Forbetring av bestillingsrutinar

Grupper: 
  • Mat- og drikkeprodukt
Kategori: 
  • Bestillingsløysing

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er at bestillingsrutinane skal bidra til å nå relevante mål om auka del økologisk produserte, sosialt ansvarleg produserte eller plantebaserte produkt og slik sikre at den inngåtte avtalen blir halden.

Utforming av krav: 

Leverandør skal, saman med oppdragsgjevar, vidareutvikle leverandøren sin bestillingsportal og den elektroniske handelsplattforma og bestillingsrutinar til oppdragsgjevaren slik at relevante produkt blir framheva. Målet er å sikre at dei som gjer avrop, bestiller produkt i avtalesortimentet som stør målet oppdragsgjevar har om X % del v økologiske produkt. [oppdragsgjevar opplyser om målsetnad om til dømes X % del økologiske/sosialt ansvarleg produserte/plantebaserte varer, eller tilviser til informasjon i konkurransegrunnlaget].

Informasjon om kravet: 

Dette kontraktsvilkåret vil vere relevant for oppdragsgjevarar som har mål om å auke delen produkt med særlege eigenskapar (til dømes økologisk, sosialt ansvarleg produsert, eller plantebasert). Vilkåret vil leggje til rette for samarbeid mellom oppdragsgjevar og leverandør om å identifisere kva tiltak som kan setjast i verk for å nå dei strategiske måla.

Konkurransegrunnlaget skal opplyse om dei relevante måla slik at leverandørane får innsikt i verksemdene sine behov og den strategiske innverknaden avtalen har. Døme på slike mål i kan vere «20 % av maten skal vere økologisk» eller «kommunen vil redusere klimafotavtrykket som stammar frå kommunen sine matinnkjøp».

Innkjøpsavtalar på mat og drikke er kjenneteikna av mange varelinjer og hyppige bestillingar. Fleire innkjøparar har meldt inn behov for kontraktsvilkår som kan sikre at det er dei produkta som er omfatta av avtalen, som faktisk blir bestilte.  Kva som vil vere det mest effektive tiltaket, kan avhenge av målet oppdragsgjevar har, korleis bestillingar blir utførte (oppdragsgjevar sin eigen bestillingsportal, via leverandør sin nettbutikk, eller anna) og kven som har autorisasjon til å gjere avrop på avtalen.

Døme på tiltak:

  • Å opprette eigne handlekorger tilpassa type bestillar og brukar (barnehage, sjukeheim, kantine)
  • Å endre rekkjefølgja ein viser produkt i (dei framheva produkta blir viste på dei øvste varelinjene)
  • Framheve alternativ dersom bestillar vel [til dømes ikkje-økologisk, skal fyllast ut av oppdragsgjevar]

Status for måloppnåing blir diskutert i statusmøte i løpet av kontraktsperioden. Det kan også vere relevant å inkludere incitamentsordningar i kontrakten, men kontraktsvilkåret må då skrivast om.

Publisert: 18. mar 2019, Sist endra: 31. Mai 2019