Innovative løysingar for grøne og sirkulære anskaffingar av møblar
- Nye møbler
- Fremme lang levetid
- Fremme lukkede kretsløp
- Fremme rene kretsløp
- Klima- og miljøvennlige produkter
Avansert
- Tildelingskriterium
Hovudføremål:
Premiere innovative løysingar som dekkjer behovet, fremjar sirkulær økonomi og reduserer den totale klima- og miljøpåkjenninga.
Utforming av tildelingskriterium:
Tilbyde løysingar som på ein innovativ måte dekkjer behovet og fremjar sirkulær økonomi og/eller minimerer den totale klima- og miljøpåkjenninga skal premierast.
Innovasjon er definert som i §4-5 h i anskaffingsforskrifta. Oppdragsgjevar si vurdering av løysingar vil vidare ta utgangspunkt i Rettleiing for grøne og sirkulære anskaffingar av møblar1, og dei skildringane som her blir gjevne av behovet for sirkulær økonomi og redusert klima- og miljøpåkjenning knytt til møbelanskaffingar.
Dokumentasjon av tildelingskriteriet:
Skildring frå tilbydar av innovative løysingar for å fremje sirkulær økonomi og minimere den totale klima- og miljøpåkjenninga: [Svar frå tilbydar her]
Informasjon om tildelingskriteriet:
Dette kriteriet skal premiere innovative løysingar som bidreg til å nå målet om auka sirkulær økonomi og minimert miljøpåkjenning. Innovasjon er definert som i §4-5 h i anskaffingsforskrifta. Oppdragsgjevar si vurdering av løysingar vil vidare ta utgangspunkt i Rettleiar for berekraftig forbruk gjennom grøne og sirkulære anskaffingar av møblar, og dei skildringane som her blir gjevne av sirkulær økonomi og klima- og miljøpåkjenning knytt til møbelanskaffingar. Løysingane skal også bli vurderte opp mot andre behov som ikkje er klima- og miljørelaterte, slik desse er skildra i konkurransegrunnlaget.
Eit slikt ope kriterium sikrar at du ikkje utelet heilskaplege, nyskapande løysingar ved berre å premiere spesifikke miljøeigenskapar.