ITB-ansvarleg

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Energi

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Motiv

Dagens byggjeprosjekt vert meir og meir kompliserte, med ei rekkje tekniske installasjonar som må fungere saman for å nå ønskt funksjonalitet og eit mest mogleg miljøvenleg bygg. Å få installasjonane og systema til å handle saman og fungere optimalt krev stor grad av tverrfagleg koordinering, både i prosjektering, byggjefase og i drift. Grensesnitta mellom dei ulike fagområda kan vere krevjande å handsame og hamnar ofte "mellom to stolar", både i kontraktar med leverandørar og for driftspersonell. Ansvaret for at tekniske leveransar frå ulike leverandørar og kontraktar faktisk fungerer som føresett er ikkje klårt definert og vert pulverisert.

 

Argument

Med fokus på ITB (Integrerte Tekniske Bygningsinstallasjonar) frå planleggingsfasen, vil byggeigaren sikre at prosjekterte tekniske anlegg fungerer saman som føresett. NS3935 skildrar ITB og sikrar forpliktande samspel og koordinering mellom dei ulike aktørane. Standarden skildrar òg behovet for ein ITB-koordinator som er uavhengig av leverandørane, og som held fokus på prosessane og det å få installasjonane til å verke som dei skal innan den avtalte tida.

 

Utforming av krav: 

Ved kontraktsignering skal leverandøren dokumentere at dei i prosjektorganisasjonen sin har ein person som har ansvar og mynde til å følgje opp og koordinere i samsvar med NS 3935.Personen får rolla som ITB-ansvarleg, og skal ikkje ha bindingar til leverandøren.

Den ITB-ansvarlege skal ha god teknisk kompetanse og brei erfaring frå ulike byggjeprosjekt. Det femner om:

  • Minst 5 års relevant praksis, spesielt innanfor test- og idriftsetjing av tekniske anlegg.

  • Kompetanse i VVS- og elektroautomatisering innanfor bygg, overordna kompetanse innan toppsystem, styring, regulering og overvaking

 

Det følgjande skal dokumenterast:

  • Avtale med ITB-ansvarleg som viser at NS 39351 skal nyttast, med vising til kravspesifikasjon for bygget.

  • Eigenerklæring på at ITB-ansvarleg er uavhengig frå leverandøren

  • Referat frå oppstarts- og oppfølgingsmøte (i samsvar med NS 3935)

  • Rapportering frå prøvedrift (i samsvar med NS3935 og NS 6450)

Utgreiing for kompetansen til ITB-ansvarleg; kort skildring av 3 referanseprosjekt og CV som dokumenterer utdanning og/eller erfaring innan ITB i samsvar med krava.

 

Tabell 6.61.1: Mal for dokumentasjon på kompetanse
Referanseprosjekt nr. Prosjektnamn og oppdragsgivar for prosjektet Tidsperiode for oppdraget Storleiken på prosjektet (BTA) Tilbydars fakturerte beløp på oppdraget (NOK) Rolle i prosjektet

Skildring av kvifor referansen er relevant

1            
2            
3            

Informasjon om kravet: 

Byggherren må vurdere risiko av kor ITB-ansvarleg vert plassert, i organisasjonen hjå leverandøren eller hjå byggherren.

Kompleksiteten i bygget kan vere ein viktig faktor for å avgjere det.

Kriterierelasjoner og konflikter: 

SD anlegg

Relatert kriterium

ITB-ansvarleg kontrollerer at teknisk anlegg fungerer.

EOS og energimåling

Relatert kriterium

Energimålingssystem kan brukast til å følgje energibruken i bygget.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 08. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019