Lågtemperatur asfalt

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Materialar

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Produksjon av asfalt er energikrevjande, og det er også asfaltverk som bruker gass til fyring. Ved å produsere asfalt ved lågare temperaturar trengst det mindre energi, og klimagassutsleppa frå produksjonen blir redusert.

Asfaltarbeidarar er utsett for helseskadeleg asfaltrøyk ved utlegging av asfalt. Bruk av lågtemperaturasfalt (LTA) reduserer dei skadelege røykutsleppa.

Ved å nytte lågtemperaturasfalt (LTA) kan CO2-utslepp under produksjon reduserast med 30 til 40 prosent, samtidig som det gjev opptil 50 prosent reduksjon i asfaltrøyk under utlegging.

Utforming av krav: 

Utslepp frå produksjon og legging av asfalt skal reduserast.

Den maksimale produksjonstemperaturen ved legging av lågtemperaturasfalt skal ikkje overstige 140°C.

Ved bruk av polymermodifiserte bindemiddel, som aukar levetida er produksjonstemperatur opp til 155 °C tillate.

Leverandør kan fråvike temperaturgrensene dersom heile løysinga totalt sett vil gje lågare klimagassutslepp enn ved å velje produkt ut frå desse krava.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal levere ein teknisk rapport og prosjekteringsplan som viser asfaltblanding og leggjeteknikkar og maks temperaturar som er kravde av desse teknikkane. Tekniske datablad frå produsent med skildring av bindemiddel og asfaltblanding skal vere tilgjengeleg i digitalt strukturert format tilpassa open BIM. 

Som dokumentasjon på at asfalten er produsert med lågtemperatur-teknikk, skal utskrift av temperturlogg frå automatisk temperaturregistrering i asfaltproduksjonen leverast, samtidig som asfalten blir levert, seinast to veker etter dette.

Informasjon om kravet: 

Dette kravet kan brukast både som kravspesifikasjon eller kontraktsvilkår, avhengig av resultat frå marknadsdialog. Dersom du veit at marknaden kan levere lågtemperaturasfalt, kan dette brukast som kravspesifikasjon, dersom ikkje er det tilrådd å bruke kravet som kontraktsvilkår slik at leverandørane kan få tak i denne typen asfalt.

Normal produksjonstemperatur for asfalt ligg på mellom 150 og 180 gradar. For kvar gong produksjonstemperaturen blir redusert med 15 gradar, blir utsleppa av bitumenrøyk halverte. Undersøkingar frå Veiteknisk institutt viser at kvaliteten og dekkelevetida til LTA er den same som for varmasfalt.

Reduksjonar i utslepp frå lågtemperatur asfalt:

  • Mellom 30 til 40 prosent reduksjon i CO2-utslepp frå produksjon som følgje av lågare forbruk av brennmedia (diesel/gass).
  • Opp mot 35 prosent reduksjon i SO2-utslepp frå produksjonen.
  • Mellom 10 til 30 prosent reduksjon i CO-utslepp frå produksjonen.
  • Opp mot 60 til 70 prosent reduksjon i NOx-utslepp frå produksjonen.
  • Mellom 25 til 55 prosent reduksjon i støvutslepp frå produksjonen.

I asfaltdekke til høgtrafikkert veg blir polymermodifisert bindemiddel (PMB) nytta, som har eit større CO2e-utslepp enn ordinært bitumen, men asfaltdekket har ei lengre levetid som gjer at klimapåverknaden totalt blir mindre.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Produksjon av asfalt er energikrevjande, og det er også asfaltverk som bruker gass til fyring. Ved å produsere asfalt ved lågare temperaturar trengst det mindre energi, og klimagassutsleppa frå produksjonen blir redusert.

Asfaltarbeidarar er utsett for helseskadeleg asfaltrøyk ved utlegging av asfalt. Bruk av lågtemperaturasfalt (LTA) reduserer dei skadelege røykutsleppa.

Ved å nytte lågtemperaturasfalt (LTA) kan CO2-utslepp under produksjon reduserast med 30 til 40 prosent, samtidig som det gjev opptil 50 prosent reduksjon i asfaltrøyk under utlegging.

Utforming av krav: 

Utslepp frå produksjon og legging av asfalt skal reduserast.

Den maksimale produksjonstemperaturen ved legging av lågtemperaturasfalt skal ikkje overstige 120°C.

Ved bruk av polymermodifiserte bindemiddel, som aukar levetida er produksjonstemperatur opp til 155 °C tillate.

Leverandør kan fråvike temperaturgrensene dersom det kan dokumenterast at heile løysinga totalt sett vil gje lågare klimagassutslepp enn ved å velje produkt ut frå desse krava.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal levere ein teknisk rapport og prosjekteringsplan som viser asfaltblanding og leggjeteknikkar og maks temperaturar som er kravde av desse teknikkane. Tekniske datablad frå produsent med skildring av bindemiddel og asfaltblanding skal vere tilgjengeleg i digitalt strukturert format tilpassa open BIM. 

Som dokumentasjon på at asfalten er produsert med lågtemperatur-teknikk, skal utskrift av temperturlogg frå automatisk temperaturregistrering i asfaltproduksjonen leverast, samtidig som asfalten blir levert, seinast to veker etter dette.

Informasjon om kravet: 

Dette kravet kan brukast både som kravspesifikasjon eller kontraktsvilkår, avhengig av resultat frå marknadsdialog. Dersom du veit at marknaden kan levere lågtemperaturasfalt, kan dette brukast som kravspesifikasjon, dersom ikkje er det tilrådd å bruke kravet som kontraktsvilkår slik at leverandørane kan få tak i denne typen asfalt.

Normal produksjonstemperatur for asfalt ligg på mellom 150 og 180 gradar. For kvar gong produksjonstemperaturen blir redusert med 15 gradar, blir utsleppa av bitumenrøyk halverte. Undersøkingar frå Veiteknisk institutt viser at kvaliteten og dekkelevetida til LTA er den same som for varmasfalt.

Reduksjonar i utslepp frå lågtemperatur asfalt:

  • Mellom 30 til 40 prosent reduksjon i CO2-utslepp frå produksjon som følgje av lågare forbruk av brennmedia (diesel/gass).
  • Opp mot 35 prosent reduksjon i SO2-utslepp frå produksjonen.
  • Mellom 10 til 30 prosent reduksjon i CO-utslepp frå produksjonen.
  • Opp mot 60 til 70 prosent reduksjon i NOx-utslepp frå produksjonen.
  • Mellom 25 til 55 prosent reduksjon i støvutslepp frå produksjonen.

I asfaltdekke til høgtrafikkert veg blir polymermodifisert bindemiddel (PMB) nytta, som har eit større CO2e-utslepp enn ordinært bitumen, men asfaltdekket har ei lengre levetid som gjer at klimapåverknaden totalt blir mindre.

Kriterierelasjoner og konflikter: 

Gjenbruksasfalt

Relatert kriterium

Dette kontraktsvilkåret kan brukast saman med kravet til gjenbruksasfalt.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 24. nov 2020, Sist endra: 28. des 2020