Klimagassberekningar for prosjektet

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Materialar

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Anleggsarbeid og bygging av ny infrastruktur fører til store klimagassutslepp. Val av materiale og utføring i anleggsprosjekt har mykje å seie for ressursbruk, naturinngrep og klimagassutslepp. Auka bruk av ressursar/materiale og transport kan ofte føre til større utslepp av klimagassar. 

Ved å gjere klimagassberekningar for materialbruken i prosjektet kan dei største utsleppa identifiserast. Resultat frå berekningane kan då brukast til å finne dei samla beste løysingane for å redusere klimapåverknaden frå anlegget. Klimagassberekningane viser kvar det bør setjast inn tiltak for å redusere totale utslepp.

Utforming av krav: 

Leverandør skal lage eit klimabudsjett for prosjektering og klimarekneskap for vald løysing for fase A1 - A4 (i samsvar med EN 15804), frå råvare til og med transport til byggjeplass.

Dokumentasjon av kravet: 

Klimagassberekningar, og dokumentasjon av korleis dei har påverka val av løysingar og materiale.

Informasjon om kravet: 

DFØ tilrår dialog med marknaden om dette kontraktsvilkåret for å undersøkje kva nivå leverandørane kan levere på. Dersom marknaden god kunnskap om klimagassberekningar, kan du vurdere å setje konkrete krav til klimagassreduksjon som leverandørane skal innfri.  

I prosjekt der det er mogleg å velje materiale eller utføring, bør det gjerast klimagassberekningar for dei ulike alternativa som er aktuelle for å finne løysinga som har størst mogleg klimaeffekt. Val av t.d. brukonstruksjon, løysing for legging av vatn og avløpsrøyr, etc. påverkar klimagassutslepp frå ressursbruk. Eks. ved val av gravefri løysing ved røyrlegging vil utslepp frå maskiner kunne reduserast. Ved å inkludere utslepp frå bruken av anlegget (avansert nivå) i klimagassberekningane så blir det synleg at produkt med lang levetid reduserer behovet for vedlikehald/utskiftingar, og utslepp tilknytt dette.

Figur 2: Oversikt som viser dei ulike fasane i klimagassberekningar.

Resultatet frå klimagassberekningane må sjåast i samanheng med dei overordna måla for prosjektet (miljø, lokalisering, samfunn, etc.) og påverknad på biomangfald. Oppdragsgjevar må vere tydeleg på målsetnadene sine for klima for å synleggjere at klimagassreduksjonar i prosjektet er viktig, og at dette skal vere grunnlag for val av løysingar.

Vi tilrår at du informerer leverandørmarknaden om miljøkrav som vil stillast i framtidige anskaffingar, for å gje dei tid til å førebu seg til å levere på desse.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Anleggsarbeid og bygging av ny infrastruktur fører til store klimagassutslepp. Val av materiale og utføring i anleggsprosjekt har mykje å seie for ressursbruk, naturinngrep og klimagassutslepp. Auka bruk av ressursar/materiale og transport kan ofte føre til større utslepp av klimagassar. 

Ved å gjere klimagassberekningar for materialbruken i prosjektet kan dei største utsleppa identifiserast. Resultat frå berekningane kan då brukast til å finne dei samla beste løysingane for å redusere klimapåverknaden frå anlegget. Klimagassberekningane viser kvar det bør setjast inn tiltak for å redusere totale utslepp.

Utforming av krav: 

Leverandør skal under prosjekteringa setje opp klimagassbudsjett for fase A1- A5 og B1-B6 (i samsvar med  EN 15804), i samsvar med rettleiar frå Bane NOR. Som ein del av avgjerdsunderlaget for val av løysingar og materiale, skal det visast korleis klimagassberekningane har påverka val av løysingar og materiale i prosjektet.

Dersom det finst klimagassbudsjett frå prosjekteringa, skal dette leggjast ved som vedlegg til kunngjeringa og brukast som grunnlag for oppdatert rekneskap.

Klimagassberekninga skal implementerast i prosjektstyringa, og brukast til å påverke faktiske val og løysingar i prosjektet.

Sluttrekneskap skal leverast ved overtaking av anlegget.

Dokumentasjon av kravet: 

Klimagassberekningar utførte i samsvar med rettleiar frå Bane Nor, med vurderingar og konsekvensar for val av løysingar og materiale.

Informasjon om kravet: 

DFØ tilrår dialog med marknaden om dette kontraktsvilkåret for å undersøkje kva nivå leverandørane kan levere på. Dersom marknaden god kunnskap om klimagassberekningar, kan du vurdere å setje konkrete krav til klimagassreduksjon som leverandørane skal innfri.  

I prosjekt der det er mogleg å velje materiale eller utføring, bør det gjerast klimagassberekningar for dei ulike alternativa som er aktuelle for å finne løysinga som har størst mogleg klimaeffekt. Val av t.d. brukonstruksjon, løysing for legging av vatn og avløpsrøyr, etc. påverkar klimagassutslepp frå ressursbruk. Eks. ved val av gravefri løysing ved røyrlegging vil utslepp frå maskiner kunne reduserast. Ved å inkludere utslepp frå bruken av anlegget (avansert nivå) i klimagassberekningane så blir det synleg at produkt med lang levetid reduserer behovet for vedlikehald/utskiftingar, og utslepp tilknytt dette.

Figur 2: Oversikt som viser dei ulike fasane i klimagassberekningar.

Resultatet frå klimagassberekningane må sjåast i samanheng med dei overordna måla for prosjektet (miljø, lokalisering, samfunn, etc.) og påverknad på biomangfald. Oppdragsgjevar må vere tydeleg på målsetnadene sine for klima for å synleggjere at klimagassreduksjonar i prosjektet er viktig, og at dette skal vere grunnlag for val av løysingar.

Vi tilrår at du informerer leverandørmarknaden om miljøkrav som vil stillast i framtidige anskaffingar, for å gje dei tid til å førebu seg til å levere på desse.

Kriterierelasjoner og konflikter: 

Miljødokumentasjon og miljøkrav til materialar

Konflikt kriterium

Dette kravet skal ikkje brukast saman med kontraktsvilkåret om miljødokumentasjon og miljøkrav til materialar.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 24. nov 2020, Sist endra: 28. des 2020