Lovkrav om kjemikal og energieffektivitet for nettbrett

Grupper: 
  • Nettbrett
Kategori: 
  • Miljø- og energivenleg design

Basis

Krav- og kriterietyper: 
  • Teknisk spesifikasjon (Kravspesifikasjon)

Hovudføremål: 

Avgrense og/eller eliminere skadelege kjemikal i nettbrett og utstyr som naturleg følgjer med (som kabler) og oppnå energieffektive nettbrett.

 

Utforming av krav: 

Alt IT-utstyr som leverast til oppdragsgjevarskal minimum overhalde følgjande regelverk:

  • Produktforskrifta sitt kapittel 2a (dekkjer RoHS-direktivet: Direktiv 2011/65/EU for avgrensing av bruk av visse stoff i elektriske produkt)
  • Produktforskrifta sitt kapittel 4 i (dekkjer POPs-forordninga: Forordning (EF) Nr. 850/2004 om persistente organiske miljøgiftar)
  • REACH-forskrifta (dekkjer REACH-forordninga: Forordning (EF) Nr. 1907/2006 om registrering, vurdering, autorisasjon og avgrensingar av kjemikal)
  • Økodesignforordning 617/2013 om krav til miljøvenleg utforming av datamaskiner og datatjenere (gjeld nettbrett)

 

Dokumentasjon av kravet: 

Leverandøren skal stadfeste at kravet oppfyllast.

Informasjon om kravet: 

Kjemikal

Kjemiske stoff og tungmetall som inngår i IT-utstyr kan representere ulike farar for miljøet og for folks helse. Kunnskapen om kjemikal og tungmetall er under kontinuerleg utvikling. Mange stoff er forbodne i dag, medan andre stoff vil kunne bli forbodne i framtida. For at desse kjemikalia skal kunne takast ut av eit framtidig krinsløp, er det viktig med ei oversikt over kva kjemikal som inngår i produkta på marknaden. Ved å stille dette kravet synleggjer ein overfor produsentar og leverandørar kva ansvar dei har. Referansen til aktuelle internasjonale lover står i parentes i krava, slik at informasjonen er meir tilgjengeleg for internasjonale produsentar.

Kapittel 2a i Produktforskrifta (dekkjer RoHS-direktivet) set krav til maksimalt innhald av visse stoff i elektriske produkt (EE-produkt). Desse stoffa er lista opp i forskrifta om avgrensing i bruk av helse- og miljøfaglege kjemikal og andre produkt (Produktforskrifta). Kravet gjeld heile EE-produktet med alle dei homogene enkeltdelane det har. Kapittel 2a i Produktforskrifta krev at produsenten skal utarbeide ein samsvarserklæring på norsk eller engelsk som slår fast at produkt som omfattast av kapittel 2a (som m.a. nettbrett) stettar krava til maksimalt innhald av stoffa nemnt over. Samsvarserklæringa skal oppdaterast ved endringar i regelverket eller produktet. Produsenten skal lagre samsvarserklæringa i ti år etter at EE-produktet er brakt i omsetning og stillast til rådvelde for Miljødirektoratet.

Kapittel 4i i Produktforskrifta (dekkjer POPs-forordninga) inneheld villkår om produksjon, omsetning, bruk, utslepp og avfallsbehandling for persistente organiske miljøgifter som omfattast av krava i Stockholmkonvensjonen og Langtransportkonvensjonen.

REACH-forskrifta (dekkjer REACH-forordninga) inneheld det europeiske kjemikalieregelverket, og omfattar reglar om import og bruk av kjemikal på den europeiske marknaden.

  • Vedlegg XVII (avgrensingslista) listar opp stoff som har uakseptabel risiko for menneske og/eller miljø. Desse stoffa er enten heilt eller delvis forbodne å produsere, importere, omsetje og/eller bruke. 
  • Kandidatlista til REACH listar opp stoff som er kandidatar til strengare regulering i framtida. Importørar til EU/EØS og produsentar av faste produkt (som m.a. nettbrett) som inneheld faste stoff på kandidatlista, har meldeplikt til European Chemicals Agency (ECHA). Informasjonsplikta i REACH gjev ein oppdragsgjevar rett til å kunne be leverandøren sin av faste produkt, som inneheld stoff på kandidatlista i REACH i ein konsentrasjon over 0,1 prosent (for kvar enkelt komponent som produktet består av), om å gje opp minimum namna på alle desse stoffa innan 45 dagar frå førespurnaden gjevast.

Energieffektivitet

Avtalen mellom EU og USA om den frivillige internasjonale merkeordninga Energy Star gjekk ut i februar 2018, og det er difor viktig å bruke ein annan dokumentasjon på energieffektivitet. Økodesignforordninga (Forordning 617/2013) stiller krav til maksimalt energiforbruk for nettbrett, og desse krava må bli innfridde for at produkta kan omsetjast lovleg i EU og EØS. Ved hjelp av verdiar som er gjevne opp i vedlegg II i  (Økodesignforordninga, s. 12 - 23), kan ein rekna ut maksimalt tillate årleg energiforbruk (ETEC-verdi) i kWh/år for nettbrett.

ETEC -verdien blir rekna ut ved hjelp av effektforbruket i avslege tilstand, kviletilstand og inaktiv tilstand, og timar i eit år som datamaskina er i den tilstanden. Bruksprofilen varierer mellom typane datamaskiner som er definert i artikkel 2 i Økodesignforordning. 

Kravet er utarbeidd med innspel frå Miljødirektoratet og Norges vassdrags- og energidirektorat.  

Relaterte lenkjer: 

Publisert: 18. sep 2019, Sist endra: 16. okt 2019