Klima- og miljørapportering

Grupper: 
  • Tenester
Kategori: 
  • Klima- og miljørapportering

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Målet med kravet er å oppnå ei ressurseffektiv drift av avfallsinnsamling, med fokus på å redusere luftureining og klimagassutslepp.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal levere ein miljø- og klimarapport til oppdragsgjevar årleg [dato]. Rapporten skal inkludere utfylte tabellar med informasjon om:

  1. Motorteknologi og type drivstoff for køyretøy brukte i tenesta
  2. Km køyrt, liter drivstoff forbruk, og tomgangskøyring.

 

 

 

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandør skal levere ein rapport [utfylling av tabellar, eller tabellar med tilsvarande informasjon på eigna format] slik at oppdragsgjevar får ei oversikt over utviklinga på dei forskjellige parametrane.

Rapportering frå tidlegare år, og skilnadene skal alltid inkluderast i nyaste versjon.

Tabell 1: Informasjon om type drivstoff og motorteknologi
Biltype/ Reg.Nr. Type Euro-klasse Type drivstoff Null-utslippstek. (El/hydrogen)
Komprimator/ GA23487 Euro VI Biogass -
Totalt       

*Utfylling av rad 1 i tabellane er eit eksempel

Tabell 2: Informasjon om bruk av køyretøya
Biltype/ Reg.Nr Km køyrt Liter drivstof-forbruk Min tomgang
Komprimator/ GA23487 X km X liter X min
Totalt       

 

Informasjon om kravet: 

Kontraktsvilkåret gjev oppdragsgjevar informasjon om leverandøren sin prestasjon på viktige parametrar knytte til flåtestyringssystemet.

Rapportering gjer det også mogleg for oppdragsgjevar å følgje opp om leverandøren etterlever kontraktfesta krav til klima- og miljøprestasjon på køyretøya som blir brukte i tenesta. Rapporteringa bør derfor samkøyrast med intervallet på kontraktsoppfølgingsmøte. På den måten kan ferske tal om leverandøren sine prestasjonar på klima og miljø inngå som diskusjonspunkt under kontraktsoppfølgingsmøta, og brukast til å synleggjere miljøeffekten av kontrakten, til rapportering i verksemda (KPI) og som verdifull inngangsdata til komande anskaffingar.

Rapportane skal leverast på same format og til same tid kvart år, og gjelde same tidsavgrensa periode, slik at ein enkelt kan samanlikne utviklinga over kontraktsperioden.

Nyttig å kombinere med

  • Flåtestyringssystem (Kravspesifikasjon) 
  • Ruteoptimalisering (Kravspesifikasjon)

 

 

 

 

 

 

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Målet med kravet er å oppnå ei ressurseffektiv drift av avfallsinnsamling, med fokus på å redusere luftureining og klimagassutslepp.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal levere ein miljø- og klimarapport til oppdragsgjevar årleg [dato] eller etter behov [til dømes kvartalsvis]. Rapporten skal inkludere utfylte tabellar med informasjon om:

  1. Motorteknologi og type drivstoff for køyretøy brukte i tenesta
  2. For kvart køyretøy og totalt for alle køyretøy (heile tenesta): km køyrt, liter drivstoff forbruk og min tomgangskøyring
  3. For kvart køyretøy og totalt for alle køyretøy (heile tenesta): CO2-utslepp og NOx-utslepp (sjå reknemetode i vedlagd tabell)

Resultata skal brukast til å føreslå og sannsynleggjere gjennomføring av tiltak for det komande året og kva utsleppsreduksjonar ein kan forvente frå dette.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandør skal levere ein rapport [utfylling av tabellar, eller tabellar med tilsvarande informasjon på eigna format] slik at oppdragsgjevar får ei oversikt over utviklinga på dei forskjellige parametrane.

Rapportering frå tidlegare år, og skilnadene skal alltid inkluderast i nyaste versjon.

Tabell 1: Informasjon om type drivstoff og motorteknologi
Biltype/ Reg.Nr. Type Euro-klasse Type drivstoff Null-utsleppstek. (El/ Hydrogen)
Komprimator/ GA23487 Euro VI Biogass  -
Totalt       

*Utfylling av rad 1 i tabellane er eit eksempel

Tabell 2: Informasjon om bruk av køyretøya
Biltype/ Reg.Nr. Km køyrt Liter drivstof-forbruk Min tomgang
Komprimator/ GA23487 X km X liter X min
Totalt       
Tabell 3: Informasjon om utslepp frå tenesta
Biltype/ Reg.Nr. Kg CO2-utslepp Kg NOx-utslepp
Komprimator/ GA23487 X kg CO2 X kg NOx
Totalt     

 

Berekning av kg CO2-utslepp og NOx-utslepp for tenesta i ein gjeven periode:

  • Per køyretøy

(Gram CO2/Liter drivstoff) x (Liter drivstoff/km) = gram  CO2/km

Gram CO2/km x km køyrt for køyretøyet = gram CO2-utslepp frå køyretøyet

Gram CO2-utslepp frå køyretøyet / 1000 = kg CO2-utslepp frå køyretøyet

  • Totalt for tenesta i perioden

Ved å addere kg CO2-utslepp for alle køyretøy, får ein samla utslepp frå tenesta i ein gjeven periode, som vist under.

(Kg CO2-utslepp frå køyretøy a) + (Kg CO2-utslepp frå køyretøy b)+... = totale kg CO2- utslepp frå tenesta i ein gjeven periode

 

Tilsvarende berekning blir gjort for NOx.

For nyare tunge køyretøy blir som regel verdiar for CO2 g/km og NOx g/km gjeven i typegodkjenninga.  

Informasjon om kravet: 

Kontraktsvilkåret gjev oppdragsgjevar informasjon om leverandøren sin prestasjon på viktige parametrar knytte til flåtestyringssystemet.

Rapportering gjer det også mogleg for oppdragsgjevar å følgje opp om leverandøren etterlever kontraktfesta krav til klima- og miljøprestasjon på køyretøya som blir brukte i tenesta. Rapporteringa bør derfor samkøyrast med intervallet på kontraktsoppfølgingsmøte. På den måten kan ferske tal om leverandøren sine prestasjonar på klima og miljø inngå som diskusjonspunkt under kontraktsoppfølgingsmøta, og brukast til å synleggjere miljøeffekten av kontrakten, til rapportering i verksemda (KPI) og som verdifull inngangsdata til komande anskaffingar.

Rapportane skal leverast på same format og til same tid kvart år, og gjelde same tidsavgrensa periode, slik at ein enkelt kan samanlikne utviklinga over kontraktsperioden.

Nyttig å kombinere med 

  • Flåtestyringssystem (Kravspesifikasjon)
  • Ruteoptimalisering (Kravspesifikasjon)

 

 

 

 

 

 

Spydspiss

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Målet med kravet er å oppnå ei ressurseffektiv drift av avfallsinnsamling, med fokus på å redusere luftureining og klimagassutslepp.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal levere ein miljø- og klimarapport til oppdragsgjevar årleg [dato] eller etter behov [til dømes kvartalsvis]. Rapporten skal inkludere utfylte tabellar og svare på:

  1. Motorteknologi og type drivstoff for køyretøy brukte i tenesta
  2. For kvart køyretøy og totalt for alle køyretøy (heile tenesta): km køyrt, liter drivstoff forbruk og min tomgangskøyring
  3. For kvart køyretøy og totalt for alle køyretøy (heile tenesta): CO2-utslepp og NOx-utslepp (sjå reknemetode i vedlagd tabell)

For å stimulere leverandøren til å jobbe med stadig høgare kvalitet, vil klima- og/eller miljømål inngå som bonuselement. Nullnivået for satsingsområdet skal fastsetjast på ein måte som kan etterprøvast, saman med leverandør. Dersom ein ikkje oppnår semje mellom oppdragsgjevar og leverandør, vil bonus for dette området falle bot for den perioden det ikkje er oppnådd semje.

[Det skal inngå informasjon om bl.a. kva bonuselementet består av, maks. økonomisk storleik på bonuselement, tidspunkt for første avrekning og avrekningsintervall og tidspunkt for første moglege justering av grunnlaget for berekning av bonus].

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandør skal levere ein rapport [utfylling av tabellar, eller tabellar med tilsvarande informasjon på eigna format] slik at oppdragsgjevar får ei oversikt over utviklinga på dei forskjellige parametrane.

Rapportering frå tidlegare år, og skilnadene skal alltid inkluderast i nyaste versjon.

Tabell 1: Information om type drivstoff og motorteknologi  
Biltype/ Reg.Nr. Type Euro-Klasse Type drivstoff Null-utsleppstek. (El/ Hydrogen)
Komprimator/ GA23487 Euro VI Biogass -
Totalt       

*Utfylling av rad 1 i tabellane er eit eksempel

Tabell 2: Information om bruk av køyretøya
Biltype/ Reg.Nr. Km køyrt Liter drivstof-forbruk Min tomgang
Komprimator/ GA23487 X km X liter X min
Totalt       
Tabell 3: Informasjon om utslepp frå tenesta 
Biltype/ Reg.Nr.  Kg CO2-utslepp Kg NOx-utslepp
Komprimator/ GA23487 X kg CO2 X kg NOx
Totalt     

 

Berekning av kg CO2-utslepp og NOx-utslepp for tenesta i ein gjeven periode:

  • Per køyretøy

(Gram CO2/Liter drivstoff) x (Liter drivstoff/km) = gram  CO2/km

Gram CO2/km x km køyrt for køyretøyet = gram CO2-utslepp frå køyretøyet

Gram CO2-utslepp frå køyretøyet / 1000 = kg CO2-utslepp frå køyretøyet

  • Totalt for tjenesta i perioden

Ved å addere kg CO2-utslepp for alle køyretøy, får ein samla utslepp frå tenesta i ein gjeven periode, som vist under.

(Kg CO2-utslepp frå køyretøy a) + (Kg CO2-utslepp frå køyretøy b)+... = totale kg CO2- utslepp frå tenesta i ein gjeven periode

 

Tilsvarende berekning blir gjort for NOx.

 

For nyare tunge køyretøy blir som regel verdiar for CO2 g/km og NOx g/km gjeven i typegodkjenninga.  

Informasjon om kravet: 

Kontraktsvilkåret gjev oppdragsgjevar informasjon om leverandøren sin prestasjon på viktige parametrar knytte til flåtestyringssystemet.

Rapportering gjer det også mogleg for oppdragsgjevar å følgje opp om leverandøren etterlever kontraktfesta krav til klima- og miljøprestasjon på køyretøya som blir brukte i tenesta. Rapporteringa bør derfor samkøyrast med intervallet på kontraktsoppfølgingsmøte. På den måten kan ferske tal om leverandøren sine prestasjonar på klima og miljø inngå som diskusjonspunkt under kontraktsoppfølgingsmøta, og brukast til å synleggjere miljøeffekten av kontrakten, til rapportering i verksemda (KPI) og som verdifull inngangsdata til komande anskaffingar.

Kontraktsvilkåret kan kombinerast med ei incentivordning. Under «relaterte lenkjer» ligg eit utdrag frå Ruter sitt konkurransegrunnlag til konkurransen om busstenester på Romerike i 2019 som gjev døme på korleis ein kan innrette ei incentivordning på ein måte som er klarlagt på førehand.

Rapportane bør leverast på same format og til same tid, og gjelde same tidsavgrensa periode, slik at ein enkelt kan samanlikne utviklinga over kontraktsperioden.

Nyttig å kombinere med 

  • Flåtestyringssystem (Kravspesifikasjon)
  • Ruteoptimalisering (Kravspesifikasjon)

 

 

 

 

 

 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 27. sep 2018, Sist endra: 31. Mai 2019