Gjenbruksasfalt

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Materialar

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

For vegprosjekt i dagen utgjer materiala ca. to tredjedelar av klimagassutsleppet. For å redusere utsleppa frå produksjonen av asfalt og energibruk, og dessutan redusere ressursbruk, så bør det brukast meir resirkulert asfalt i produksjonen av ny. Gjenbruksasfalt kan produserast på asfaltfabrikk med gjenbruksdelar på 80–100 %. I dag blir det i snitt tilsett 6,4 % returasfalt i produksjon av ny asfalt, denne delen bør vere minimum 10 %.

Utforming av krav: 

Det skal brukast gjenbruksasfalt produsert med eigna blandeverksutstyr og på ein slik måte at blandinga gjev ein homogen masse. Krava til massetypen er oppfylt med den delen asfaltgranulat som blir nytta for normerte massetypar skildra i Statens vegvesen si håndbok N200. Dette gjeld også for mekanisk styrke på steinmaterialet.

Ved høge gjenbruksdelar må bindemiddelstivleiken justerast i samsvar med NS-EN13108.

Mengd og type tilsetjingsstoff skal dokumenterast i digitalt teknisk datablad for asfalten, og leverast byggherre før første asfaltleveranse.

Leverandør kan fråvike co2-intensiteten dersom dei kan vise at heile løysinga totalt sett kjem betre ut enn ved å velje produkt ut frå desse krava.

Dokumentasjon av kravet: 

Digitalt teknisk datablad skal innehalde informasjon om:

- innblandingsmengd returasfalt (%)

- ordning for gjeldande returasfalt

- sporbarheit til deklarasjon av returasfalten

- mykingspunkt for bitumen i returasfalt (ved varm asfaltmasse)

- viskositet ved 60 ° for bitumen i returasfalt (ved halvvarm asfaltmasse)

Tekniske datablad frå produsent skal vere tilgjengeleg i digitalt strukturert format tilpassa open BIM.  

Informasjon om kravet: 

Asfalt består av 95 prosent stein og 5 prosent bitumen. Mengda returasfalt i Noreg er omkring 15 % av mengda produsert asfalt. Returasfalten er ulikt fordelt geografisk, tilgangen er stor i sentrale strok der høge gjenbruksdelar kan nyttast i asfaltproduksjon. Det er derfor viktig å ha dialog med marknaden før du planlegg å bruke dette kravet, for å sjekke om dei kan levere gjenbruksasfalt, og kor mykje.

Kvaliteten på asfalt som inneheld resirkulert asfalt er like bra ved høg del gjenbruksasfalt eller bruk av gjenbruksmassar. For å sikre god asfaltkvalitet (gjeld alle typar asfalt) er det viktig med godt handverk, gunstige vêrforhold ved legging, god kvalitet på lim, rett temperatur på massen, etc. Det er derfor lurt å tenkje på årstid når de planlegg asfaltering, og vurdere tiltak som t.d. å varme opp underlaget.

Bruk av gjenbruksasfalt er eit av bidraga til å nå målet om 40–50 prosent CO2-reduksjon frå bygging, drift og vedlikehald av infrastruktur i Nasjonal transportplan. For kvar 10 % gjenbruksasfalt i ny asfalt blir CO2-utsleppet redusert med 6 %.

Det er tiltakshavar (byggherre, vegeigar) som har ansvar for at returasfalten blir behandla på lovleg måte, anten returasfalten skal til eit mellomlager for gjenbruk, som er normalt for all rein returasfalt, eller på eit deponi om det er nødvendig.

Kriterierelasjoner og konflikter: 

Lågtemperatur asfalt

Relatert kriterium

Dette kravet kan brukast saman med kontraktsvilkåret om lågtemperatur asfalt.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 24. nov 2020, Sist endra: 28. des 2020