Klimagassberekningar for prosjektet

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Materialar

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Anleggsarbeid og bygging av ny infrastruktur fører til store klimagassutslepp. Val av materiale og utføring i anleggsprosjekt har mykje å seie for ressursbruk, naturinngrep og klimagassutslepp. Auka bruk av ressursar/materiale og transport kan ofte føre til større utslepp av klimagassar. 

Ved å gjere klimagassberekningar for prosjektet, med klimagassutslepp frå materialbruk blir dei største utsleppa identifiserte. Resultat frå berekningane kan då brukast til å finne dei samla beste løysingane for å redusere klimapåverknaden frå anlegget. Klimagassberekningane viser kvar det bør setjast inn tiltak for å redusere totale utslepp.

Utforming av krav: 

Klimagassberekningar skal brukast som ein del av avgjerdsunderlaget for val av løysingar og materiale i prosjektstyringa.

Leverandør skal setje opp klimagassbudsjett ved bruk av ulike materiale/løysingar for fase A1 - A4, frå råvare til anlegg. Klimagassberekningane skal leverast byggherre før det blir avgjort kva for eit alternativ som skal veljast.

Dokumentasjon av kravet: 

Klimagassberekningar, og dokumentasjon av korleis dei har påverka val av løysingar og materiale.

Informasjon om kravet: 

DFØ tilrår dialog med marknaden om dette kontraktsvilkåret for å undersøkje kva nivå leverandørane kan levere på. Dersom marknaden har god kunnskap om klimagassberekningar, kan du vurdere å setje konkrete krav til klimagassreduksjon som leverandørane skal innfri.  

I prosjekt der det er mogleg å velje materiale eller utføring, bør det gjerast klimagassberekningar for dei ulike alternativa som er aktuelle. På den måten kan ein ta avgjerda som har størst mogleg klimaeffekt. Val av t.d. brukonstruksjon, løysing for legging av vatn og avløpsrøyr, etc. påverkar klimagassutslepp frå ressursbruk. Eks. ved val av gravefri løysing ved røyrlegging vil utslepp frå maskiner kunne reduserast. Transportdistanse for materiale frå fabrikk til anleggsplass, og type drivstoff for transport og maskiner på anleggsplass påverkar også det totale klimagassutsleppet. 

Figur 1: Oversikt som viser dei ulike fasane i klimagassberekningane.

Resultatet frå klimagassberekningane må sjåast i samanheng med dei overordna måla for prosjektet (miljø, lokalisering, samfunn, etc.) og påverknad på biomangfald. Oppdragsgjevar må vere tydeleg på målsetnadene sine for klima for å synleggjere at klimagassreduksjonar i prosjektet er viktig, og kan gjerne presentere desse på oppstartsmøte med entreprenør.

Vi tilrår at du informerer leverandørmarknaden om miljøkrav som vil stillast i framtidige anskaffingar, for å gje dei tid til å førebu seg til å levere på desse.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Anleggsarbeid og bygging av ny infrastruktur fører til store klimagassutslepp. Val av materiale og utføring i anleggsprosjekt har mykje å seie for ressursbruk, naturinngrep og klimagassutslepp. Auka bruk av ressursar/materiale og transport kan ofte føre til større utslepp av klimagassar. 

Ved å gjere klimagassberekningar for prosjektet, med klimagassutslepp frå materialbruk blir dei største utsleppa identifiserte. Resultat frå berekningane kan då brukast til å finne dei samla beste løysingane for å redusere klimapåverknaden frå anlegget. Klimagassberekningane viser kvar det bør setjast inn tiltak for å redusere totale utslepp.

Utforming av krav: 

Klimagassberekningar skal brukast som ein del av avgjerdsunderlaget for val av løysingar og materiale i prosjektstyringa.

Leverandør skal i skisseprosjektet setje opp eit klimagassbudsjett for fase A1-A5, frå råvare til og med utføring, i samsvar med Rettleiar frå Bane NOR, som følgjer ISO 14040. Klimagassbudsjettet skal leverast byggherre før det blir avgjort kva for eit alternativ som skal veljast.

Dokumentasjon av kravet: 

Klimagassberekningar utførte i samsvar med rettleiar frå Bane Nor med vurderingar og konsekvensar for val av løysingar og materiale.

Informasjon om kravet: 

DFØ tilrår dialog med marknaden om dette kontraktsvilkåret for å undersøkje kva nivå leverandørane kan levere på. Dersom marknaden har god kunnskap om klimagassberekningar, kan du vurdere å setje konkrete krav til klimagassreduksjon som leverandørane skal innfri.  

I prosjekt der det er mogleg å velje materiale eller utføring, bør det gjerast klimagassberekningar for dei ulike alternativa som er aktuelle. På den måten kan ein ta avgjerda som har størst mogleg klimaeffekt. Val av t.d. brukonstruksjon, løysing for legging av vatn og avløpsrøyr, etc. påverkar klimagassutslepp frå ressursbruk. Eks. ved val av gravefri løysing ved røyrlegging vil utslepp frå maskiner kunne reduserast. Transportdistanse for materiale frå fabrikk til anleggsplass, og type drivstoff for transport og maskiner på anleggsplass påverkar også det totale klimagassutsleppet. 

Figur 1: Oversikt som viser dei ulike fasane i klimagassberekningane.

Resultatet frå klimagassberekningane må sjåast i samanheng med dei overordna måla for prosjektet (miljø, lokalisering, samfunn, etc.) og påverknad på biomangfald. Oppdragsgjevar må vere tydeleg på målsetnadene sine for klima for å synleggjere at klimagassreduksjonar i prosjektet er viktig, og kan gjerne presentere desse på oppstartsmøte med entreprenør.

Vi tilrår at du informerer leverandørmarknaden om miljøkrav som vil stillast i framtidige anskaffingar, for å gje dei tid til å førebu seg til å levere på desse.

Kriterierelasjoner og konflikter: 

Miljødokumentasjon og miljøkrav til materialar

Konflikt kriterium

Dette kravet skal ikkje brukast saman med kravet til miljødokumentasjon.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 17. nov 2020, Sist endra: 28. des 2020