Flåtestyringssystem

Grupper: 
  • Tenester
Kategori: 
  • Ressurseffektiv drift

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Målet med kravet er å oppnå ei ressurseffektiv drift av avfallsinnsamling, med fokus på å redusere luftureining og klimagassutslepp.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal ha eit oppdatert flåtestyringssystem som blir brukt til å optimalisere drifta av rutene. 

Dokumentasjon av kravet: 

Namn på verktøy som blir tilbydd og planar/rutinar for bruk av flåtestyringssystemet skal leggjast ved [maks. 1/2 A4-side].

Informasjon om kravet: 

Ressurseffektiv køyring gjev lågare drivstofforbruk, som reduserer klimagassutslepp frå avfallsinnsamling. Eit flåtestyringssystem gjer det mogleg for oppdragsgjevar å etterspørje informasjon frå leverandør om forhold som påverkar samla miljøprestasjon, til dømes tomgangskøyring, køyrestil, drivstofforbruk, og vedlikehald av køyretøya som blir nytta i kontrakten.

Ved å kombinere kravet med kontraktsvilkåret Klima- og miljørapportering, kan ein følgje utviklinga med tanke på ressurseffektivitet over tid, og jobbe for å forbetre han.

I rapporten Obligatorisk etterutdanning for yrkessjåfører (Elvebakk et. al 2016:69) (sjå lenkje under «kjelder»), viser Transportøkonomisk institutt korleis ei transportbedrift bruker flåtestyringssystemet til å følgje opp sjåførane sine. Det går tydeleg fram at flåtestyringssystemet ikkje skal brukast mot føraren, og at det ikkje skal vere eit sanksjoneringsverktøy. Systemet blir berre brukt for å avdekkje potensial for forbetring og oppfølging av sjåførane. Det einaste kravet er at sjåførane skal logge seg på og bruke systemet. Bedrifta held kurs der dei sjekkar sjåførane sine prestasjonar éin månad i strekk før kurset, som blir samanlikna med prestasjonane éin månad i strekk etter kurset. Røynsla frå transportbedrifta er at dei jamt over har fått førarar med betre køyrestil, som følgje av bevisstgjeringa, sjølv om ikkje alle er like opptekne av å forbetre køyrestilen.

Nyttig å kombinere med

  • Kontraktsvilkåret Klima- og miljørapportering

 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 28. sep 2018, Sist endra: 31. Mai 2019