Ivaretakelse av grunnleggende menneskerettigheter i leverandørkjeden

Grupper: 
  • Mat- og drikkeprodukt
  • Måltidstenester
Kategori: 
  • Menneskerettar

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er at produkt som blir anskaffa, skal vere produserte under arbeidsforhold som varetek grunnleggjande menneskerettar for arbeidstakarane.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal under heile kontraktsperioden rette seg etter punkt 1-4 i kontraktsvilkåra. 

Kontraktsvilkåra byggjer på FN sine rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar med aktsemdsvurderingar som metode. Aktsemdsvurderingar er ein internasjonalt anerkjend metode for å kartleggje, førebyggje, avgrense og gjere greie for korleis verksemder handterer eventuell negativ påverknad på arbeidstakar- og menneskerettar i eiga verksemd og i leverandørkjeda. 

Dersom Leverandøren bruker underleverandørar for å oppfylle denne kontrakten, er Leverandøren forplikta til å vidareføre og bidra til etterleving av krava i leverandørkjeda.

 

1. Å rette seg etter internasjonale konvensjonar og arbeidsmiljølovgjevinga i produksjonsland
Varene som blir leverte i denne kontrakten, skal vere framstilte under forhold som er i samsvar med krava lista opp nedanfor. Krava gjeld i Leverandøren si eiga verksemd og i leverandørkjeda. Krava omfattar: 

  • ILO sine kjernekonvensjonar om tvangsarbeid, barnearbeid, diskriminering, fagrørslerettar og retten til kollektive forhandlingar: nr. 29, 87, 98, 100, 105, 111, 138 og 182. 
    • Der konvensjon 87 og 98 er avgrensa ved nasjonal lov skal arbeidsgjevaren leggje til rette for, og ikkje hindre alternative mekanismar for fri og uavhengig organisering og forhandling.
  • FN sin barnekonvensjon, artikkel 32. 
  • Arbeidsmiljølovgjevinga i produksjonsland[1]. Av særlege relevante tilhøve framhevast 1) løns- og arbeidstidsvilkår, 2) helse, miljø og tryggleik, 3) regulære tilsetjingstilhøve, inklusive arbeidskontraktar, samt 4) lovfesta forsikringar og sosiale ordningar.  

Der internasjonale konvensjonar og nasjonal lovgjeving handlar om same tema, skal den høgaste standarden alltid gjelde.  

 

2. Policyar og rutinar 

For å oppfylle krava i punkt 1, og for å førebyggje og handtere eventuelle avvik frå krava, skal Leverandøren ved kontraktstart, eller seinast innan 6 månader etter kontraktstart, ha:

  1. 2.1 Ein eller fleire offentleg tilgjengelege policyar, vedtekne av styret. Innhaldet skal som minimum omfatte ei forplikting om å etterleve krava i punkt 1, i eiga verksemd og i leverandørkjeda.  Ein eller fleire tilsette på leiingsnivå skal ha ansvar for etterleving.
  2. 2.2 Rutinar for formidling og regelbunden oppfølging av slik policy i eiga verksemd og i leverandørkjeda.
  3. 2.3 Rutinar for å utføre regelbundne risikoanalysar i eiga verksemd og i leverandørkjeda. Det inneber å identifisere og prioritere risiko for brot på krava i punkt 1. Rutinen(rutinane) skal også skildre kva tiltak Leverandøren vil setje i verk for å førebyggje, stoppe og/eller redusere konsekvensane av brot på krava. I tråd med metoden for aktsemdsvurderingar skal alvorlegast risiko, uavhengig av kvar i leverandørkjeda risikoen er, prioriterast først.
     

3. Kontraktsoppfølging 

Leverandøren skal sikre at krava i punkt 1 og 2 etterlevast i eiga verksemd og i leverandørkjeda. Oppdragsgjevar kan krevje at etterleving blir dokumentert ved eitt eller fleire av følgjande tiltak:

  1. 3.1 Dokumentere vedtekne policyar og rutinar, jf. punkt 2.
  2. 3.2 Gje ei oversikt over produksjonseiningar i leverandørkjeda for utvalde risikoprodukt, og/eller -komponentar og/eller -råvarer, bestemt av Oppdragsgjevar.
  3. 3.3 Svare på eigenrapportering seinast seks veker etter utsending frå Oppdragsgjevar, med mindre Oppdragsgjevar har sett ein annan frist.
  4. 3.4 Dokumentere gjennomført risikoanalyse, og rapportere om oppfølging og handtering av funna.
  5. 3.5 Delta i oppfølgingssamtale(-samtalar) med Oppdragsgjevar, og eventuelt andre relevante interessentar.
  6. 3.6 Vise fram rapport(ar) relevant for krava i punkt 1. Rapport(ane) skal kome frå uavhengig part.
  7. 3.7 Kontroll og revisjon av krava i punkt 1 og 2 på Leverandøren sitt hovudkontor[2].
  8. 3.8 Kontroll og revisjon av krava i punkt 1 og 2 i leverandørkjeda[3]. Kontrollar og revisjonar skal ein strekkje seg etter å gjennomføre i samarbeid mellom Leverandøren og Oppdragsgjevar.

Dersom Leverandøren blir klar over forhold i strid med punkt 1 og 2 i leverandørkjeda, skal Leverandøren rapportere dette til Oppdragsgivar utan ugrunna opphald.
 

4. Sanksjonar 

Ved brot på punkt 1–3, eller om det ligg føre manglar i dokumentasjonen, gjeld sanksjonsreglar i hovudkontrakten med følgjande tillegg og presiseringar. Oppdragsgjevar kan:

  1. 4.1 Krevje retting: Leverandøren skal rette brot innan ein tidsfrist sett av Oppdragsgjevar. Leverandøren skal leggje fram ein tiltaksplan for når og korleis brota skal rettast. Tiltaka skal vere rimelege sett i forhold til arten og omfanget av brota.  Tiltaksplanen skal leggjast fram innan fire veker, med mindre Oppdragsgjevar har sett ein annan frist.  Oppdragsgjevar skal godkjenne tiltaksplanen, og dokumentasjon av rettingar.
  2. 4.2 Setje i verk mellombels stopp i heile eller delar av leveransen når: 
  3.       4.2.1 tiltaksplanen ikkje blir halden
  4.       4.2.2 leverandøren ikkje oppfyller kravet om å leggje fram tiltaksplan
  5.       4.2.3 manglar ikkje blir utbetra innan rimeleg tid

             eventuelle erstatningskjøp som blir gjort hjå annan leverandør er ikkje å rekne som kontraktsbrot.

  1. 4.3 krevje at Leverandøren byter underleverandør: ved vesentlege og gjentakande brot eller dersom tiltaksplanen ikkje blir halden Dette skal skje utan kostnad for Oppdragsgivar.
  2. 4.4 Heve kontrakten: ved vesentlege eller gjentakande brot.

 

Det blir stadfesta at Leverandøren har lese, forstått og akseptert kontraktsvilkåra som gjeld for denne kontrakten.

 

.........................................................                                …………………………………….

Namn, dagleg leiar, [Leverandør]                                        Stad/Dato

 

.........................................................      

Underskrift, dagleg leiar, [Leverandør]             

 

[1] Her meiner vi alle produksjonsland i leverandørkjeda der utvinning og produksjon av råvare og/eller komponent/halvfabrikata og/eller ferdigvare, inklusive distribusjon og transport, skjer.

[2] Kan gjennomførast av Oppdragsgjevar eller den Oppdragsgjevar gjev mynde.

[3]Oppdragsgjevar, eller den Oppdragsgjevar gjev mynde til, har rett til å gjennomføre kontrollar i leverandørkjeda. Ved kontroll pliktar Leverandør å skaffe fram kontaktopplysningar. Desse blir behandla i samsvar med offentleglova.

Informasjon om kravet: 

Dersom det er risiko for brot på grunnleggjande menneskerettar i leverandørkjeda knytt til produkta/komponentane dykk skal anskaffe, må det vurderast om det er forholdsmessig å stille etiske krav. I leverandørkjeda til fleire mat- og drikkeprodukt, som kaffi, te, kakao, frukt, med mer, er det påvist risiko for brot på grunnleggjande menneskerettar.

Ved oppfølging av krava, og bruk av eigenrapporteringsskjema og/eller oppfølgingssamtale, anbefalast det å be om informasjon om nokre få utvalde produkt. Vel produkt som er forbunde med høg risiko for brot på menneskerettar. Du kan lese meir om mat-og drikkeproduk der produksjonen inneber risiko for brot på grunnleggjande menneskerettar i Difi si høgrisikoproduktliste.

Etter at du har motteke svar frå leverandøren på eigenrapporteringsskjema kan du bruke Difi sitt risikostyringsverktøy for etiske krav til hjelp ved vurdering av svara.

Kontraktsvilkåret er utarbeidd av Difi og Etisk handel Norge. 

 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 18. mar 2019, Sist endra: 14. nov 2019