Klimagassberekningar for heile bygget

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Materialar

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Produksjon av byggjematerialar utgjer ein stor del av klimafotavtrykket frå byggjesektoren. Med stadig strengare krav til redusert energibruk i bygg, så har utslepp frå materialar fått relativt større betydning samanlikna med energibruk. I tillegg kan løysningar for energieffektive bygg føre til auke i materialbruk, med tilhøyrande auke i klimagassutslepp.

Argument

Ved å lage klimagassrekneskap for bygget kan ein identifisere dei største klimagassutsleppa knytt til materialbruk. Resultata frå klimagassrekneskapet kan då nyttast til å finne dei samla beste løysningane for å redusere klimapåverknaden frå bygget. Eit klimagassrekneskap viser kor det bør setjast i verk tiltak for å redusere dei totale utsleppa.

Utforming av krav: 

I prosjektgjennomføringa skal det etablerast eit klimagassrekneskap som skal minst omfatte materialane i bygget. Klimagassrekneskapet skal utførast i samsvar med NS 3720 - Metode for klimagassberegninger for bygninger.

Klimagassutrekninga skal implementerast i prosjektstyringa og nyttast som ein del av avgjerdsgrunnlaget for val av løysningar og materialar i prosjektet.

Informasjon om kravet: 

Klimagassrekneskapet skal oppdaterast/setjast opp i detaljprosjektet. Det skal leverast rapport ved fastsatte milepelar, som eit minimum ved ferdig detaljprosjekt og «som bygd».

Viss det allereie er etablert eit klimagassrekneskap så skal dette leggjast ved som eit vedlegg til kunngjeringa. 

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Produksjon av byggjematerialar utgjer ein stor del av klimafotavtrykket frå byggjesektoren. Med stadig strengare krav til redusert energibruk i bygg, så har utslepp frå materialar fått relativt større betydning samanlikna med energibruk. I tillegg kan løysningar for energieffektive bygg føre til auke i materialbruk, med tilhøyrande auke i klimagassutslepp.

Argument

Ved å lage klimagassrekneskap for bygget kan ein identifisere dei største klimagassutsleppa knytt til materialbruk. Resultata frå klimagassrekneskapet kan då nyttast til å finne dei samla beste løysningane for å redusere klimapåverknaden frå bygget. Eit klimagassrekneskap viser kor det bør setjast i verk tiltak for å redusere dei totale utsleppa.

Utforming av krav: 

I prosjektgjennomføringa skal det etablerast eit klimagassrekneskap som skal minst omfatte materialane i bygget og anleggsfasen. Klimagassrekneskapet skal utførast i samsvar med NS 3720 - Metode for klimagassberegninger for bygninger.

Klimagassutrekninga skal implementerast i prosjektstyringa og nyttast som ein del av avgjerdsgrunnlaget for val av løysningar og materialar i prosjektet.

Viss det finst eit klimagassrekneskap frå prosjekteringa som viser ein reduksjon av klimagassutslepp frå materialar i bygget samanlikna med eit referansebygg, så skal tilsvarande eller betre reduksjon dokumenterast i oppdatert klimagassrekneskap. I fall det ikkje har blitt lagt eit klimagassrekneskap så skal klimagassutslepp samla reduserast med minst 40 % samanlikna med eit referansebygg.

 

Referansebygget er definert slik:

Referansebygget skal ha same storleik i kvadratmeter BRA og tilfredsstiller same funksjonelle krav (byggtype, bruksmønster, levetid og tal på brukarar) som det prosjekterte bygget. Referansebygget skal førast opp med standard materialar (med standard levetid) som det sannsynlegvis ville blitt brukt viss det ikkje hadde vore stilt miljøkrav til materialar (bransjereferanse/ bransjesnitt). Referansebygget skal ha ei standard utforming (skoeske) og utelukka estetiske krav. I tillegg skal referansebygget tilfredsstille krav til teknisk kvalitet gitt i gjeldande byggteknisk forskrift (blant anna energibehov, dagslys, utnytting av tomt, osv.)

Informasjon om kravet: 

Klimagassrekneskapet skal oppdaterast/setjast opp i detaljprosjektet. Det skal leverast rapport ved fastsatte milepelar, som eit minimum ved ferdig detaljprosjekt og «som bygd».

Viss det allereie er etablert eit klimagassrekneskap så skal dette leggjast ved som eit vedlegg til kunngjeringa. 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 07. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019