Krav til rutiner for å forebygge matsvinn

Grupper: 
  • Måltidstenester
Kategori: 
  • Matsvinn

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Kvalifikasjonskrav

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å førebyggje og redusere matsvinn, slik styresmaktene har forplikta seg til etter bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn og som vil bidra til å nå reduksjonsmåla i bransjeavtalen og SN sitt berekraftsmål 12.3. Leverandøren skal derfor ha eit kvalitetssikringssystem med rutinar for å kartleggje matsvinn, tiltak og samarbeid i verdikjeda. 

Utforming av krav: 

Kartlegging og analyse:

Leverandøren skal ha rutinar for dagleg sortering og veging av matavfall. For sjukeheim, barnehagar, skular/SFO/AKS er det fullnøyande å sortere og vege matavfallet to periodar av ein månad i løpet av året. Sentralkjøkken og kantiner kan sortere dagleg.

Leverandøren skal ha eit tydeleg system for sortering, merking av avfallsdunkar, attåt tiltak for auka merksemd hos brukarane.

Rutinane skal inkludere måling av mengd og samansetjing av matsvinn minimum to gonger per år frå høvesvis:

    • Lager
    • Tillaging
    • Servering (buffet eller ut til eks. møterom eller sjukeheimsrom)
    • Tallerkensvinn

For stader der det blir servert fleire måltid (som frukost, lunsj og middag), skal rutinane innehalde kartlegging for dei ulike måltida. Også matsvinn og matavfall i restavfallet skal sorterast i kartlegginga. Både manuell og automatisert måling blir godtekne. Basert på kartlegginga skal årsaker til matsvinn analyserast.

Rutinane skal også omfatte målsetnader og tiltak.

Matsvinn er definert som alle delar ein kan nytte av mat produsert for menneske, men som anten blir kasta eller teke ut av matkjeda til andre føremål enn menneskeføde, frå tidspunktet når dyr og plantar er slakta eller hausta.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal levere inn kvalitetssikringssystemet sitt som skildrar rutinane som er nemnde over.

Leverandøren skal også seinast ved kontraktsignering levere signert tilslutningserklæring til bransjeavtale om reduksjon av matsvinn. Det blir føresett at leverandøren bruker underleverandørar som også har signert slik tilslutningserklæring ned til produsent/importør. 

Informasjon om kravet: 

Å kartleggje og analysere matsvinnet er eit viktig steg for å redusere matsvinn. Planen for kartlegging kan vere kort og overordna, men skal inkludere alle elementa i kravformuleringa. Planen for tiltak bør vere ganske konkret og også vise til erfaringar leverandøren har med slike tiltak frå tidlegare og korleis dei tenkjer seg samarbeid i verdikjeda. Dette er meir inngåande skildra i Difi si rettleiing på anskaffelser.no

Å redusere matsvinn vil vere eit samarbeid mellom innkjøparar, leverandør og brukarane. Oppdragsgjevar bør derfor også på førehand ha tenkt ut korleis dei sjølv skal bidra til dette. Det er viktig at arbeidet med matsvinn blir følgt opp i løpet av kontraktsperioden som eit punkt på agendaen ved statusmøte.

For sjukeheim, barnehagar og skular/SFO/AKS er Østfoldforsknings råd at det ikkje er formålstenleg å "krevje" daglig veiing av matavfall, men heller ha to perioder av en måned i løpet av et år der de veier nøye. Dette gjeld ikkje kantiner og sentrale kjøkken, som skal sortere daglig.

Ver merksam på at matsvinn skil seg frå matavfall som er definert som alt organisk materiale som ikkje skal etast, men som oppstår i samband med produksjon av mat som avskjer, skal, bein etc. Nokre gonger bruker ein matavfall som ei samlenemning for både matsvinn (som på eit tidspunkt kunne vore ete) og matavfall (som uansett ikkje kunne vore ete). 

 

Kriterierelasjoner og konflikter: 

Rutiner for å forebygge og redusere matsvinn

Relatert kriterium
Publisert: 11. mar 2019, Sist endra: 31. Mai 2019