Kontraktsvilkår - Etiske krav

Grupper: 
  • Måltidstenester
Kategori: 
  • Menneskerettar

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er at produkt som blir anskaffa, skal vere produserte under arbeidsforhold som varetek grunnleggjande menneskerettar for arbeidstakarane.

Utforming av krav: 

Våre Leverandørar og Avtalepartnarar skal respektere grunnleggjande krav til menneskerettar, arbeidstakarrettar og miljø. Varer som blir leverte til (namn på oppdragsgivar) skal vere framstilt under forhold som er i samsvar med krava oppgitt nedanfor. Krava byggjer på sentrale FN-konvensjonar, ILO-konvensjonar og nasjonal arbeidslovgiving på produksjonsstaden.Med heimel i FN sine rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar (UN GP) har selskap eit sjølvstendig ansvar for å respektere dei internasjonalt anerkjente menneskerettane og ILO sine kjernekonvensjonar (prinsipp 12). Dette gjeld også for offentlege verksemder i anskaffingane deira (prinsipp 6).

Dersom Leverandør bruker underleverandørar for å oppfylle denne kontrakten, er Leverandør forplikta til å vidareføre og bidra til etterleving av krava i leverandørkjeda.

(1) Forbod mot barnearbeid (ILO sine kjernekonvensjonar 138 og 182)

  • Barn under 15 år (14 eller 16 år i enkelte land) skal ikkje utføre nokon typar arbeid som er til hindring eller skade for utdanninga og/eller utviklinga deira.
  • Barn under 18 år skal ikkje arbeide nattskift, eller utføre nokon typar arbeid som vil setje sikkerheita eller den fysiske og/eller mentale helsa deira i fare.
  • Barn har rett til å bli beskytta mot økonomisk utnytting i arbeid.

(2) Forbod mot tvangsarbeid (ILO sine kjernekonvensjonar 29 og 105)

  • Tvangsarbeid eller ufrivillig arbeid skal ikkje skje i noka form, her medrekna også som eit middel for opplæring, straff eller for å fremje arbeidsdisiplin.
  • Arbeidstakarar skal ikkje måtte levere depositum eller identifikasjonspapir til arbeidsgivar.
  • Arbeidstakarar er frie til å avslutte arbeidsforholdet etter ei rimeleg oppseiingstid.

(3) Forbod mot diskriminering (ILO sine kjernekonvensjonar 100 og 111)

  • Arbeidstakarar skal ikkje forskjellsbehandlast på grunnlag av kjønn, rase, hudfarge, religion, politisk oppfatning, nasjonalt opphav, sosial status, fagforeiningsarbeid eller personlege forhold i arbeidssituasjonar eller i tilgang til arbeid.
  • Lønna skal vere lik for likt arbeid.

(4) Forbod mot manglande respekt for fagorganisering og kollektive forhandlingar (ILO sine kjernekonvensjonar 87 og 98)

  • Arbeidstakarar og arbeidsgivarar har rett til å danne, eller slutte seg til dei organisasjonane dei sjølv måtte ønskje, og til å drive kollektive forhandlingar og dele innhaldet.
  • All aktivitet relatert til denne organiseringa skal skje heilt utan represaliar eller andre former for forulemping for deltakarane.
  • Arbeidsgivar må på ingen måte hindre arenaer for møte og kollektive forhandlingar.
  • Der organisasjonsfridom og retten til kollektive lønnsforhandlingar er avgrensa ved nasjonal lov, skal arbeidsgivar leggje til rette for, og ikkje hindre, parallelle mekanismar til fri og uavhengig organisering og forhandling.

(5) Leverandøren pliktar å sjå til at produksjon av ytingar regulert til denne kontrakten skjer i samsvar med den nasjonale lovgivinga i produksjonslanda:

Nasjonal lovgiving der produksjon finn stad, skal etterlevast. Av særleg relevante forhold framhevar vi 1) lønns- og arbeidstidsreglar; 2) helse, miljø og sikkerheit; 3) regulære tilsetjingsforhold, inklusive arbeidskontraktar; og 4) lovfesta forsikringar og sosiale ordningar.

(6) OPPFØLGING

Leverandøren er forplikta til å etterleve punkt 1 – 5 i eiga verksemd og i leverandørkjeda.

Brot på punkt 1 - 5 inneber kontraktsbrot. Ved kontraktsbrot pliktar Leverandøren å rette brota innan den tidsfristen som Oppdragsgivar bestemmer, så fremt denne ikkje er usakleg kort. Rettingane skal dokumenterast skriftleg og på den måten Oppdragsgivar bestemmer. Vesentleg misleghald av kontraktsforpliktingane kan hevdast av Oppdragsgivar som grunnlag for heving sjølv om Leverandør rettar forholda. Dersom brot skjer i leverandørkjeda, kan Oppdragsgivar krevje at Leverandøren skiftar ut underleverandør(ar). Dette skal skje utan kostnad for Oppdragsgivar.

Dersom Leverandøren blir klar over forhold i strid med kontraktsvilkåra, skal Leverandøren rapportere dette til Oppdragsgivar utan ugrunna opphald.

Det blir stadfesta at Leverandøren har lese og forstått kontraktsvilkåra, som gjeld for denne kontrakten.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandør skal dokumentera krava ved eigenrapportering og / eller oppfølgingssamtalar. I tillegg kan Oppdragsgivar gjennomføre kontroll av arbeidsforholda.

På oppmoding frå oppdragsgivar er leverandør forplikta til å fylle ut eigenrapporteringsskjema. I tillegg kan Leverandør leggje ved rapport frå uavhengig revisjon utført dei siste 12 månadene.

Dersom oppdragsgivar krev eigenrapportering er Leverandør forplikta til å innlevere denne innan fire veker frå utsending.

Oppdragsgivar, eller den oppdragsgivar gir mynde til, har rett til å gjennomføre kontrollar i leverandørkjeda i kontraktsperioden. Ved kontroll plikter leverandør å framskaffe nødvendige kontaktopplysningar. Kontaktopplysningar blir behandla konfidensielt.

Informasjon om kravet: 

Dersom det er risiko for brot på grunnleggjande menneskerettar i leverandørkjeda knytt til produkta/komponentane dykk skal anskaffe, må det vurderast om det er forholdsmessig å stille etiske krav. I leverandørkjeda til fleire mat- og drikkeprodukt, som kaffi, te, kakao, frukt, med mer, er det påvist risiko for brot på grunnleggjande menneskerettar.

Ved oppfølging av krava, og bruk av eigenrapporteringsskjema og/eller oppfølgingssamtale, anbefalast det å be om informasjon om nokre få utvalde produkt. Vel produkt som er forbunde med høg risiko for brot på menneskerettar. Du kan lese meir om mat-og drikkeproduk der produksjonen inneber risiko for brot på grunnleggjande menneskerettar i Difi si høgrisikoproduktliste.

Etter at du har motteke svar frå leverandøren på eigenrapporteringsskjema kan du bruke Difi sitt risikostyringsverktøy for etiske krav til hjelp ved vurdering av svara.

Kontraktsvilkåret er utarbeidd av Difi og Initiativ for etisk handel (IEH).

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 28. mar 2019, Sist endra: 31. Mai 2019