Livssykluskostnadar (LCC)

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Livssykluskostnader (LCC)

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Motiv

Investerings- og driftsbudsjett ser ein ofte ikkje i samanheng. Dersom til dømes budsjettansvaret hjå innkjøpar er delt mellom eit investeringsmiljø og eit driftsmiljø, kan dei to miljøa ofte ha ulike insentiv, t.d. vil investeringsmiljøet ha mål om lågast mogleg investeringskostnad, medan driftsmiljøet ønskjer lågast moglege driftskostnadar. Ei slik motsetning har ofte gitt suboptimale tekniske og økonomiske kvalitetar og løysingar for dei som skal forvalte, drifte og halde ved like løysinga, og dei får ofte høgare utgifter enn dersom dei hadde lagt eit livslaupsperspektiv til grunn.

Anskaffingskostnadane (investeringskostnadane) utgjer ca. 50 prosent av dei samla kostnadane for bygningen gjennom heile levetida. Andre kostnadar er knytt til forvalting, drift og utvikling. Summen utgjer livssykluskostnadar (LCC) over levetida og per år, uttrykt i årskostnadar. Viss du har einsidig fokus på investeringskostnadane og ikkje gjer alternativsvurderingar av livssykluskostnadar, risikerer du å få unødige drifts- og vedlikehaldsutgifter. Utrekning av livssykluskostnadar gir ei oversikt over når i bruksperioden vedlikehald, utskiftingar og kostnadar kjem, slik at du blir kjend med den faktiske kostnaden av prosjektet og lettare kan føreseie framtidige kostnadar.

Argument

Det er ønskjeleg å finne den mest kostnadseffektive balansen mellom forvaltings-, drifts- og utviklings-, investerings- og driftskostnadar. Ved å setje krav til utrekningar av livssykluskostnadar sikrar ein langsiktige avgjerder og rett kvalitet. Dei totale kostnadane knytt til å byggje, forvalte, drifte og halde ved like bygningen vert gjort synleg. Difor krevst det i lova om offentlege anskaffingar at ein vurderer LCC. Bruk av LCC er difor god forvalting av skattebetalarane sine pengar. Denne kravspesifikasjonen gjer det klart korleis du kan bruke LCC som ein del av avgjerdsgrunnlaget i utføringa.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal rekne 2 ulike alternativ basert på livssykluskostnadar etter NS 3454.

Leverandøren skal gjere alternativsvurderingar for: 

  • Design og plassering av bygget
  • Klimaskjerm (tak og fasadeløsning)
  • Energikonsept
  • Drift og renholdskonsept

Ved avslutning av forprosjekt og detaljprosjekt skal det dokumenterast korleis utrekningane har verka inn på avgjerdene som er teke, med desse føresetnadene:

I vurderingar av LCC samanliknar du ulike alternativ av elementa i kravspesifikasjonen når ein tek avgjerder om val. Når de diskuterer fasadeløysing i eit prosjekteringsmøte bør du til dømes vurdere kva konsekvensar ulike fasadeløysingar vil ha for årskostnadane. Det er berre løysingar som er aktuelle for bygget som skal vurderast.

Alle LCC-utrekningar skal samlast i ein rapport som viser føresetnadane for utrekningane, eit referat av kva som vart bestemt og kvifor.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal dokumentere i prosjektet med ein rapport at alternativsvurderingar av pårekna livssykluskostnadar med LCC-utrekningar er gjennomførte for heile bygget etter NS 3454:2013 med desse føresetnadene:

  • Økonomiske levetider er lagt til grunn for LCC-utrekningar.
  • Ein skal gi opp basisår og kalkulasjonsrente for kalkylen
  • Årskostnadar skal ein gi opp per kvadratmeter BRA og per brukar.
  • Avskastningskrav 4 %
  • Utrekningsperiode 60 år
  • Restverdi etter 60 år vert sett til 0
  • Forvaltingskostnadar skal ikkje reknast med
  • Energipris 1 kr/kWh

Det skal dokumenterast kva erfaringstal som er brukt og kva levetidene for de ulike komponentane er basert på.

For alternativsvurderingar skal det gjerast samanlikningar når det er relevant for avgjerder. Desse skal dokumenterast med både gjennomførte utrekningar og referat frå dei aktuelle prosjekteringsmøta.

Informasjon om kravet: 

LCC er alle kostnadar i heile levetida til bygningen slik dei er definerte i NS 3454:2013. Det vil seie anskaffingskostnadar og alle kostnadar til forvalting, drift, vedlikehald, utskifting, utvikling, forsyning, reinhald og restverdi etter bruksfasen. Verdien ved avhending skal trekkast frå, slik at restverdien vert sett til null.

Forslag til indikatorar for å rekne ut årskostnadar per indikator:
Bygningskategori NS 3031 Indikator; kroner per
Kontorbygg årsverk
Barnehage barnehageplass
Skolebygg elev
Sykehjem bebuardøgn
Idrettsbygg brukar og brukstime
Kulturbygg brukar og brukstime

I dei tilfella kor oppdragsgivaren har erfaringstal frå FDVU skal ein gi desse i konkurransegrunnlaget. Viss du ikkje har slike tal, må du hente inn tal, men det er viktig at tala er representative for bygget du skal setje opp. Dersom du ikkje har eigne erfaringstal må du få hjelp til dette frå leverandøren. Det må gjerast før konkurransen, og må gå tydeleg fram av konkurransegrunnlaget.

(Ved behov kan ein tilverke ulike dokument som svarskjema, bakgrunnsdokument, rettleiande materiale eller vedlegg, t.d. Excel-kalkylar for LCC)

Avansert

Leverandøren skal rekne ulike alternativ basert på livssykluskostnadar etter NS 3454:2013.

Leverandøren skal gjere alternativsvurderingar for: 

  • Design og plassering av bygget
  • Klimaskjerm (tak og fasadeløsning)
  • Energikonsept
  • Drift og renholdskonsept

Ved avslutning av forprosjekt og detaljprosjekt skal det dokumenterast korleis utrekningane har verka inn på avgjerdene som er teke, med desse føresetnadene:

I vurderingar av LCC samanliknar du ulike alternativ av elementa i kravspesifikasjonen når ein tek avgjerder om val. Når de diskuterer fasadeløysing i eit prosjekteringsmøte bør du til dømes vurdere kva konsekvensar ulike fasadeløysingar vil ha for årskostnadane. Det er berre løysingar som er aktuelle for bygget som skal vurderast.

Alle LCC-utrekningar skal samlast i ein rapport som viser føresetnadane for utrekningane, eit referat av kva som vart bestemt og kvifor.

I tillegg skal livssykluskostnadane for heile bygningen reknast.

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal dokumentere i prosjektet med ein rapport at alternativsvurderingar av pårekna livssykluskostnadar med LCC-utrekningar er gjennomførte for heile bygget etter NS 3454:2013 med desse føresetnadene:

  • Økonomiske levetider er lagt til grunn for LCC-utrekningar.

  • Ein skal gi opp basisår og kalkulasjonsrente for kalkylen

  • Årskostnadar skal ein gi opp per kvadratmeter BRA og per brukar.

  • Avskastningskrav 4 %

  • Utrekningsperiode 60 år

  • Restverdi etter 60 år vert sett til 0

  • Forvaltingskostnadar skal ikkje reknast med

  • Energipris 1 kr/kWh

Det skal dokumenterast kva erfaringstal som er brukt og kva levetidene for de ulike komponentane er basert på.

For alternativsvurderingar skal det gjerast samanlikningar når det er relevant for avgjerder. Desse skal dokumenterast med både gjennomførte utrekningar og referat frå dei aktuelle prosjekteringsmøta.

Informasjon om kravet: 

LCC er alle kostnadar i heile levetida til bygningen slik dei er definerte i NS 3454:2013. Det vil seie anskaffingskostnadar og alle kostnadar til forvalting, drift, vedlikehald, utskifting, utvikling, forsyning, reinhald og restverdi etter bruksfasen. Verdien ved avhending skal trekkast frå, slik at restverdien vert sett til null.

Forslag til indikatorar for å rekne årskostnadar per indikator:
Bygningskategori NS 3031 Indikator; kroner per
Kontorbygg årsverk
Barnehage barnehageplass
Skolebygg elev
Sykehjem bebuardøgn
Idrettsbygg brukar og brukstime
Kulturbygg brukar og brukstime

I dei tilfella kor oppdragsgivaren har erfaringstal frå FDVU skal ein gi desse i konkurransegrunnlaget. Viss du ikkje har slike tal, må du hente inn tal, men det er viktig at tala er representative for bygget du skal setje opp. Dersom du ikkje har eigne erfaringstal må du få hjelp til dette frå leverandøren. Det må gjerast før konkurransen, og må gå tydeleg fram av konkurransegrunnlaget.

(Ved behov kan ein tilverke ulike dokument som svarskjema, bakgrunnsdokument, rettleiande materiale eller vedlegg, t.d. Excel-kalkylar for LCC)

Kriterierelasjoner og konflikter: 

Miljøkompetanse hjå personell

Relatert kriterium

For å sikre gode LCC- utrekningar kan du ha eit vilkår om at leverandøren skal ha miljøkompetanse.

Miljøkompetanse hos byggeplassledelsen

Relatert kriterium

For å sikre gode LCC-beregninger kan du ha et vilkår om at virksomheten skal ha en viss LCC-kompetanse.

Relaterte lenkjer: 

Støttende dokument/referanser

Du finn ein god del informasjon om LCC i anskaffingar på anskaffelser.no

Publisert: 26. jan 2018, Sist endra: 31. Mai 2019