Energioppfølgingssystem og energimåling

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Energi

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Oftast treng bygg meir energi enn det som er rekna ut teoretisk. Det kan vere ei utfordring og vere kostnadsdrivande.

Argument

For å nå betre samsvar mellom teoretisk energibehov og faktisk energibruk, bør bygget vere lagt til rette for god energileiing. Det føreset at bygget har komponentar og system for kartlegging av energidata og overvaking av energibruk i drift.

Delmålarar for å registrere forbruk til forskjellig utstyr og område/areal er eit viktig verktøy for å minimere energibruken i bygg. Då blir det enklare å sjå korleis energi i bygget vert nytta og kva som kan gjerast for å effektivisere. Det legg grunnlaget for eit godt energioppfølgingssystem (EOS), saman med eit system for rapportering og grafisk framstilling.

Utforming av krav: 

Det skal etablerast eit system for energimåling og -oppfølging (EOS) som gjer det mogleg å følgje med på detaljert energibruk løpande og raskt identifisere avvik som påverkar energibruken i bygget.

Leverandøren skal gi dokumentasjon i prosjektet på at kravet er innfridd.

Separate delmålarar kopla til eit energimålingssystem skal måle:

  • Oppvarming (rom og ventilasjon)

  • Varmtvatn

  • Kjøling (rom og ventilasjon)

  • Vifter og pumper (større)

  • Belysning og mindre teknisk utstyr

  • Anna utstyr med stor energibruk dersom det er relevant

Alle målte data skal lagrast, og vert nytta som grunnlag for å identifisere trendar og rekne ut avvik frå normal drift. Energibruken for dei ulike systema skal kunne kommuniserast jamleg til brukarar av bygget

Prosjekteringa skal vise at delmålarar innfrir krava, tilhøyrande systemskjema for alle målarar med skildring av funksjonar skal leggast ved. I tillegg skal ein lage spesifikasjonar for energimålingssystemet og kva krav som er sette til brukargrensesnitt og funksjonar.

Informasjon om kravet: 

Med energioppfølging vert det meint ein systematisk og periodevis kontroll av energibruk, der energibruken vert vurdert i samanheng med utetemperaturen, vurdert mot produsert vare. Det må vidare vurderast opp mot dei parameterane som påverkar energibruken, som inne- og utetemperatur, persontettleik, interne laster/utstyr, lys og luftkvalitet. Det skal vere mogleg å raskt identifisere avvik som påverkar energibruken i bygget, slik at effekten blir minst mogleg.

TEK17 set krav til at bustadblokker og yrkesbygg skal ha energimåling delt etter føremål for oppvarming og tappevatn. Når energibruken blir målt fordelt på fleire føremål og areal, blir det meir fokus på energibruk, og enklare å vurdere moglege tiltak for å få ned energibruken og effekten av desse. Eit meir detaljert energioppfølgingssystem må gi klår, påliteleg og oppdatert informasjon, varsle ved unormale driftstilhøve og indirekte medverke til eit meir medvite energiforbruk.

Alle typar energi levert til eit bygningsområde (lokale / utleigd sone / eining) må målast, dvs. elektrisitet, vassbasert oppvarming og kjøling eller andre former for energi/brensel som blir forbrukt.

Avansert

I tillegg skal det installerast eit tilgjengeleg energimålingssystem eller tilgjengelege delmålarar som dekkjer energitilførselen til alle utleigde område eller, for bygg med berre éin leigetakar, kvar etasje eller eventuelt åtskilde fløyer.

Dersom bygget har mange forskjellige funksjonar med ulike profilar for energiforbruk, må målinga femne om energitilførsel med tanke på soner med forskjellig funksjon.

Informasjon om kravet: 

Med energioppfølging vert det meint ein systematisk og periodevis kontroll av energibruk, der energibruken vert vurdert i samanheng med utetemperaturen, vurdert mot produsert vare. Det må vidare vurderast opp mot dei parameterane som påverkar energibruken, som inne- og utetemperatur, persontettleik, interne laster/utstyr, lys og luftkvalitet. Det skal vere mogleg å raskt identifisere avvik som påverkar energibruken i bygget, slik at effekten blir minst mogleg.

TEK17 set krav til at bustadblokker og yrkesbygg skal ha energimåling delt etter føremål for oppvarming og tappevatn. Når energibruken blir målt fordelt på fleire føremål og areal, blir det meir fokus på energibruk, og enklare å vurdere moglege tiltak for å få ned energibruken og effekten av desse. Eit meir detaljert energioppfølgingssystem må gi klår, påliteleg og oppdatert informasjon, varsle ved unormale driftstilhøve og indirekte medverke til eit meir medvite energiforbruk.

Alle typar energi levert til eit bygningsområde (lokale / utleigd sone / eining) må målast, dvs. elektrisitet, vassbasert oppvarming og kjøling eller andre former for energi/brensel som blir forbrukt.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 08. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019