Istandsetjing av anleggsområdet

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Rigg og drift
  • Økologi og overvatn

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Riggområde til mellombels lagring av utstyr, massar, køyretøy, uttak av massar o.l. i anleggsprosjekt legg beslag på areal og kan medføre belastning som endrar det originale naturmiljøet.

For å sikre at området får tilbake den økologiske verdien og funksjonen sin bør anleggsområdet tilbakeførast på ein måte som varetek artar, naturtypar og økosystem.

Utforming av krav: 

Det skal planleggjast korleis anleggs- og riggområde, masseuttak og vegar skal tilbakeførast til opphavleg tilstand før området blir forlate.

Dokumentasjon av kravet: 

Rapport for istandsetjing av anleggsområdet

Planteliste

Informasjon om kravet: 

Tap av natur er ifølgje SN eit like stort trugsmål for miljøet som klima. Eit anlegg vil nødvendigvis leggje beslag på eit areal og kanskje ha konsekvensar for naturmiljøet, men for å avgrense konsekvensen mest mogleg er det viktig å tilbakeføre dei areala som er mogleg, etter anleggsperioden. Eit søk etter verdifulle naturtypar i nærområdet i karttenesta naturbase frå Miljødirektoratet kan vise kva for nokre artar som er naturlege for staden.

Tabellen under viser ei liste over tiltak som kan vere aktuelle for å tilbakeføre anleggsområdet til opphavleg tilstand:

Tiltak

Forklaring

Nytte naturleg heimehøyrande artar til revegetering. Ingen av artane må vere registrerte i Framandartslista, og artane bør vere økologisk risikovurderte.

Naturleg heimehøyrande artar stør opp om lokalt verdifullt naturmangfald.

T.d. er somme sommarfuglartar knytte til ein spesiell plante.

Utvikling av fleirsjikta natur

I naturen deler vi ofte vekstar inn i fire sjikt (botn, felt, busk og tre). Fleirsjikta natur bidreg til auka naturmangfald.

Bekkeopningar/restaureringar

Bekkeopning eller restaurering er eit godt høve til å utvikle rikt naturmangfald.

Etablere regnbed, grøfter

Overvasstiltak i form av regnbed og grøfter opnar for utvikling av stadeigen våtmarkvegetasjon.

Opne parti med sand og små steinar

Opne parti med sand og mindre steinar legg til rette for sandlevande insekt, t.d. bier.

Daude tre eller ved

Daud ved, fortrinnsvis av lauvtrevyrke vil kunne skape gode leveområde for insekt.

Etablere insekthotell

Insekthotell vil kunne skape ein heim for blant anna solitære bier.

Setje opp fuglekassar

Stør opp om fuglelivet

Setje opp flaggermuskassar

Kan bidra til å vareta truga artar

Byggherre må vurdere kva for tiltak som skal vidareførast i kontrakt.

Framande artar er artar som ikkje høyrer naturleg heime i Noreg. Artsdatabanken vurderer kva økologisk risiko desse framande artane utgjer for norsk natur. Dei artane som er risikovurderte, blir registrerte i framandartslista med "høg risiko", og "svært høg risiko.

Med omgrepet naturlikt vegetasjonsbilete meiner vi det at arealet blir sett i stand med vegetasjon som gjer at området glir inn som ein naturleg del av landskapet/området det ligg i.

Dersom tiltaket inneber avtaking, mellomlagring og tilbakeføring av matjord, bør det hentast inn kompetanse på dette området og setjast spesifikke krav til korleis dette skal utførast.

Du kan stille krav til miljøfagleg kompetanse som t.d. økolog som eit kvalifikasjonskrav for å sikre at du får relevant kompetanse inn i prosjektet.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Riggområde til mellombels lagring av utstyr, massar, køyretøy, uttak av massar o.l. i anleggsprosjekt legg beslag på areal og kan medføre belastning som endrar det originale naturmiljøet.

For å sikre at området får tilbake den økologiske verdien og funksjonen sin bør anleggsområdet tilbakeførast på ein måte som varetek artar, naturtypar og økosystem.

Utforming av krav: 

Det skal planleggjast korleis anleggs- og riggområde, masseuttak og vegar skal tilbakeførast til opphavleg eller naturleg tilstand før området blir forlate.

Leverandør skal undersøkje kva tiltak som er aktuelle for å tilbakeføre anleggsområdet. Rapport skal dokumentere at det er gjennomført synfaring før anleggsarbeidet, inkl. førebuande arbeid, og skal minimum innehalde:

  • skildring av dagens situasjon
  • tiltak for auka økologisk verdi inkludert planteliste
  • eigna forvaltningsplan for landskap og leveområde på området for minimum dei 5 første åra etter at prosjektet er ferdigstilt

Dokumentasjon av kravet: 

Rapport for istandsetjing av anleggsområdet

Planteliste

Informasjon om kravet: 

Tap av natur er ifølgje SN eit like stort trugsmål for miljøet som klima. Eit anlegg vil nødvendigvis leggje beslag på eit areal og kanskje ha konsekvensar for naturmiljøet, men for å avgrense konsekvensen mest mogleg er det viktig å tilbakeføre dei areala som er mogleg, etter anleggsperioden. Eit søk etter verdifulle naturtypar i nærområdet i karttenesta naturbase frå Miljødirektoratet kan vise kva for nokre artar som er naturlege for staden.

Tabellen under viser ei liste over tiltak som kan vere aktuelle for å tilbakeføre anleggsområdet til opphavleg tilstand:

Tiltak

Forklaring

Nytte naturleg heimehøyrande artar til revegetering. Ingen av artane må vere registrerte i Framandartslista, og artane bør vere økologisk risikovurderte.

Naturleg heimehøyrande artar stør opp om lokalt verdifullt naturmangfald.

T.d. er somme sommarfuglartar knytte til ein spesiell plante.

Utvikling av fleirsjikta natur

I naturen deler vi ofte vekstar inn i fire sjikt (botn, felt, busk og tre). Fleirsjikta natur bidreg til auka naturmangfald.

Bekkeopningar/restaureringar

Bekkeopning eller restaurering er eit godt høve til å utvikle rikt naturmangfald.

Etablere regnbed, grøfter

Overvasstiltak i form av regnbed og grøfter opnar for utvikling av stadeigen våtmarkvegetasjon.

Opne parti med sand og små steinar

Opne parti med sand og mindre steinar legg til rette for sandlevande insekt, t.d. bier.

Daude tre eller ved

Daud ved, fortrinnsvis av lauvtrevyrke vil kunne skape gode leveområde for insekt.

Etablere insekthotell

Insekthotell vil kunne skape ein heim for blant anna solitære bier.

Setje opp fuglekassar

Stør opp om fuglelivet

Setje opp flaggermuskassar

Kan bidra til å vareta truga artar

Byggherre må vurdere kva for tiltak som skal vidareførast i kontrakt.

Framande artar er artar som ikkje høyrer naturleg heime i Noreg. Artsdatabanken vurderer kva økologisk risiko desse framande artane utgjer for norsk natur. Dei artane som er risikovurderte, blir registrerte i framandartslista med "høg risiko", og "svært høg risiko.

Med omgrepet naturlikt vegetasjonsbilete meiner vi det at arealet blir sett i stand med vegetasjon som gjer at området glir inn som ein naturleg del av landskapet/området det ligg i.

Dersom tiltaket inneber avtaking, mellomlagring og tilbakeføring av matjord, bør det hentast inn kompetanse på dette området og setjast spesifikke krav til korleis dette skal utførast.

Du kan stille krav til miljøfagleg kompetanse som t.d. økolog som eit kvalifikasjonskrav for å sikre at du får relevant kompetanse inn i prosjektet.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. nov 2020, Sist endra: 27. nov 2020