Livssykluskostnader (LCC)

Grupper: 
  • Personbil
Kategori: 
  • Livssykluskostnader (LCC)

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Tildelingskriterium

Hovudføremål: 

Livssykluskostnadsberekning blir først og fremst brukt i tilbodsevalueringa for å gjere greie for dei faktiske kostnadene som anskaffinga genererer i levetida for køyretøyet.

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å premiere tilbodet med lågaste livssykluskostnader.

 

Utforming av krav: 

Tilbydde køyretøy får poeng etter ein skala frå 0 – 10 der 10 poeng gjevast til tilbodet med det beste tilhøvet mellom kostnad og kvalitet. Vurderinga baserast på følgjande element:

  • Anskaffingskostnad
  • Drifts- og vedlikehaldskostnader
  • Andre kostnader

Dokumentasjon av kravet: 

Tilbodet vurderast på grunnlag av informasjon gjeven opp og berekna i Verktøy for å beregne livssykluskostnader.

 

Informasjon om kravet: 

Livssykluskostnader kan vere til hjelp i behovsanalysen for betre å planleggje innkjøp, samt å gjere ei vurdering av kva eit miljøvenleg alternativ vil koste i høve til et fossildrive køyretøy.

Gunnlaget for berekninga kan gjerast i excel-verktøyet Verktøy for å beregne livssykluskostnader. Rettleiing for å fylle ut berekninga finn du i verktøyet. Innkjøpar kan supplere med nye vurderingsmoment ut frå lokal kunnskap og behov, slik at berekningane blir så reelle mogeleg. 

Vedlegget «støttedokument for totale livssykluskostnader» gjev opp grunnlaget for berekninga og dermed for evalueringa. Innkjøpar kan supplere med nye vurderingsmoment ved behov.

Det er utvikla eit eige hjelpeverktøy som innkjøparar kan bruke for både planlegging – simulering av dei ulike løysingar for innkjøpet -  og evaluere dei ulike tilboda han mottek. 

Husk at krav og kriterier må følges opp. Veiledning finner du på Difis hjemmesider under "Kontraktsoppfølging".

Spydspiss

Krav- og kriterietyper: 
  • Tildelingskriterium

Hovudføremål: 

Livssykluskostnadsberekning blir først og fremst brukt i tilbodsevalueringa for å gjere greie for dei faktiske kostnadene som anskaffinga genererer i levetida for køyretøyet.

Hovudføremålet med miljøkriteriet er å premiere tilbodet med lågaste livssykluskostnader.

Utforming av krav: 

Tilbydde køyretøy får poeng etter ein skala frå 0 – 10 der 10 poeng gjevast til tilbodet med det beste tilhøvet mellom kostnad og kvalitet. Vurderinga baserast på følgjande element (spesifisert i vedlegg):

  • Anskaffingskostnad
  • Drifts- og vedlikehaldskostnader
  • Andre kostnader

Dokumentasjon av kravet: 

Tilbodet vurderast på grunnlag av informasjon gjeven opp og berekna i Verktøy for å beregne livssykluskostnader.

Informasjon om kravet: 

Livssykluskostnader kan vere til hjelp i behovsanalysen for betre å planleggje innkjøp, samt å gjere ei vurdering av kva eit miljøvenleg alternativ vil koste i høve til eit fossildrive køyretøy.

Gunnlaget for berekninga kan gjerast i excel-verktøyet ""Eksempel for beregning av LCC for bil", som du finner nederst på siden Verktøy for å beregne livssykluskostnader.

Rettleiing for å fylle ut berekninga finn du i excel-løysinga. Innkjøpar kan supplere med nye vurderingsmoment ut frå lokal kunnskap og behov, slik at berekningane blir så reelle mogeleg.

Verktøyet kan nyttast for både planlegging – simulering av dei ulike løysingar for innkjøpet og evaluere dei ulike tilboda han mottek. 

Hugs at krav og kriterium må følgjast opp. Rettleiing finn du på heimesidene til Difi under "Kontraktsoppfølging".

 

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 06. mar 2018, Sist endra: 31. Mai 2019