Leveringsemballasje (transportemballasje, pakkekassar, fruktkorger m.m.)

Grupper: 
  • Mat- og drikkeprodukt
Kategori: 
  • Emballasje

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Hovudføremålet er å auke delen emballasje som blir ombrukt eller materialgjenvunne. Å etterspørje leveringsemballasje som kan ombrukast eller materialgjenvinnast vil stimulere til sirkulærøkonomi fordi emballasjen må designast og utformast slik at ombruk eller materialgjenvinning er mogleg.

Utforming av krav: 

Leveringsemballasje (til dømes transportemballasje, pakkekassar, fruktkorger etc) for produktgruppene  som er omfatta av denne avtala skal inngå i eit ombrukssystem. Alternativt skal leveringsemballasjen kunne materialgjenvinnast, og leverandør må sikre at emballasjen faktisk blir gjenvunne.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren blir beden om å stadfeste at emballasjen inngår i eit ombrukssystem eller at han kan bli materialgjenvunne.

Informasjon om kravet: 

Leveringsemballasje er ofte av robust materiale. Til dømes bruker ein ofte store plastkassar som kan ha høgt potensial for ombruk. Ombruk forlengjer livstida til emballasjen, og klimafotavtrykket blir redusert deretter. Kravet føreset ikkje at leveringsemballasjen består av materialgjenvunne materiale, men at emballasjen består av materiale for ombruk eller materialgjenvinning.

Det ligg i sakstypen at det vil variere etter anskaffinga kva for ein type leveringsemballasje som trengst. Leveringsemballasje kjem også i ulike typar materiale. Ombruk vil ikkje i alle tilfelle vere betre enn materialgjenvinning for alle typar emballasje. Kravet er derfor utforma slik at det likestiller ombruk og materialgjenvinning av emballasjen, føresett at leverandøren sikrar at emballasjen faktisk blir materialgjenvunne.

Innsamling og materialgjenvinning av leveringsemballasje vil i praksis vere eit samarbeid mellom oppdragsgjevar og leverandør. Avhengig av materialet emballasjen er laga av, gjenvinningssystemet hos oppdragsgjevar, kven som pakker ut varene etc. Dette er naturlig å diskutere på kontraktsmøte og statusmøter undervegs i kontraktsperioden. I noen tilfelle vil det vere naturlig å gjere oppdragsgjevars system for materialgjenvinning kjend i konkurransegrunnlaget.

Oppdragsgjevar må gjennomføre undersøkingar blant potensielle leverandørar. Dersom det skulle vise seg at ombruk er eit miljømessig betre alternativ for ein eller fleira av leveringsemballasjene, kan oppdragsgjevar lage eit eige kontraktsvilkår med krav om ombruksemballasje for den aktuelle leveringsemballasjen

Oppdragsgjevar må da spesifisere kva emballasje som er omfatta av kravet. Dersom det er ein avtale om levering av frukt, er det relevant å presisere at kravet gjeld fruktkorgene.

Definisjon av emballasje: Med «emballasje» er meint «ethvert produkt og enhver engangsartikkel, som består av materialer av hvilken som helst art, brukt til innpakking, beskyttelse, håndtering, levering fra produsent til bruker og presentasjon av varer, herunder råvarer og ferdigprodukter» jf. avfallsforskrifta §7-3.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 11. mar 2019, Sist endra: 31. Mai 2019