Logistikkstrategi

Grupper: 
  • Prosjektering
Kategori: 
  • Rigg og drift
  • Transport

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Særskilde kontraktsvilkår

Hovudføremål: 

Logistikk skal effektivisere og redusere kostnadene. Styring av logistikk er eit verktøy og hjelpemiddel for å gje betre flyt både på leveranse av varer og materiale, og styring av returlogistikk i anleggsperioden. I sum bidreg dette til å redusere miljøbelastning frå anleggsplass ved å optimalisere logistikken.

Utforming av krav: 

Det skal lagast ein logistikkstrategi som skildrar rutinar for optimalisering av logistikk gjennom heile prosjektperioden.

Logistikkstrategien skal leverast innan <x veker> etter kontraktsinngåing og omfatte følgjande område (vel ut):

  • Material- og vareleveransar til anlegget
  • Returlogistikk
  • Bruk av logistikk-hub (terminal/mellomlager) i prosjektet
  • Organisering av maskiner og utstyr til/frå anlegget
  • Organisering av transport av personell til/frå anlegget
  • Organisering av logistikken internt på anlegget

Dokumentasjon av kravet: 

Strategidokument

Berekning av CO2-reduksjon for tiltaka i strategien

Informasjon om kravet: 

Dette kontraktsvilkåret er særleg aktuelt for større prosjekt eller på anlegg som går over lengre tid. Det er viktig at detaljert planlegging av logistikken blir gjort i prosjekteringsfasen. Rammevilkår slik som tilkomstvegar, trafikkforhold, annan byggjeaktivitet og kontraktstrategiar bør vere avklart før arbeidet med strategien startar. Risikovurdering er ein viktig del av arbeidet og skal inkluderast i logistikkstrategien. Dette kan vere risiko som liten plass, arbeidsforhold på sjø, trafikkavgrensingar, avgrensingar pga. nærliggjande bustader, sjukehus etc. Basisen for logistikkstrategien er byggherre sine ambisjonar og mål for logistikken. Dersom dette ikkje er klart frå start, bør dette definerast i oppstarten av arbeidet med strategien i samarbeid mellom byggherre og prosjekterande.

Modellen under skildrar logistikkstrategien og ulike operative nivå i prosjektet.

Avansert

  • Plan for massedisponering
  • Kontrollrutinar for transport til/frå anlegget (eks. bortkøyring/tilkøyring av massar)
  • Trafikkinformasjon om vêr, føre, kø, rutetrafikk (gods, båtar), etc., og trafikkstyring til fornuftige til- og avkøyrselsvegar/kaier/stasjonar avhengig av trafikkinformasjonen
  • Effektiv lossing og lasting av materiale på anleggsplassen
  • Etablering av logistikk-hub for samling og sortering av avfall frå anleggsplassen

Leverandør skal gjere berekningar som viser korleis strategien skal bidra til reduksjon av klimagassutslepp.

Dokumentasjon av kravet: 

Strategidokument

Berekning av CO2-reduksjon for tiltaka i strategien

Informasjon om kravet: 

Dette kontraktsvilkåret er særleg aktuelt for større prosjekt eller på anlegg som går over lengre tid. Det er viktig at detaljert planlegging av logistikken blir gjort i prosjekteringsfasen. Rammevilkår slik som tilkomstvegar, trafikkforhold, annan byggjeaktivitet og kontraktstrategiar bør vere avklart før arbeidet med strategien startar. Risikovurdering er ein viktig del av arbeidet og skal inkluderast i logistikkstrategien. Dette kan vere risiko som liten plass, arbeidsforhold på sjø, trafikkavgrensingar, avgrensingar pga. nærliggjande bustader, sjukehus etc. Basisen for logistikkstrategien er byggherre sine ambisjonar og mål for logistikken. Dersom dette ikkje er klart frå start, bør dette definerast i oppstarten av arbeidet med strategien i samarbeid mellom byggherre og prosjekterande.

Modellen under skildrar logistikkstrategien og ulike operative nivå i prosjektet.

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 25. nov 2020, Sist endra: 26. nov 2020