

Standarden kan nyttast til å:

  • Vurdere om bygningar innfrir krava til passivhus.

  • Stille krav til produkt og bygningselement som vert nytta i passivhus.

  • Stille bygningstekniske krav til utføring av passivhus.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Energibruken påverkar i stor grad økonomien i heile levetida til bygget.

Energiforbruket i bygg står for 40 % av energiforbruket nasjonalt, i hovudsak elektrisitet. Det vert bygd stadig fleire bygningar som treng energi. Styrka forsyningstryggleik er viktig å nå ved fleksibel og effektiv effekt- og energibruk.

Kostnadane til utbygging av kraftnettet for å ta vare på forsyningstryggleiken i energisystemet er store, og det er eit mål å få ned effektbehovet.

Argument

Høgare investeringskostnadar for å senke energibehovet og -effektuttaket kan medverke til god totaløkonomi på grunn av lågare driftskostnadar. Ved å utforme bygget optimalt kan ein senke energibehovet og slik frigjere middel til andre formål i heile levetida til bygget. Noko av det viktigaste for å redusere behovet for energi i eit bygg er difor å byggje energieffektivt og -fleksibelt.

Eit redusert effektbehov medverkar til å avlaste lokale og sentrale energisentralar, og infrastruktur for energi. Prisen for effekt vert bestemt av det maksimale effektuttaket. Tiltak for å redusere effektuttak kan dermed redusere energikostnadane. Ved å nytte energifleksible løysingar, reduserer ein òg si eiga sårbarheit for å vere avhengig av ei energikjelde, for eksempel ved at du kan bruke energi du lagrar sjølv.

 

Utforming av krav: 

Bygget skal byggjast som passivhus etter passivhusstandard NS3700/NS3701. Rapport frå energiutrekning i samsvar med NS 3700/NS 3701 skal leverast før overlevering:

  • Dokumentasjonen på valte komponentar og løysingar for den ferdigstilte bygningen skal innehalde det følgjande:

    • Stadfesting av at inndata som er nytta for energiutrekninga er representativt for den ferdigstilte bygningen

    • Rapport frå lekkasjeprøving for den ferdigstilte bygningen etter NS-EN ISO 9972

    • Vedlagt termograferingsrapport etter NS-EN 13187 dersom bygningen er termografert

  • Den som vurderer om bygningen innfrir kriteria for passivhus gitt i standarden skal utferde ein attest saman med rapporten. Attesten skal minst innehalde:

    • Krav til varmetapstal (NS 3701 pkt. 4.1).

    • Krav til kjølebehov (NS 3701 pkt 4.3).

    • Krav til oppvarmingsbehov (NS 3701 pkt. 4.2).

    • Krav til energiforsyning (NS 3701 pkt. 4.5).

    • Minstekrav til bygningsdelar, komponentar, system og lekkasjetal (NS 3701 pkt. 5).

 

I tillegg skal det gjerast tiltak for å redusere samtidig effektbruk, som lastreduksjon, lastflytting og lokal energilagring.

Leverandøren skal installere effektreduserande tiltak. Dokumentasjonen av inndata og utrekning skal vere i samsvar med gjeldande NS 3031 med eit hevdvunne dynamisk simuleringsprogram for energiutrekningar som er tilgjengeleg på marknaden og som er validert etter gjeldande NS EN ISO 52016-1/52017-1.

Effektreduserande tiltak skal samlast i eit effektbudsjett med energipostar tilsvarande NS 3031 for netto energibudsjett:

Effektpost   Effektbehov [kW] Effektbehov [kW/m2]
1a Romoppvarming    
1b Ventilasjonsvarme    
2 Varmtvatn    
3a Vifter    
3b Pumper    
4 Belysning    
5 Teknisk utstyr    
6a Romkjøling    
6b Ventilasjonskjøling    
7 Utandørs    
Sum effektbehov      

 

Informasjon om kravet: 

Effektbehovet for oppvarming er vanlegvis det største effektbehovet i eit bygg. Det vert rekna ut frå utetemperaturen og varmeisoleringa i bygget. Den utrekna varmeeffekten er den effekten som må tilførast for å varme opp bygget på dei kaldaste dagane i året. Effekt gis i W (watt) eller kW (kilowatt).

Energisystema i bygningen skal levere dimensjonerande innetemperatur ved dimensjonerande utetemperatur om vinteren for staden der bygget ligg. Dimensjonerande effektbehov for bygningar er ikkje direkte regulert, men indirekte ved at det vert stilt krav til forsyningstryggleik og innetemperaturar.

Dei fleste større næringsbygga har ein effektbasert e.l. tariff på nettleige. Det medfører at dei i tillegg til energibruken (kWh), òg blir avrekna for den elektriske effekten (kW) som blir tatt ut av kraftnettet. Avrekna effekt blir som regel rekna ut for den timen i året med høgast gjennomsnittleg effektuttak (kWh/h). Det er difor viktig at ein i tillegg til energireduserande tiltak ser på effektreduserande tiltak, det vil seie tiltak for å halde maksimalt effektuttak nede.

Samtidig effektbruk kan reduserast gjennom:

  • Akkumulering og lagring av energi over kortare eller lengre tidsrom.

  • Smart styring av energibruk.

  • Lastutjamning.

  • Driftstiltak

  • Utveksling av energi mellom bygg.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 08. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019