Handtering av emballasje og emballasjeavfall

Grupper: 
  • Mat- og drikkeprodukt
Kategori: 
  • Emballasje

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å sikre at produsentar og importørar av produkt som blir leverte til det offentlege som er underlagt pliktig medlemskap i returselskap for emballasje, har slikt medlemskap, og at mindre produsentar har emballasje som er eigna for ombruk og materialgjenvinning.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal sikre at tilbydde produkt som er omfatta av produsentansvaret i avfallsforskrifta § 7, har pliktig medlemskap i eit returselskap godkjent av Miljødirektoratet. For produkt som ikkje er omfatta av plikta til medlemskap, skal det liggje føre eigna rutinar som sikrar ombruk og materialgjenvinning av emballasjen. Kven som er godkjende returselskap, går fram av Miljødirektoratet si nettside.

Leverandør skal kontrollere at kontraktsvilkåret blir halde i heile kontraktsperioden, til dømes ved stikkprøvekontroll. Slik kontroll vil vere ein del av den generelle oppfølginga av kontrakten.

Informasjon om kravet: 

Å ha rutinar og system for retur av emballasje er lovpålagt for større produsentar og importørar, det vil seie dei som tilfører marknaden meir enn 1000 kilo emballasje. Produsent er i avfallsforskrifta § 7-3 definert som “enhver som ervervsmessig importerer eller i Norge produserer emballasje eller emballerte produkter til det norske markedet” og plikta til medlemskap i returselskap følgjer av § 7-5. Kontraktsvilkåret vil også omfatte mindre produsentar, men då ikkje som krav om medlemskap, men at ein skal ha eigna rutinar for ombruk og materialgjenvinning.

Definisjon av emballasje: Med «emballasje» er meint «ethvert produkt og enhver engangsartikkel, som består av materialer av hvilken som helst art, brukt til innpakking, beskyttelse, håndtering, levering fra produsent til bruker og presentasjon av varer, herunder råvarer og ferdigprodukter» jf. avfallsforskrifta §7-3. Drikkevareemballasje som inngår i eit retursystem (til dømes med panteordning) er regulert av avfallsforskrifta kapittel 6.

Det er viktig at innkjøparar sjekkar leverandørane sin dokumentasjon av medlemskap opp mot kva for nokre returselskap som er godkjende av Miljødirektoratet, jf avfallsforskrifta § 7-14. Her finnes Miljødirektoratet si oversikt over godkjende returordningar.

Kriterierelasjoner og konflikter: 

Emballasje i direkte kontakt med mat

Relatert kriterium

Leveringsemballasje (transport ,pakkekasser, fruktkurver. m.m)

Relatert kriterium
Publisert: 11. mar 2019, Sist endra: 31. Mai 2019