Leverandøren si varetaking av miljøomsyn i prosjektet og på anleggsplass

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Rigg og drift

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Aktivitetar på anleggsplass kan gje relativt store miljøbelastningar over ein kort periode. Dette kan vere utslepp av blant anna klimagassar, produsert avfall, bruk av kjemikal, påverknad på lokalt økosystem, støv, støy, ressursbruk og anna utslepp til luft, grunn og vatn. Enkelte utslepp kan ha større konsekvensar i byar enn meir landlege område.

Dersom prosjektet har ein ambisjon om å redusere miljøbelastningane frå anleggsperioden, kan det vere fornuftig at leverandørar konkurrerer på dette. Då lèt du leverandørane kome med sine gode løysingar. Dette kan medføre at leverandørane utviklar seg på dette området og finn nye produkt, løysingar eller metode.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal <x> månader etter kontraktsinngåing levere ei oversikt over tiltak som skal setjast i verk på anleggsplassen, med skildring av:

  1. organisering og styring av arbeidet som skal sikre at miljøtiltak blir gjennomført
  2. redusering av klimagassutslepp
  3. minimering av avfall og tilrettelegging for ombruk
  4. vassreinsing og overvasshandtering på anleggsplass

Tiltaka skal implementerast og dokumenterast i heile prosjektperioden.

Dokumentasjon av kravet: 

Som skal leverast <x> månader etter kontraktinngåing:

Ei oversikt over tiltaka som skal setjast i verk på anleggsplassen

Som skal leverast ved overtaking:

  1. dokumentasjon på korleis ansvaret for miljø har vore vareteke, gjennomførte risikovurderingar
  2. dokumentasjon på tiltak som har redusert klimagassutslepp eller klimagassrekneskap for gjennomførte arbeid.
  3. utfylt avfallsplan som viser sorteringsgrad, planlagde og reelle mengder avfall i dei ulike fraksjonane, og i tillegg stadfesting frå renovatør på mottak. Oversikt over materiale som har gått til gjenvinning eller ombruk.
  4. skildring av løysing for vassreinsing og overvasshandtering

Ved manglande oppfylling av dei føreslegne miljøtiltaka kan det setjast i verk sanksjonar i form av ei dagbot som går til forholdet er retta.

Informasjon om kravet: 

For å vurdere reduksjon av utslepp frå anleggsplass for ein entreprise er det viktig at byggherre på førehand har undersøkt, planlagt og tilrettelagt for å optimalisere infrastruktur, til dømes fjernvarme, eller annan energiberar som er planlagd. Det er då behov for dialog med marknaden på førehand, slik at dei er førebudde og kan planleggje å få tilgang til tilgjengeleg teknologi som til dømes elektrisitet, hydrogen etc. Det skal takast omsyn til resultata av dialogen skal i konkurransegrunnlaget, slik at leverandørane kjenner desse føresetnadene. Les meir om kva utsleppsfrie bygg- og anleggsplassar er på DFØ sine temasider.

For å dokumentere avfall, må det rettleiast på korleis dette skal dokumenterast i kontraktoppfølginga, kva er praksis der ute? Rapporterer dei ein gong i veka? I månaden? Ved milepålar? Kva er god rettleiing her? T.d. som avfallssetel, og korleis rapporteringar av det skal gjerast. I kva grad er det mogleg å knyte til fjernvarme, mobile trafostasjonar m.m. Dersom du ikkje kjenner praksis i marknaden din, må du ha dialog med marknaden.

Avansert

  4. vassreinsing og overvasshandtering
  5. minimering av helse og miljøfarlege kjemikal, ref. Miljødirektoratet si prioritetsliste og Reach kandidatliste

Tiltaka skal implementerast og dokumenterast i heile prosjektperioden.

Dokumentasjon av kravet: 

Som skal leverast <x> månader etter kontraktinngåing:

Ei oversikt over tiltaka som skal setjast i verk på anleggsplassen

Som skal leverast ved overtaking:

  1. dokumentasjon på korleis ansvaret for miljø har vore vareteke, gjennomførte risikovurderingar
  2. dokumentasjon på tiltak som har redusert klimagassutslepp eller klimagassrekneskap for gjennomførte arbeid.
  3. utfylt avfallsplan som viser sorteringsgrad, planlagde og reelle mengder avfall i dei ulike fraksjonane, og i tillegg stadfesting frå renovatør på mottak. Oversikt over materiale som har gått til gjenvinning eller ombruk.
  4. skildring av løysing for vassreinsing og overvasshandtering
  5. oversikt over produkt brukt på anleggsplass som inneheld helse- og eller miljøskadelege stoff og i tillegg dokumentasjon på utført substitusjonsvurdering.

Ved manglande oppfylling av dei føreslegne miljøtiltaka kan det setjast i verk sanksjonar i form av ei dagbot som går til forholdet er retta.

Informasjon om kravet: 

For å vurdere reduksjon av utslepp frå anleggsplass for ein entreprise er det viktig at byggherre på førehand har undersøkt, planlagt og tilrettelagt for å optimalisere infrastruktur, til dømes fjernvarme, eller annan energiberar som er planlagd. Det er då behov for dialog med marknaden på førehand, slik at dei er førebudde og kan planleggje å få tilgang til tilgjengeleg teknologi som til dømes elektrisitet, hydrogen etc. Det skal takast omsyn til resultata av dialogen skal i konkurransegrunnlaget, slik at leverandørane kjenner desse føresetnadene. Les meir om kva utsleppsfrie bygg- og anleggsplassar er på DFØ sine temasider.

For å dokumentere avfall, må det rettleiast på korleis dette skal dokumenterast i kontraktoppfølginga, kva er praksis der ute? Rapporterer dei ein gong i veka? I månaden? Ved milepålar? Kva er god rettleiing her? T.d. som avfallssetel, og korleis rapporteringar av det skal gjerast. I kva grad er det mogleg å knyte til fjernvarme, mobile trafostasjonar m.m. Dersom du ikkje kjenner praksis i marknaden din, må du ha dialog med marknaden.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. nov 2020, Sist endra: 28. des 2020