God kjeldesortering

Grupper: 
  • Avfall frå tjenesteytande verksemd
Kategori: 
  • Ressurseffektiv drift

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Tildelingskriterium

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å bidra til auka kjeldesortering av avfallet hos verksemda til oppdragsgjevar, for å leggje til rette for auka materialgjenvinning.

Utforming av krav: 

Leverandøren blir premiert for å tilby eit løysingsforslag for kjeldesortering som i størst mogleg grad bidreg til auka utsortering av avfallsfraksjonar for materialgjenvinning.

Leverandøren skal utarbeide løysingsforslag basert på:

  1. Synfaring hos oppdragsgjevar [adresse, dato, tidspunkt. Før tilbodsfristen] 
  2. Informasjon om avfallsvolum levert føregåande år, sjå [vedlegg til konkurransegrunnlag]

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandør skal skildre korleis dei vil leggje til rette for:

  • kjeldesortering og organisering av avfallsinnsamlinga, med tanke på riktig sorteringsgrad, storleik på containerar og andre løysingar som varetek mest mogleg føremålstenleg sortering og hentefrekvens
  • tilbydd opplæring i god avfallshandtering
  • andre rutinar og tiltak som skal nyttast under gjennomføring av kontrakten for å leggje til rette for kjeldesortering av avfallsfraksjonar til materialgjenvinning

Skildringa frå leverandøren skal ha maks. lengd på [2 A4-sider].

Informasjon om kravet: 

Kriteriet har som føremål å premiere leverandørar med god forståing for sortering av avfall, noko som vil kunne bidra til god avfallsutnytting.

Forslaget blir ei skildring, men det bør vere spesifikt retta inn mot rådande forhold hos oppdragsgjevar med tanke på avfallsgenerering, handtering og potensial for forbetringar med tanke på åtferd hos oppdragsgjevar og rammeverk for innsamling av avfall, som sorteringssystem, containerar og hentefrekvens.

For at leverandøren skal kunne utarbeide eit best mogleg løysingsforslag til god kjeldesortering, er det viktig at leverandøren får tilstrekkeleg informasjon om oppdragsgjevar si organisering av avfallsløysing, gjennom synfaring, og om tidlegare avfallsvolum.

Nyttig å kombinere med 

  • Rutinar for forskriftsmessig avfallshandtering (Kvalifikasjonskrav)

 

 

 

 

 

 

Publisert: 26. sep 2018, Sist endra: 31. Mai 2019