Klimagassutslepp for utvalde bygningsdelar

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Materialar

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv:

Produksjon av byggjematerialar utgjer ein stor del av klimafotavtrykket frå byggjesektoren. Eit redusert energiforbruk i bygg gjer at utslepp frå materialar får større innverknad på klimafotavtrykket samanlikna med energibruken. I tillegg kan løysingar for energieffektive bygg føre til ein auke i materialbruk, og dermed òg ein absolutt auke i klimagassutslepp frå materialar.

Argument:

Ei samanlikning av ulike konsept og løysingar for materialval i bygget kan gi informasjon for å hjelpe deg med kva du skal velje for å redusere klimafotavtrykket til bygget. Samanlikninga gjer ein ved å bruke klimagassrekneskap (LCA), som vurderer potensielle miljøpåverknader som til dømes utslepp av klimagassar gjennom livslaupet til eit produkt eller ei bygning, frå utvinninga av råvarer via produksjon og fram til avhending.

Utforming av krav: 

I prosjektgjennomføringa skal det etablerast ein klimagassrekneskap med alternative materialar/element for desse bygningsdelane:

  • beresystem

  • ytterveggar

  • dekke

Klimagassutrekningane skal ein implementere i prosjektstyringa, og bruke til å velje dei mest klimavenlege alternativa. Ein skal dokumentere korleis utrekningane har verka inn på det faktiske valet av materialar/element.

Utrekningar for dei alternative bygningsdelane skal leggjast fram i ein rapport.

Utrekningane skal utførast for heile livssyklusen til alternativa, frå vogge til grav, i samsvar med NS 3720 - Metode for klimagassberegninger for bygninger.

Entreprenøren skal velje løysingar som forbetrar klimagassrekneskapen, og dokumentere løysingane dei vel.

Informasjon om kravet: 

Dersom det er gjennomført prosjektering og klimagassutrekningar tidlegare må det kome fram i konkurransedokumenta. Du må vurdere korleis det er relevant å krevje klimagassrekneskap i entreprisen, med utgangspunkt i det som eventuelt allereie er gjort.

Avansert

  • innerveggar

  • yttertak

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 07. feb 2018, Sist endra: 31. Mai 2019