Konfliktmineral i PC-ar og skjermar

Grupper: 
  • PC-ar og skjermar
Kategori: 
  • Menneskerettar

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er at utvinning av og handel med såkalla konfliktmineral (tantal, tinn, tungsten, gull og kobolt) som inngår i IT-utstyr som blir anskaffa, kjem frå produsentar som gjennomfører aktsemdsvurderingar (due diligence) slik at deira innkjøp av desse minerala ikkje bidreg til væpna konfliktar og menneskerettsbrot.

Utforming av krav: 

Produkt som leverandør leverer til [namn på oppdragsgjevar] skal kome frå produsentar (varemerkeeigar) som har eit system for ansvarleg styring av leverandørkjeda når følgjande mineral inngår i produkta som blir tilbyde i denne kontrakten:

  • tantal, tinn, tungsten, gull (dei såkalla 3TG konfliktminerala)
  • kobolt

Systemet skal vere i samsvar med OECDs Due Diligence Guidance for Responsible Supply Chains of Minerals from Conflict-Affected and High-Risk Areas eller tilsvarande.

Leverandør pliktar å sjå til at underleverandørar i leverandørkjeda har eit tilsvarande system.

Dokumentasjon av kravet: 

Produsent (varemerkeeigar) skal skildre sitt system for ansvarleg styring av leverandørkjeda for 3TG og kobolt i leverandørkjeda.

Å ha eit system for ansvarleg styring av leverandørkjeda i samsvar med OECD sitt Due Diligence Guidance for Responsible Supply chains of Minerals from Conflict-Affected areas eller tilsvarande, vil seie at verksemda gjer følgjande relatert til arbeidet sitt med 3TG og kobolt:

  1. Har etablert styringssystem som er offentleg tilgjengelege
  2. Kartlegg og vurderer risiko (for konflikt og menneskerettsbrot i leverandørkjeda)
  3. Utviklar og implementerer ein strategi for korleis identifiserte risikoar skal handsamast
  4. Gjennomfører uavhengige tredjeparts revisjonar av aktsemdsvurderingar (due diligence) i leverandørkjeda
  5. Rapporterer offentleg om arbeidet med aktsemdsvurderingar (due diligence) i leverandørkjeda

Godkjend dokumentasjon vil mellom anna vere rapportering i samsvar med Dodd-Frank Act (for 3TG), bruk av etablerte konfliktmineral-malar frå til dømes RMI (Responsible Minerals Initiative), konfliktmineralrapportar eller annan dokumentasjon som oppfyller punktlista (1.-5.) over.

Om leverandør ikkje sjølv er produsent (varemerkeeigar) skal leverandør leggje ved dokumentasjon som viser korleis produsent (varemerkeeigar) oppfyller kravet i tråd med skildring nemnt over av gyldig dokumentasjon. Om det blir tilbyde produkt frå fleire produsentar (varemerkeeigarar), skal det leggjast ved dokumentasjon for kvar produsent (varemerkeeigar).

Dokumentasjon skal liggje føre seinast éin månad etter kontraktoppstart.

Informasjon om kravet: 

Målet med kontraktsvilkåret er ikkje at ein skal slutte å handle mineral frå enkelte land og område, som er ei viktig inntektskjelde for sivilbefolkninga, men snarare at ein gjennom aktsemdsvurderingar og auka fokus skal motverke og hindre at handel med mineral bidreg til væpna konfliktar og menneskerettsbrot.

Tantal, tinn, tungsten og gull (3TG) inngår i elektroniske produkt, som PC-ar, skjermar og nettbrett. Desse minerala utvinnast i land med høg risiko for menneskerettsbrot ved mineralutvinning og der handelen med minerala kan bidra til væpna konflikt. Kobolt er ein sentral komponent i vanlege batteri som kan ladast på nytt, som brukast i PC-ar og nettbrett, og i elektriske køyretøy. Det er såleis ein viktig ressurs i omstillinga til lågkarbonsamfunnet. Det er påvist alvorlege menneskerettsbrot også ved utvinning av kobolt.

OECD har utvikla eit globalt rammeverk som ein har blitt samde om, for å hjelpe verksemder med å respektere menneskerettar og unngå å bidra til konflikt gjennom deira kjøp av og praksis med mineral. Rammeverket til OECD identifiserer 5 steg som er sentrale for å sikre ansvarleg leverandørkjedestyring av mineral (sjå dokumentasjonskravet over).

Kvart steg inneheld fleire underpunkt, samt spesifikke punkt for ulike mineral, som det kan lesast meir om i rettleiaren frå OECD (sjå «relaterte lenkjer»). Fleire verksemder nyttar tilsvarande rammeverk og gjer aktsemdsvurderingar (due diligence) også for kobolt.

Kravet stillast her til produsentar som er varemerkeeigarar. Ei leverandørkjede kan bestå av fleire ulike produsentar, og vi har difor valt å skrive «produsent (varemerkeeigar)» då det er varemerkeeigarane, som HP, Dell med fleire, vi krev at skal ha system og som vi ønskjer å sjå dokumentasjon frå.

Dodd Frank Act

Den amerikanske Dodd-Frank-lova inneheld vilkår, i seksjon 1502, om såkalla konfliktmineral, her definert til 3TG. Lova krev mellom anna at selskap som er børsnoterte på den amerikanske børsen årleg skal rapportere om dei brukar minerala tinn, tungsten, tantal og gull (3TG) frå DR Kongo eller dei nærmaste nabolanda. Om dette er tilfellet, må selskapa gjennomføre og rapportere om deira aktsemdsvurderingsprosessar (due diligence) relaterte til deira arbeid med slike mineral, og levere ein «konfliktmineral-rapport».

EU-lov om konfliktmineral

I 2017 vedtok EU ei ny regulering om konfliktmineral, her avgrensa til 3TG. Denne inneber at EU-etablerte selskap som direkte importerer 3TG må overhalde, og rapportere på plikter om aktsemdsvurderingar (due diligence) i leverandørkjeda om minerala kjem frå (også potensielt) konfliktråka og høgrisikoområde. Rapportering skal vere i samsvar med det globale rammeverket til OECD. Lova vil vere gjeldande i EU frå 1. januar 2021. Lova gjeld berre import av nemnte mineral som nettopp mineral, og omfattar ikkje mineral som inngår i tilverka produkt, som PC-ar, slik Dodd Frank Act gjer. Offentlege oppdragsgjevarar kan bidra til å påverke at det stillast krav til aktsemdsvurderingar av leverandørkjeda til 3TG og kobolt for relevante innkjøpskategoriar gjennom bruk av m.a. dette kontraktvilkåret.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 24. sep 2019, Sist endra: 26. sep 2019