Flåtestyringssystem

Grupper: 
  • Køyretøy
Kategori: 
  • Ressurseffektiv drift

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Målet med kravet er å oppnå ei ressurseffektiv drift av avfallsinnsamling, med fokus på å redusere luftureining og klimagassutslepp.

Utforming av krav: 

Det skal tilbydast eit flåtestyringssystem som skal bidra til å optimalisere drifta av avfallsinnsamling. 

  • Systemet skal vere siste oppdaterte versjon, og gje oppdragsgjevar målbar informasjon om bruken og utnyttinga av køyretøy
  • Systemet skal gje sjåføren informasjon om køyrestil, og motivere til høgare klima- og miljøprestasjon.

Opplæring i systemet er vederlagsfritt.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal oppgje namn på verktøy som blir tilbydd, informasjon om korleis ein oppnår riktig bruk av systemet, korleis opplæring i systemet vil gå føre seg og korleis det kan brukast til å møte oppdragsgjevaren sine behov [maks 1 A4-side]. 

Informasjon om kravet: 

Ressurseffektiv køyring reduserer drivstoffbruk, som igjen bidreg til høgare klima- og miljøprestasjon. Ressurseffektivitet kan målast og følgjast opp gjennom eit flåtestyringssystem. Eit flåtestyringssystem gjer det mogleg for oppdragsgjevar å jobbe kontinuerleg med optimalisering av avfallsinnsamlinga si, blant anna langs indikatorar som tomgang, køyrestil, drivstofforbruk, vedlikehald og køyretøyet sin posisjon.

Ved å anskaffe eit flåtestyringssystem legg du som oppdragsgjevar til rette for at du kan måle og følgje opp ressursutnyttinga av køyretøya dine. For å oppnå ei effektiv utnytting av køyretøya og flåtestyringssystemet bør du også utvikle flåtestyringsparametrar og rutinar for å følgje opp desse.

I rapporten Obligatorisk etterutdanning for yrkessjåfører (Elvebakk et. al 2016:69) (sjå lenkje under «kjelder»), viser Transportøkonomisk institutt døme på korleis ei transportverksemd bruker flåtestyringssystemet til å følgje opp sjåførane sine. Det går tydeleg fram at flåtestyringssystemet ikkje skal brukast mot føraren, og at det ikkje skal vere eit sanksjoneringsverktøy. Systemet blir berre brukt for å avdekkje potensial for forbetring og oppfølging av sjåførane. Det einaste kravet er at sjåførane skal logge seg på og bruke systemet. Bedrifta held kurs der dei sjekkar sjåførane sine prestasjonar éin månad i strekk før kurset, som blir samanlikna med prestasjonane éin månad i strekk etter kurset. Røynsla frå transportverksemda er at dei jamt over har fått førarar med betre køyrestil, som følgje av bevisstgjeringa, sjølv om ikkje alle er like opptekne av å forbetre køyrestilen.

Nedanfor er døme på funksjonar som kan etterspørjast ved anskaffing av eit flåtestyringssystem:

-Avviks- og miljørapport

-Øko-/miljøvenleg køyring

(i) Informasjon om køyrestil for førarar

(ii) Informasjon om drivstofforbruk

(iii) Informasjon om vedlikehald

-System for posisjonering (kan etterspørjast dersom oppdragsgjevar har behov for å kjenne til posisjonering. Eksempelvis at ein har rutinar for kontinuerleg ruteendring ved behov)

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 26. sep 2018, Sist endra: 31. Mai 2019