Energiforbruk

Grupper: 
  • Personbil
Kategori: 
  • Energiforbruk

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Tildelingskriterium

Hovudføremål: 

Dette kriteriet premierer køyretøy med lågt energiforbruk og dermed eit lågare drivstofforbruk. Samtidig motiverer det til innovasjon av meir energieffektive køyretøy.

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å premiere køyretøy med lågt energiforbruk.

 

Utforming av krav: 

Leverandøren vert gitt poeng etter ein skala frå 0 – 10 der 10 poeng er best og vert gitt til tilbodet som er mest energieffektivt.

Vurderinga skal vere basert på følgande element:

  • Energiforbruk (elbilar)

  • Energiinnhaldet i drivstoffet (hydrogen, diesel, bensin, biogass)

 

Dokumentasjon av kravet: 

Energiforbruk vil bli vurdert basert på informasjonen som ligg i Statens vegvesens «Nybilveljar».

Innkjøper kan eventuelt etterspørje merkeplakaten «Miljø- og energimerking av nye personbilar» per bilmodell. Alle forhandlarar er påleggje å ha ein merkeplakat som omtalar miljø- og energieigenskapane til personbilen.

 

Informasjon om kravet: 

Dette tildelingskriteriet bør brukast i kombinasjon med krav (avansert) til CO2- eller NOx-utslepp. Ved å stille avansert krav til anten CO2 eller NOx sikrar du at tilboda møter ein minimumsstandard. Tildelingskriteriet for energiforbruk fungerer då som ein metode for å premiere tilbod med lågare utslepp.

Utrekningsmetode:

Energiforbruk (kWh/100km): 

  • Elbil = energiforbruk
  • Hydrogenbil = hydrogenforbruk *energiinnhaldet i drivstoffet  
  • Ladbare hybridbilar = drivstofforbruk *eneergiinnhaldet i drivstoffet + energiforbruk (el) 
  • Fossildrevne biler = drivstofforbruk * energiinnhaldet i drivstoffet

Energiinnhaldet i drivstoffet:

  • Hydrogen: 3,5 kWh/m3 eller 39,7 kWh/kg.   
  • Diesel: 10,8 kWh/l eller 12,5 kWh/kg.
  •  Bensin: 8,8 kWh/l eller 12 kWh/kg.
  • Naturgass: 10,3 kWh/m3 eller 13,0 kWh/kg. 

Døme: 

  • Behov: 7 nullutsleppsbilar + 3 bilar med firehjulstrekk
  • Tilbod A: 7 elbilar + 1 bensinbil + 2 dieselbilar
  • Tilbod B: 7 elbilar + 3 dieselbilar

Energiforbruk:

  • Tilbod A: 7*1,7 + 1*5,54 + 2 * 5,94 = 29,32
  • Tilbod B: 7*1,7 + 3*5,94 = 28,67

Resultat:

  • Tilbod B oppnår 10 poeng.

Spydspiss

Krav- og kriterietyper: 
  • Tildelingskriterium

Hovudføremål: 

Dette kriteriet premierer køyretøy med lågt energiforbruk og dermed eit lågare drivstofforbruk. Samtidig motiverer det til innovasjon av meir energieffektive køyretøy.

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å premiere køyretøy med lågt energiforbruk.

Utforming av krav: 

Leverandøren vert gitt poeng etter ein skala frå 0 – 10 der 10 poeng er best og vert gitt til tilbodet som er mest energieffektivt.

Vurderinga skal vere basert på følgande element:

  • Energiforbruk (elbilar)

  • Energiinnhaldet i drivstoffet (hydrogen, diesel, bensin, biogass)

 

Dokumentasjon av kravet: 

Energiforbruk vil bli vurdert basert på informasjonen som ligg i Statens vegvesens «Nybilveljar».

Innkjøper kan eventuelt etterspørje merkeplakaten «Miljø- og energimerking av nye personbilar» per bilmodell. Alle forhandlarar er påleggje å ha ein merkeplakat som omtalar miljø- og energieigenskapane til personbilen.

 

 

 

Informasjon om kravet: 

Dette tildelingskriteriet bør brukast i kombinasjon med krav til CO2- eller NOx-utslepp. Ved å stille eit spydspisskrav til anten CO2 eller NOX, sikrar du at tilboda møter ein minimumsstandard. Tildelingskriteriet for energiforbruk fungerer då som ein metode for å skilje mellom nullutsleppskøyretøy.

Tildelingskriteriet for energiforbruk fungerer som ein metode for å premiere tilbod med lågare utslepp. Dei tilbydde personbilane vil bli vekta i høve til tilbydde volum.

Utrekningsmetode:

Energiforbruk (kWh/100km):   

  • Elbil = energiforbruk
  • Hydrogenbil = hydrogenforbruk *energiinnhaldet i drivstoffet
  • Ladbare hybridbilar = drivstofforbruk *energiinnhaldet i drivstoffet + energiforbruk (el)
  • Fossildrevne bilar = drivstofforbruk * energiinnhldet i drivstoffet

Energiinnhaldet i drivstoffet:

  • Hydrogen: 3,5 kWh/m3 eller 39,7 kWh/kg. 
  • Diesel: 10,8 kWh/l eller 12,5 kWh/kg.
  • Bensin: 8,8 kWh/l eller 12 kWh/kg.
  • Naturgass: 10,3 kWh/m3 eller 13,0 kWh/kg. 

Døme: 

  • Behov: 7 nullutslippsbilar + 3 biler med firehjulstrekk
  • Tilbod A: 7 elbilar + 1 bensinbil + 2 dieselbilar
  • Tilbod B: 7 elbilar + 3 dieselbilar

Energiforbruk:

  • Tilbod A: 7*1,7 + 1*5,54 + 2 * 5,94 = 29,32
  • Tilbod B: 7*1,7 + 3*5,94 = 28,67

Resultat:

  • Tilbod B oppnår 10 poeng.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 05. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019