Leverandøren si varetaking av avfallsplan og kjeldesortering i prosjektet

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Avfallshandtering

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Produksjon av byggjemateriale utgjer ein stor del av energi- og klimafotavtrykket i anleggsprosjekt, i tillegg til at materiale er ressursar. 

Ved å lage ein avfallsplan og planleggje tiltak for å sørgje for at materiale blir rett sorterte og behandla, sørgjer ein for at mest mogleg av avfallet går til gjenvinning eller ombruk.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal utarbeide og implementere ein avfallsplan for prosjektet som oppfyller målet byggherren har om kjeldesorteringsgrad. Avfallsplanen skal innehalde alt avfall som er planlagt produsert i entreprisen, oppført med type, mengd og behandlingsmåte. Leverandøren skal ha rutinar for å følgje opp underleverandørane si varetaking av kravet som er på lik linje med krava i teknisk forskrift til plan- og bygningslova.

Informasjon om kravet: 

Det beste for miljøet er at det ikkje blir brukt unødvendige ressursar. God planlegging er derfor viktig for å kaste mindre.

For å redusere avfall frå anleggsplass viser avfallspyramiden (figur 1) rekkjefølgja på kva for tiltak som bør setjast i verk. Dei mest effektive tiltaka er øvst, og som er prioriteringane i EUs rammedirektiv for avfall.

Bilderesultat for avfallspyramiden

Figur 1: Avfallspyramiden viser prioriteringane for å redusere avfall. Les frå topp til botn.

Det er viktig at avfallsentreprenør er kontrahert før prosjektet starta, slik at løysingar er på plass frå første dag. At entreprenøren har ein plan for logistikken omkring kjeldesortering og transport av avfall i dei ulike fasane av prosjektet, er viktig for å lykkast med målsetnaden om høg grad av kjeldesortering. Byggherre bør også etterspørje dette i månadsrapportane og gje tilbakemeldingar ved avvik for å sikre at det blir halde eit kontinuerleg fokus på dette. Det er god økonomi i å redusere mengd avfall og sortere det som måtte oppstå av avfall så langt det er praktisk mogleg.

Avansert

Leverandøren skal også føreslå tiltak for å redusere avfallsmengd.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. nov 2020, Sist endra: 28. des 2020