Entreprenøren sine målsettingar for å vareta miljø i prosjektet og på byggjeplassen

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Utslepp frå byggjeplass
  • Rigg og drift

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Tildelingskriterium

Hovudføremål: 

Motiv

Aktivitetar på byggjeplassen kan gi relativt store miljøpåkjenningar over ein kort periode. Det kan vere utslepp av blant anna klimagassar, produsert avfall, bruk av kjemikal, påverknad på lokalt økosystem, støv, støy, ressursbruk og anna utslepp til luft, grunn og vatn. Nokre typar utslepp kan ha større konsekvensar i byar enn i meir landlege område.

Argument

Dersom prosjektet har ein ambisjon om å redusere miljøpåkjenningane frå byggjeperioden, kan det vere fornuftig at entreprenørar konkurrerer på det. Då lar du entreprenørane kome med gode løysingar. Det kan føre til at entreprenørane utviklar seg på området og finn nye produkt, løysingar eller metodar.

Utforming av tildelingskriterium: 

Målsetjinga og utgreiinga leverandøren har for å vareta miljø på byggjeplassen blir evaluert ut frå korleis ein har greidd ut om desse problemstillingane:

  1. Korleis ein skal vareta miljøomsyn ved tidspress i byggjeprosjektet. Det er stort tidspress i byggjeprosjektet og det er lett for at miljøomsyn ikkje blir varetekne

  2. Utslepp av klimagassar frå byggjeplassen, og reduksjonar av dette

  3. Byggavfall er ressursar på avvegar – korleis handterer ein ombruk og attvinning av material

Tilbydar blir beden om å fylle ut tabell 2.41.1 om miljøkvalitetar i prosjekt og på byggjeplass.

Dokumentasjon av tildelingskriteriet: 

Tilbydar blir beden om å fylle inn tabell 2.41.1 som dokumentasjon på korleis det aktuelle miljøtemaet blir varetatt på byggjeplassen.

Tabell 2.41.1: Utgreiing om miljøkvalitetar på byggjeplassen – Skal fyllast ut av leverandøren
Problemstilling

Målsetjinga entreprenøren har for prosjektet

XX – skal kvantifiserast av leverandøren
Kort utgreiing om korleis leverandøren vil nå målsetjinga Poengsum 0-10 (skal fyllast ut av anskaffaren)

a) Det er stort tidspress i byggjeprosjektet og det er lett for at miljøomsyn utover minstekrava i samsvar med lov, føresegn eller kravspesifikasjon ikkje blir varetekne [presiser dei miljøomsyna som er mest aktuelle for byggjeprosjektet] Kvalitativ skildring    
b) Utslepp av klimagassar frå byggjeplassen representerer ein vesentleg del av dei totale utsleppa knytt til til dømes ein by eller ein kommune. Estimert bruk av fossilt brensel til anleggsmaskiner på byggjeplassen og varme/tørk: XX liter    
c) Byggavfall er ressursar på avvegar

Total mengd byggavfall som oppstår i prosjektet skal ikkje overstige XX kg/m2 BRA

Sorteringsgrad: XX % sortert

Dokumentasjon på måloppnåing skal leverast før overtakinga og skal innehalde dette:

  1. Dokumentasjon på korleis ansvaret for miljø har vore tatt hand om av signerte stillingsinstruksar som dekkjer heile prosjektperioden, risikovurderingar som vart gjort, kva opplæring som vart gjennomført på prosjektet med signert deltakarliste, framdriftsplan som viser korleis miljø er varetatt og rapporterte miljørelaterte avvik.

  2. Samanstilling av mengda fossilt brensel som vart nytta til ulike formål, dokumentert med kvittering frå drivstoffleverandøren.

  3. Ein utfylt avfallsplan som viser planlagde mengder og reelle mengder byggavfall i dei ulike fraksjonane, samt stadfesting frå renovatør på mottak.

Informasjon om tildelingskriteriet: 

Dersom ein nyttar dette tildelingskriteriet med tanke på å vurdere reduksjon av utslepp frå byggjeplassen for en entreprise er det viktig at byggherren på førehand har undersøkt, planlagt og lagt til rette for å optimalisere infrastruktur, til dømes fjernvarme, eller ein annen energiberar som blir planlagt. Ein må då ha ein dialog med marknaden på førehand, slik at dei er førebudde og kan planleggje å få tilgang til tilgjengeleg teknologi som til dømes elektrisitet, hydrogen osb. Resultata av dialogen skal kome fram i konkurransegrunnlaget, slik at tilbydaren kjenner desse føresetnadene. Les meir om kvautsleppsfrie byggje- og anleggsplassar er på Difi sine temasider.

For å dokumentere avfall, må ein rettleie i korleis det skal dokumenterast i kontraktoppfølginga, kva er praksis der ute? Rapporterer dei ein gong i veka? I månaden? Ved milestolpar? Kva er god rettleiing her? T.d. som avfallssetel, og korleis ein skal rapportere det. I kva grad er det mogleg å knyte til fjernvarme, mobile trafostasjonar m.m. Dersom du ikkje kjenner praksis i marknaden din, må du ha ein dialog med marknaden.

Evalueringa av leverandøren blir basert på leverandøren si målsetjing for prosjektet for dei ulike problemstillingane, svara på i tabell 2.41.1.  Tabellen forklarer korleis det skal evaluerast, med 0 - 10 poeng per tema.

Tabell 2.41.2: Miljøkvalitetar på byggjeplassen – hjelp til evaluering av tilbydarar
Problemstilling

Evaluering av svara frå tilbydaren med døme på kva som bør finnast i svara frå entreprenøren.

a) Det er stort tidspress i byggjeperioden og det er lett for at miljøomsyn ikkje blir tilstrekkeleg varetekne.

Organisering og styring av miljøarbeidet, risikovurdering, med forslag til tiltak for å redusere risikoen, slik som opplæring, vernerundar, korleis miljø er inkludert i framdriftsplanen osb.

Evalueringa er kvalitativ. Den beste blir gitt 10 poeng på ein skala frå 0-10.

b) Utslepp av klimagassar frå byggjeplassen representerer ein vesentleg del av dei totale utsleppa knytt til til dømes ein by eller ein kommune.

Volum i liter fossilt brensel og drivstoff estimert nytta i prosjektet.

Evalueringa er lineær og den med null forbruk får 10 poeng og den med høgast forbruk får 0 poeng.

c) Byggavfall er ressursar på avvegar, planlegg for ombruk av materialar i mellombelse konstruksjonar i byggjefasen.

Total avfallsmengd (kg/m2)

Ombruk av materialar til mellombelse konstruksjonar i byggjefasen (forskaling, stillas, trapper osb.)

Mål og tiltak om å sortere ut over minstekravet på 60 % i TEK17.

Moglege poeng for byggavfall er 10 poeng fordelt på mengd og sortering. Poeng for mengd og sortering skal summerast:

  • Evalueringa av mengd er lineær og den med minst avfall får 5 poeng og den med mest avfall får 0 poeng.

  • Evaluering av sortering: Den som sorterer 100 % av avfallet får 5 poeng, den som sorterer 70 % får 0 poeng, lineær metode

Avansert

  3. Byggavfall er ressursar på avvegar – korleis handterer ein ombruk og materialattvinning?

_______________________________________________________________________

I tillegg blir målsetjinga og utgreiinga leverandøren har for å vareta miljø på byggjeplassen evaluerte på grunnlag av at helse og miljøfarlege kjemikal på byggjeplassen utgjer ein fare både for arbeidstakarar på byggjeplassen under bygging og for brukarane i det ferdige byggverket.

Tilbydar blir beden om å fylle ut tabell 2.41.1 om miljøkvalitetar i prosjekt og på byggjeplass.

Dokumentasjon av tildelingskriteriet: 

Tilbydar blir beden om å fylle inn tabell 2.41.1 som dokumentasjon på korleis det aktuelle miljøtemaet blir varetatt på byggjeplassen.

Tabell 2.41.1: Utgreiing om miljøkvalitetar på byggjeplassen – Skal fyllast ut av leverandøren
Problemstilling

Målsetjinga entreprenøren har for prosjektet

XX – skal kvantifiserast av leverandøren
Kort utgreiing om korleis leverandøren vil nå målsetjinga Poengsum 0-10 (skal fyllast ut av anskaffaren)

a) Det er stort tidspress i byggjeprosjektet og det er lett for at miljøomsyn utover minstekrava i samsvar med lov, føresegn eller kravspesifikasjon ikkje blir varetekne [presiser dei miljøomsyna som er mest aktuelle for byggjeprosjektet] Kvalitativ skildring    
b) Utslepp av klimagassar frå byggjeplassen representerer ein vesentleg del av dei totale utsleppa knytt til til dømes ein by eller ein kommune. Estimert bruk av fossilt brensel til anleggsmaskiner på byggjeplassen og varme/tørk: XX liter    
c) Byggavfall er ressursar på avvegar

Total mengd byggavfall som oppstår i prosjektet skal ikkje overstige XX kg/m2 BRA

Sorteringsgrad: XX % sortert

d) Helse- og miljøfarlege kjemikal på byggjeplassen utgjer ein fare både for arbeidstakarar på byggjeplassen under bygging og for brukarane i det ferdige byggverket Kvalitativ skildring    

Dokumentasjon på måloppnåing skal leverast før overtakinga og skal innehalde dette:

  1. Dokumentasjon på korleis ansvaret for miljø har vore tatt hand om av signerte stillingsinstruksar som dekkjer heile prosjektperioden, risikovurderingar som vart gjort, kva opplæring som vart gjennomført på prosjektet med signert deltakarliste, framdriftsplan som viser korleis miljø er varetatt og rapporterte miljørelaterte avvik.

  2. Samanstilling av mengda fossilt brensel som vart nytta til ulike formål, dokumentert med kvittering frå drivstoffleverandøren.

  3. Ein utfylt avfallsplan som viser planlagde mengder og reelle mengder byggavfall i dei ulike fraksjonane, samt stadfesting frå renovatør på mottak.

  4. Oversikt over dei produkta som vart nytta på byggjeplassen som inneheldt helse- og/eller miljøskadelege stoff og dokumentasjon på substitusjonsvurderingar som er gjort.

Informasjon om tildelingskriteriet: 

Dersom ein nyttar dette tildelingskriteriet med tanke på å vurdere reduksjon av utslepp frå byggjeplassen for en entreprise er det viktig at byggherren på førehand har undersøkt, planlagt og lagt til rette for å optimalisere infrastruktur, til dømes fjernvarme, eller ein annen energiberar som blir planlagt. Ein må då ha ein dialog med marknaden på førehand, slik at dei er førebudde og kan planleggje å få tilgang til tilgjengeleg teknologi som til dømes elektrisitet, hydrogen osb. Resultata av dialogen skal kome fram i konkurransegrunnlaget, slik at tilbydaren kjenner desse føresetnadene. Les meir om kvautsleppsfrie byggje- og anleggsplassar er på Difi sine temasider.

For å dokumentere avfall, må ein rettleie i korleis det skal dokumenterast i kontraktoppfølginga, kva er praksis der ute? Rapporterer dei ein gong i veka? I månaden? Ved milestolpar? Kva er god rettleiing her? T.d. som avfallssetel, og korleis ein skal rapportere det. I kva grad er det mogleg å knyte til fjernvarme, mobile trafostasjonar m.m. Dersom du ikkje kjenner praksis i marknaden din, må du ha ein dialog med marknaden.

Evalueringa av leverandøren blir basert på leverandøren si målsetjing for prosjektet for dei ulike problemstillingane, svara på i tabell 2.41.1.  Tabellen forklarer korleis det skal evaluerast, med 0 - 10 poeng per tema.

Tabell 2.41.2: Miljøkvalitetar på byggjeplassen – hjelp til evaluering av tilbydarar
Problemstilling

Evaluering av svara frå tilbydaren med døme på kva som bør finnast i svara frå entreprenøren.

a) Det er stort tidspress i byggjeperioden og det er lett for at miljøomsyn ikkje blir tilstrekkeleg varetekne.

Organisering og styring av miljøarbeidet, risikovurdering, med forslag til tiltak for å redusere risikoen, slik som opplæring, vernerundar, korleis miljø er inkludert i framdriftsplanen osb.

Evalueringa er kvalitativ. Den beste blir gitt 10 poeng på ein skala frå 0-10.

b) Utslepp av klimagassar frå byggjeplassen representerer ein vesentleg del av dei totale utsleppa knytt til til dømes ein by eller ein kommune.

Volum i liter fossilt brensel og drivstoff estimert nytta i prosjektet.

Evalueringa er lineær og den med null forbruk får 10 poeng og den med høgast forbruk får 0 poeng.

c) Byggavfall er ressursar på avvegar, planlegg for ombruk av materialar i mellombelse konstruksjonar i byggjefasen.

Total avfallsmengd (kg/m2)

Ombruk av materialar til mellombelse konstruksjonar i byggjefasen (forskaling, stillas, trapper osb.)

Mål og tiltak om å sortere ut over minstekravet på 60 % i TEK17.

Moglege poeng for byggavfall er 10 poeng fordelt på mengd og sortering. Poeng for mengd og sortering skal summerast:

  • Evalueringa av mengd er lineær og den med minst avfall får 5 poeng og den med mest avfall får 0 poeng.

  • Evaluering av sortering: Den som sorterer 100 % av avfallet får 5 poeng, den som sorterer 70 % får 0 poeng, lineær metode

d) Helse- og miljøfarlege kjemikal på byggjeplassen utgjer ein fare under bygging, for det ferdige bygget og ved avhending

Tiltak for å minimere bruk, t.d. løysingar der byggskum og fugemassar ikkje vert nytta, ev. andre tiltak for å redusere talet på produkt.

Moglege døme på kva leverandøren kan få poeng for: Tilvising til A20-liste i BREEAM, kandidatliste REACH og korleis ein skal unngå desse stoffa.

Korleis blir helse- og miljøfarlege stoff handterte når det gjeld faste produkt.

Evalueringa er kvalitativ. Den beste blir gitt 10 poeng på ein skala frå 0-10

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 06. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019