Kjøp av brukte møblar utanfor avtalen

Grupper: 
  • Nye møbler
  • Ombruks- og gjenvinningstjenester
Kategori: 
  • Fremme lang levetid

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Ved å spørje etter brukte i staden for nye møblar kan offentleg sektor gå framføre og skape ein marknad som mellom anna kan gje positive miljøeffektar, stimulere lokalt næringsliv og fremje sirkulær økonomi ved å gje produkt lengre levetid. Dette kontraktvilkåret sikrar at du ved å inngå rammeavtale på nye møblar ikkje låser deg til berre å kjøpe nytt.

Utforming av krav: 

Unntatt frå avtaleområdet er brukte møblar [Fyll inn korleis dette påverkar estimert verdi av avtalen på nye møblar, t.d.: innanfor område (t.d. kontormøblar), med maksimum x kr per år].

Informasjon om kravet: 

Om de skal bruke eit slikt kontraktvilkår som held unna brukte møblar frå avtalen, må de som oppdragsgjevar vere tydelege på at føremålet for anskaffinga er å anskaffe møblar, men presisere at anskaffinga berre gjeld nye møblar, t.d.: «Anskaffing av berekraftige nye møblar». Vidare må de seie noko om at der det finst eigna brukte møblar i marknaden vil oppdragsgjevar først søkje å dekkje behovet med kjøp av brukt.

Fordi dette unntaket vil kunne påverke det forventa volumet og verdien av kontrakten på nye møblar, er det viktig at de som oppdragsgjevar sikrar at dette er føreseieleg gjennom å skildre og estimere effekten av unntaket.  Dette kan de gjere ved å skildre kva type møblar oppdragsgjevar søkjer å kjøpe brukt (til dømes: kontormøblar), og gje opp eit omfang på anskaffingar av brukte møblar totalt sett (til dømes: «Anskaffingar av brukte møblar vil ikkje utgjere meir enn maksimum x kr i gjennomsnitt i året.» eller «Unntatt frå avtaleområdet er brukte møblar oppover til x % av det totale estimerte omfanget av møblar.»).

De bør inngå ein eigen rammeavtale for brukte møblar, sidan kjøp av brukte møblar i avtaleperioden kan kome til å gå over 100.000,- i samla verdi.

Publisert: 29. nov 2020, Sist endra: 29. nov 2020