Logistikkplan

Grupper: 
  • Totalentreprise
Kategori: 
  • Rigg og drift
  • Transport

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Logistikkplanen skal redusere miljøbelastning frå anleggsplass ved å optimalisere logistikken og implementere tiltaka i logistikkstrategien.

Utforming av krav: 

Dersom det i prosjekteringa er laga ein logistikkstrategi, skal denne brukast som utgangspunkt for utarbeiding av logistikkplan. Dersom ikkje, skal entreprenør lage og implementere logistikkplan for dei ulike prosjektfasane <X> veker etter kontraktsinngåing. Planen skal minimum dekkje følgjande område:

  • organisering av varelevering og returlogistikk (unngå tomkøyring)
  • rett leveranse til rett tid
  • effektiv organisering av transport av personell til/frå anleggsplass
  • effektiv organisering av logistikk internt på anleggsplass med dagleg riggplan
  • område for venting/omlasting
  • eventuelle lager/mellomlager
  • transportruter inn og ut av området fram til næraste hovudveg
  • risikoreduserande tiltak
  • sjøtrafikk; rutetrafikk, m.m. (dersom relevant)

Dokumentasjon av kravet: 

Logistikkplan

Dokumentasjon på kontroll

Informasjon om kravet: 

Byggherre må gjere ei vurdering av om dette kontraktsvilkåret er aktuelt å bruke ut ifrå storleik på prosjekt, transportavstand og mengder. Dess større prosjekt, dess større er klima- og økonomivinsten. Ved å planleggje samkøyring og leveransar og retur av avfall/utstyr med tanke på bilar/båtar til og frå anlegget kan klimagassutsleppa reduserast.

Døme på ulike typar bruk av HUB:

•             Hub eller felles varemottak på anleggsplass. Ein eigen logistikk¬aktør har ansvar for at varene blir leverte til rett mottakar, slik at leverandørane ikkje treng å bruke tid på å finne rett mottakar inne på anleggsplassen.

•             Hub utanfor anleggsplassen der alle leveransar til anleggsplassen blir samordna/konsoliderte gjennom organisering av felles transport til anleggsplassen.

•             Etablering av hub som samordnar/konsoliderer leveransar til anleggsplassen på tvers av den einskilde anleggsplass/entreprenør. Dette kan særleg vere aktuelt å vurdere for større utbyggingsområde, der det er fleire anleggsprosjekt.

•             Areal/hub for mellomlagring av massar og/eller behandling av massar i nærleiken av anleggsplass.

•             Eigen hub for samling av avfall frå anleggsplassen. I denne huben kan dei ulike avfallsfragmenta sorterast før vidare transport til endeleg deponi/mottakar.

Organisering av leveransar til anleggsplass og retur av avfall kan til ein viss grad samanliknast med organisering av leveransar til og returlogistikk frå kjøpesenter med felles varemottak og en logistikkaktør som har ansvar for heile internlogistikken på kjøpesenteret.

Avansert

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Logistikkplanen skal redusere miljøbelastning frå anleggsplass ved å optimalisere logistikken og implementere tiltaka i logistikkstrategien.

Utforming av krav: 

Leverandøren skal utarbeide og implementere logistikkplan for dei ulike prosjektfasane. Planen skal omfatte alle fasar i prosjektet, all vare, -materiell,- maskin/utstyrs,- og ressursflyt. Planen skal byggje oppunder målet å redusere miljøbelastning frå anleggsarbeid gjennom følgjande område:

  • grensesnitt mot rigg og marksikringsplan (plassering av riggområde)
  • rekkjefølgje av aktivitetar basert på framdriftsplan
  • bruk av logistikk-HUB (terminal/mellomlager) i einskilde fasar av anleggsprosjektet / plassering av maskiner
  • kontroll med alle transportar inn/ut til/frå anleggsplass (eks: bortkøyring/tilkøyring av massar)
  • returlogistikk
  • effektiv organisering av transport av personell til/frå anleggsplass
  • trafikkinformasjon- og styring, til- og avkøyrselsvegar
  • tiltak og plan for å løyse risikomoment i logistikkstrategien

Dokumentasjon av kravet: 

Logistikkplan

Dokumentasjon på kontroll

Informasjon om kravet: 

Byggherre må gjere ei vurdering av om dette kontraktsvilkåret er aktuelt å bruke ut ifrå storleik på prosjekt, transportavstand og mengder. Dess større prosjekt, dess større er klima- og økonomivinsten. Ved å planleggje samkøyring og leveransar og retur av avfall/utstyr med tanke på bilar/båtar til og frå anlegget kan klimagassutsleppa reduserast.

Døme på ulike typar bruk av HUB:

•             Hub eller felles varemottak på anleggsplass. Ein eigen logistikk¬aktør har ansvar for at varene blir leverte til rett mottakar, slik at leverandørane ikkje treng å bruke tid på å finne rett mottakar inne på anleggsplassen.

•             Hub utanfor anleggsplassen der alle leveransar til anleggsplassen blir samordna/konsoliderte gjennom organisering av felles transport til anleggsplassen.

•             Etablering av hub som samordnar/konsoliderer leveransar til anleggsplassen på tvers av den einskilde anleggsplass/entreprenør. Dette kan særleg vere aktuelt å vurdere for større utbyggingsområde, der det er fleire anleggsprosjekt.

•             Areal/hub for mellomlagring av massar og/eller behandling av massar i nærleiken av anleggsplass.

•             Eigen hub for samling av avfall frå anleggsplassen. I denne huben kan dei ulike avfallsfragmenta sorterast før vidare transport til endeleg deponi/mottakar.

Organisering av leveransar til anleggsplass og retur av avfall kan til ein viss grad samanliknast med organisering av leveransar til og returlogistikk frå kjøpesenter med felles varemottak og en logistikkaktør som har ansvar for heile internlogistikken på kjøpesenteret.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. nov 2020, Sist endra: 26. nov 2020