Klimagassberekningar for heile bygget

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Materialar

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Produksjon av byggjematerialar utgjer ein stor del av klimafotavtrykket frå byggjesektoren. Med stadig strengare krav til redusert energibruk i bygg, så har utslepp frå materialar fått relativt større betydning samanlikna med energibruk. I tillegg kan løysningar for energieffektive bygg føre til auke i materialbruk, med tilhøyrande auke i klimagassutslepp.

Argument

Ved å lage klimagassrekneskap for bygget kan ein identifisere dei største klimagassutsleppa knytt til materialbruk. Resultata frå klimagassrekneskapet kan då nyttast til å finne dei samla beste løysningane for å redusere klimapåverknaden frå bygget. Eit klimagassrekneskap viser kor det bør setjast i verk tiltak for å redusere dei totale utsleppa.

Utforming av krav: 

I prosjektgjennomføringa skal det etablerast eit klimagassrekneskap som skal omfatte materialane i bygget. Klimagassrekneskapet skal utførast i samsvar med NS 3720 - Metode for klimagassberegninger for bygninger.

Klimagassrekneskapet skal setjast opp i skisseprosjektet. Det skal oppdaterast og leverast rapport ved fastsette milepelar, minimum ved ferdig forprosjekt og detaljprosjekt. Klimagassrekneskapet skal brukast i prosjektstyringa, og inngå som ein del av avgjerdsgrunnlaget for val av løysningar og materialar i prosjektet. Utsleppa frå materialane skal dokumenterast med EPD eller tilsvarande. Dette set krav til administrative rutinar undervegs i prosjektet og dokumentasjon.

Informasjon om kravet: 

Viss det allereie er etablert eit klimagassrekneskap så skal dette leggjast ved som eit vedlegg til kunngjeringa. Klimagassrekneskapet skal utarbeidast som ein del av prosjektet, ikkje som eit løysningsforslag i tilbodet. Det bør vere tydeleg at dokumentasjonskravet ikkje gjeld heile tilbodet, men prosjektfasen.

 

Rapporten bør brukast inn i kriteriet "Klimagassutslepp for utvalde bygningsdelar", viss ein vel dette kriteriet.

 

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Produksjon av byggjematerialar utgjer ein stor del av klimafotavtrykket frå byggjesektoren. Med stadig strengare krav til redusert energibruk i bygg, så har utslepp frå materialar fått relativt større betydning samanlikna med energibruk. I tillegg kan løysningar for energieffektive bygg føre til auke i materialbruk, med tilhøyrande auke i klimagassutslepp.

Argument

Ved å lage klimagassrekneskap for bygget kan ein identifisere dei største klimagassutsleppa knytt til materialbruk. Resultata frå klimagassrekneskapet kan då nyttast til å finne dei samla beste løysningane for å redusere klimapåverknaden frå bygget. Eit klimagassrekneskap viser kor det bør setjast i verk tiltak for å redusere dei totale utsleppa.

Utforming av krav: 

I prosjektgjennomføringa skal det etablerast eit klimagassrekneskap som skal omfatte materialane i bygget. Klimagassrekneskapet skal utførast i samsvar med NS 3720 - Metode for klimagassberegninger for bygninger. Rekneskapen skal vise at bygget får 40 % lågare klimagassutslepp enn referansebygget.

Klimagassrekneskapet skal setjast opp i skisseprosjektet. Det skal oppdaterast og leverast rapport ved fastsette milepelar, minimum ved ferdig forprosjekt og detaljprosjekt. Klimagassrekneskapet skal brukast i prosjektstyringa, og inngå som ein del av avgjerdsgrunnlaget for val av løysningar og materialar i prosjektet. Utsleppa frå materialane skal dokumenterast med EPD eller tilsvarande. Dette set krav til administrative rutinar undervegs i prosjektet og dokumentasjon.

Referansebygget er definert slik:

Referansebygget skal ha same storleik i kvadratmeter BRA og tilfredsstiller same funksjonelle krav (byggtype, bruksmønster, levetid og tal på brukarar) som det prosjekterte bygget. Referansebygget skal førast opp med standard materialar (med standard levetid) som det sannsynlegvis ville blitt brukt viss det ikkje hadde vore stilt miljøkrav til materialar (bransjereferanse/ bransjesnitt). Referansebygget skal ha ei standard utforming (skoeske) og utelukka estetiske krav. I tillegg skal referansebygget tilfredsstille krav til teknisk kvalitet gitt i gjeldande byggteknisk forskrift (blant anna energibehov, dagslys, utnytting av tomt, osv.)

 

 

Informasjon om kravet: 

Viss det allereie er etablert eit klimagassrekneskap så skal dette leggjast ved som eit vedlegg til kunngjeringa. Klimagassrekneskapet skal utarbeidast som ein del av prosjektet, ikkje som eit løysningsforslag i tilbodet. Det bør vere tydeleg at dokumentasjonskravet ikkje gjeld heile tilbodet, men prosjektfasen.

 

Rapporten bør brukast inn i kriteriet "Klimagassutslepp for utvalde bygningsdelar", viss ein vel dette kriteriet.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 06. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019