Krav om matsvinn

Grupper: 
  • Måltidstenester
Kategori: 
  • Matsvinn

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å førebyggje og redusere matsvinn, slik styresmaktene har forplikta seg til etter bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn og som vil bidra til å nå reduksjonsmåla i bransjeavtalen og SN sitt berekraftsmål 12.3.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal gjennom heile kontraktsperioden arbeide for at matsvinnet blir halde på eit lågast mogleg nivå, ha planar for kartlegging og tiltak og oppdatere desse etter som ein haustar erfaringar. Leverandøren skal også samarbeide bakover i verdikjeda, og bidra til at sluttbrukar kastar minst mogleg mat.

Leverandøren skal rapportere sine måledata for matsvinn og matavfall, og på innkjøpt mengd mat minimum éin gong per år til oppdragsgjevar, og ved førespurnad.  Matsvinn skal vere eit punkt på agendaen i statusmøte minst éin gong per år.

Matsvinn er definert som alle delar ein kan nytte av mat produsert for menneske, men som anten blir kasta eller teke ut av matkjeda til andre føremål enn menneskeføde, frå tidspunktet når dyr og plantar er slakta eller hausta.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal heile tida ha ein oppdatert skriftleg rutine som skildrar korleis leverandøren gjennomfører kartlegging og analyse av matavfall og matsvinn, som blir vist fram på førespurnad. Leverandøren skal også ha ein oppdatert skriftleg plan over tiltaka sine for å førebyggje og redusere matsvinnet sitt, attåt utsikter for samarbeid i verdikjeda. 

Leverandøren skal også leggje signert tilslutningserklæring til bransjeavtale om reduksjon av matsvinn ved kontrakten. Det blir føresett at leverandøren bruker underleverandørar som også har signert slik tilslutningserklæring ned til produsent/importør.

Informasjon om kravet: 

Som følger av bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn skal vi forebygge og redusere matsvinn i offentlege verksemder. Innkjøpare bør setje krav til dei som leverer måltidstenestar om å bidra til å redusere matsvinn.

Ver merksam på at matsvinn skil seg frå matavfall som er definert som alt organisk materiale som ikkje skal etast, men som oppstår i samband med produksjon av mat som avskjer, skal, bein etc. Nokre gonger bruker ein matavfall som ei samlenemning for både matsvinn (som på eit tidspunkt kunne vore ete) og matavfall (som uansett ikkje kunne vore ete). 

Å kartleggje og analysere matsvinnet er eit viktig steg for å redusere matsvinn. Det er nødvendig for å kunne innføre effektive tiltak, i tillegg vil bevisstgjering i seg sjølv ofte føre til førebygging og redusert matsvinn. At leverandøren minst éin gong i året legg fram oversikta si over matsvinnet og korleis dei har jobba med ulike tiltak, vil gje oppdragsgjevar god informasjon om status og leggje til rette for eit samarbeid om å halde matsvinnet nede.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 11. mar 2019, Sist endra: 31. Mai 2019